OmslagVitenskapogvarmehender.jpg

"Det er ikke slik at de som velger den folkelige sektor, slutter å gå til behandling i den profesjonelle sektor: Mange pendler mellom sektorene."
Val folk gjer seg når dei ser seg rundt etter behandlingar, heng saman med korleis folk ser føre seg sjukdom og helse, den varierande tilliten til om ei behandling fungerer eller ikkje, og om kva dei meiner er årsaka bak sjukdomar. Dette er, ifølgje forfattarane av boka Vitenskap og varme hender – den medisinske markedplassen i Norge fra 1800 til i dag, kulturelt bestemt.
Tilgang, tilbod og etterspurnad
Kulturforskarane Bente Alver og Tove Fjell (AHKR) utforskar saman med historikaren Teemu Ryymin (Rokkansenteret/AHKR) det historiske samspelet mellom vitskapleg og alternativ medisin, og dei ser spesielt på det ein kallar den medisinske marknadsplassen.
Det er mogleg å sjå på helsefeltet som ein marknadsplass med ulike tilbod og etterspurnad etter helsetenester, der ein brukar ser ulike behandlingstilbod og der behandlaren får framheva sin spesialisering og konkurrerer om popularitet. Valfridommen blir, som i alle andre marknadsplassar, faktorar som tilgjenge og kostnadar, og den har i varierande grad vorte regulert av det offentlege. I boka blir helsefeltet delt opp i tre forskjellige sektorar i samsvar med ein kulturell helseomsorgsmodell av Arthur Kleinman:
- sjølvhjelpssektoren (største sektor, der avgjersler om ein sjukdom er alvorleg nok til å oppsøke lege eller ein annan sjukdomsbehandlar)
- profesjonell sektor (vitskapsbasert og autorisert spesialistsektor)
- folkeleg sektor (folkelege behandlarar med helsetilbod utanfor vitskapleg medisin)
Ved å sjå på samspelet mellom desse sektorane håpar forfattarane på opne for nye forståingar av helsesystemet vi har i dag. Det vi i dag kjenner som alternativrørsla får dimed større og litt annleis plass enn det som er vanle. Historikarane har til no, ifølgje forfattarane, vore lite interesserte i folkelege medisinske praksisar og førestillingar når dei har skrive helse- og medisinhistoria. Desse har ofte spelt rolla som opponent eller konkurrent til den ortodokse, vitskaplege medisinen.
Frå kloke folk til kvite frakkar og forbi
"Eldre tradisjonelle forestillinger om at sykdom kom utenfra, som straff fra Gud eller fra overnaturlige makter, dannet seige strukturer i folks bevissthet."
Boka tar føre seg sampelet mellom dei ulike sektorane frå 1800-talet av, då det offentlege helsevesenet var eit marginalt tilbod og då den folkelege sektoren med sine mange "kloke folk" var større enn den profesjonelle. Tid og kontekst var annleis, og det å gjere eit skilje mellom det "rasjonelle" og det "irrasjonelle" i folkemedisinen er ikkje spesielt nyttig, skriv forfattarane, og viser kva stilling magi hadde på 1800-talet som døme:
"Den eldre tids kloke bygde sin sykdomsbehandling på generasjoners erfaring, men det var en erfaring som ble brukt innenfor et tankeunivers der tro på magi stod sterkt. Noe av det som kjennetegner en eldre tids magiske tenkemåte, er forestillinger om andre årsakssammenhenger enn våre og assosiasjoner om at likt skaper likt og at berøring kan overføre 'kraft'."
Perioden frå 1800 og fram til i dag er delt inn i fire periodar i boka:
- 1800-1900, då mangfaldet var tydlege på den medisinske marknadsplassen
- 1900-1945, då den vitskaplege medisinen vann fram og fekk større tilslutning
- 1945-1970, då den profesjonelle sektoren dominerte
- 1970-2010, då den profesjonelle sektoren ekspanderte samstundes som folkelege sektoren fekk delar tilboda sine anerkjende som legitime av helsevesenet
--
Boka er tidleg omtala i På Høyden: "Ein medisinsk marknadsplass", og forfattarane har sjølv ein kronikk om boka i Bergens Tidende: "Den medisinske markedsplassen".







