Hjem

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Etno-folkloristisk arkiv

Etno-folkloristisk arkiv (EFA) er eit kulturhistorisk forskingsarkiv/tradisjonsarkiv

Etno-folkloristisk arkiv (EFA) er eit kulturhistorisk forskingsarkiv/tradisjonsarkiv ved kulturvitskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Faghistorisk sett vart grunnsteinen for tradisjonsarkiva lagt på 1800-tallet, med innsamlingane av eventyr, balladar og segner. Tradisjonsarkiva kan samanliknast med musea sine samlingar av gjenstandar der samlinga har eit historisk og kulturhistorisk siktemål.

EFA har fleire større samlingar av folkeminne: mellom anna Torleiv Hannas* sine oppskrifter 1896-1929, segner innsamla av skuleborn 1933-35, store samlingar vitsar, gåter og barneleikar frå eldre og nyare tid, nyare intervjumateriale på lydband om barne- og ungdomskultur, moderne folketru og folkemedisin. Samlinga består både i kopi- og originalarkiv, og det finst originalarkiv for både manuskript og lydband. Studentarbeid vert også lagra. Storparten av materialet er frå Vestlandet. Arkivet inneheld også særtrykksamling og tidsskrifter.

Torleiv Hannaas

Torleiv Hannaas (1874-1929) blei fødd den 14. juli 1874 på Hannaas i Hornnes, og var av gammel setesdalsk bondeslekt. I vaksen alder tok han utdanning - lærarprøven, examen artium og embetseksamen. Hannaas fatta tidleg interesse for folkeminne, særleg folkedikting i vid forstand. Han la ned eit stort arbeid i innsamling, men rakk berre å gje ut ein liten del av det, mellom anna "Sogur frå Sætesdal" (1927), ei samling eventyr etter ein av Hannaas sine mest brukte informantar, sogemannen Olav Eivindsson Austad frå Setesdal. Hannaas fekk professorembetet i vestnorske målføre ved Bergens Museum. Der stifta han i 1921 "Folkeminnesamlingi", som han var styrar og vitskapeleg ansvarleg for  til han døydde. 1926-29 var han også formann i Vestlandske Mållag. Ved utbyggjinga av Bergen Museum til Universitetet i Bergen blei Folkeminnesamlinga etter kvart tilhøyrande det som den gong heitte Etno-folkloristisk institutt (i dag: kulturvitskap ved AHKR).

Hannaas-samlinga inneheld eit breidt spekter av folkeminne. Hannaas drog rundt i heile landet og fekk folk til å syngja og fortelja, og noterte på det han hadde for handa.  Han fekk også andre til å samla for seg. Elevar ved lærarskulen på Stord samla i åra 1912-13 segner og barneleikar for Hannaas, i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Ei gåtesamling på kring 10 000 gåter kom mellom anna til etter opprop i aviser og skriv til ungdomskulane. I Hannaas-samlinga finst også det eldste dokumentet i EFA. Det er ein svensk ”Järteckens postilla” frå det 15. hundreåret, funnen på ein gard i Setesdal kring 1845.