Hjem
Click

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

PHD-PORTRETT

Nordmenn i kinesisk teneste: eit portrettintervju med Olga Medvedeva

Olga Medvedeva er stipendiat ved AHKR knytt til forskingsprosjektet Merchants and Missionaries, og skriv om nordmenn i det kinesiske tollvesenet (1890-1937).

Olga Medvedeva frå Russland vart i november 2011 tilsett som stipendiat ved forskingsprosjektet Merchants and Missionaries: Norwegian encounters with China in a transnational perspective, 1890-1937. Prosjektet har bakgrunn i forskargruppa Internasjonalisering ved AHKR, og er støtta av Noregs forskingsråd med FRIHUM-midlar.


Merchants and Missionaries
vart starta opp våren 2011, og skal sjå nærmare kva som hendte då norske misjonærar og reiarnæringa reiste til Kina på slutten av 1800-talet. Kina var ein ny arena for desse, og kulturmøta som fann stad i Noreg og Kina, er eit hovudfokus i prosjektet.


Olga fokuserer i hovudsak på 300 nordmenn som arbeidde i det kinesiske maritime tollvesenet i denne perioden. Verksemda til dette tollvesenet meiner ho er eit godt utgangspunkt for å studere ei rekkje tema, alt frå migrasjonshistorie til sjøfart og internasjonale forhold.


– Det kinesiske tollvesenet var ein svært unik internasjonal organisasjon som involverte meir enn 20 nasjonalitetar. Organisasjonen baud på monalege fordelar for utlendingar som ynskte seg ein karriere i Aust-Asia, og tenestemenn i tollvesenet hadde gode høve til nettverksbygging. Her kunne dei skaffe seg utanlandske kontaktar i tillegg til særs viktig kunnskap om det kinesiske embetsverket.

Språkrike kjelder

Olga nyttar ei rekkje forskjellige kjelder i arbeidet sitt, alt frå private brev til offisielle dokument. Kjeldene er på fleire språk, men i hovudsak engelsk, norsk, kinesisk og russisk. Nyleg kom ho attende frå eit opphald i Kina, der ho mellom anna fekk høve til å arbeide med kinesiske arkivdokument.


– Språkkunnskapar er viktige fordi dei gjev deg sjansen til å bruke eit breitt spekter av kjelder. Ein er òg i stand til å utvide forskingsområdet sitt og ikkje minst vil ein kunne forstå dei historiske prosessane betre.


Olga studerte historie og kinesisk ved Novosibirsk State University i Sibir, og seinare filosofi. I kinesisk hadde ho ein førelesar, professor Olga P. Frolova, som var fødd og oppvaksen i ein russisk emigrantfamilie i Kina, og som flytta til Sovjetunionen i 23 år gammal i 1954. Faren hennar hadde mellom anna sjølv arbeidd i det kinesiske tollvesenet.


– Det at eg vart kjend med henne, påverka livet mitt og interessa mi for Aust-Asia. Eg drog til Kina som femteårsstudent i 1998 for å arbeide med hovudfaget mitt, og samstundes betre språkkunnskapane mine ved ShenYang Pedagogical Institute. Året etter byrja eg å undervise i kinesisk ved universitet i Novosibirsk medan eg haldt fram forskinga.


– Det er historia om det kulturelle samspelet mellom Kina og resten av verda eg interesserer meg for. Eg har vore over 15 gongar i Kina, som student, omsetjar og konferansedeltakar, og somme tider har eg kombinert det med turisme. No i sommar var eg til dømes ein månad i Kina der eg mellom anna deltok på ein sommarskule om Kina-studiar organisert av universiteta i Harvard, Nanjing og Sydney.


Avhandlinga er planlagd ferdig til november 2014, men Olga ynskjer å halde fram med Kina-studiar sjølv etter det.