Gå til innhold
English A A A
20.11.2012 Nyhet

Demokrati og rettsstatsforelesinga hausten 2012: Politisering av straffesystemet

Innleiararar er professor Jørn Jacobsen og førsteamnuensis Linda Gröning

623-Scott-wwwcompfightcom.jpg

623-Scott-wwwcompfightcom.jpg

Av mange samtidige trekk i utviklinga av strafferettssystemet er politisering eit av dei mest markante. I dette føredraget vil Linda Gröning og Jørn Jacobsen diskutere tematikken gjennom 1) å trekke opp eit historisk bakgrunnsbilete, 2) presentere ein modell for forståing av strafferettssystemet sine ulike delar og for ulike former for politisk innverknad på systemet si utforming og deretter 3) peike på kva område som politiseringa gjer seg gjeldande i dag. I særleg grad vil det verte sett søkelys på diskusjonen om førebuingskriminalisering, offeret si rolle i strafferettsystemet, straffenivådiskusjonen og på media sine skiftande roller i strafferetten. I forlenging av det siste vil Gröning og Jacobsen òg freiste å sjå nærare på grunnane til desse utviklingstrekka - og i kva grad og korleis desse bør verte søkt motverka.

Date: 21 November
Time: 12:00 - 14:00
Bergen Resource Centre for International Development

 

Innleiarane er knytte til prosjektet «Strafferettens funksjonalitetet», https://www.uib.no/prosjekt/srf/om-satsingen/om-prosjektet

Demokrati og rettstat sin nettside : http://www.uib.no/fg/demrett

Sist endret: 20.11.2012