Hjem

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

PODCAST

Udanna formidling

Stipendiat Knut Melvær (AHKR) har starta opp ein akademisk podcast, (u)dannet, som tar føre seg tema som «folk burde vite litt om» og der unge forskarar får prate om feltet sitt i ein uformell samanheng.

Podcast_Udannet.png

To menn i samtale
Pål Berg Svenungsen (t.v.) var gjest i andre episode av podcasten (u)dannet, og prata om krosstog og pilegrimar.
Foto:
Magnus Halsnes

– Det er ikkje sjeldan eg hamnar i ein eller annan samtale som er viktig, og kanskje intellektuell, der eg er med på samtalen utan å ha peiling, og der eg er livredd for at skal bli avslørt, innleier Knut Melvær med i den aller første episoden av podcasten (u)dannet.

I byrjinga av mai starta Melvær det som skal vere ein regelmessig akademisk podcast. Podcasten baserer seg på ideen om at alle finn seg sjølv i samtalesituasjonar der ein burde ha peiling på samtaleemnet, men ikkje har det. Melvær har eit håp om at podcasten hans skal bøte på dette ved å ta for seg tema som «folk burde vite litt om», og kvar podcastepisode er ein lengre samtale eller intervju med kunnskapsrik gjest.

– Målet mitt er å få gjestane til å formidle det dei tykkjer er viktig, interessant og essensielt med temaet eg ber dei snakke om. Eg prøver å stille det ein kan kalle dumme spørsmål sidan desse ofte krev djuptgåande svar, men òg fordi eg sjølv ikkje sit med særskilt inngåande kunnskapar om temaet. Forklaring av fagterminologi og vanskelege idear er òg ein del av samtalen fordi eg trur at det å gjere teoriar, tankar og idear tilgjengelege for andre enn berre seg sjølv og sitt næraste fagfelleskap, er ein heilt naturleg del av det å vere akademisk.

Fokus på unge forskarar

Podcastprosjektet er framleis i startgropa og dei første gjestane er difor forskarar, kollegaar og andre som Melvær allereie kjenner. Etter kvart er planen å ha med andre frå universitetsmiljøet, men hovudfokuset kjem til å vere unge forskarar og ph.d.-kandidatar. Melvær arbeider sjølv som stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen, noko han ser på som positivt.


– Ein av fordelane med å jobbe på universitetet er at du har tilnærma uavgrensa tilgang på «folk-med-peiling». Eg trur ikkje det fins mange podcastar på norsk som gjev, kanskje særskilt unge, forskarar høve til å prate om feltet sitt i ein uformell samanheng. Det var nettopp det at eg ikkje fann noko tilsvarande sjølv, som er grunnen til at eg har starta dette. Eg lagar først og fremst ein podcast som eg sjølv kunne tenkt å høyre på.


– Alle som er innanfor universitetsmiljøet, og som likar podcastformatet, kan ha glede av (u)dannet, men fleire av dei planlagde episodane burde ha ein breiare appell òg.

Rom for faglege nisje-produkt

– Det har vore mykje snakk om digitalisering og forskingsformidling ved universitetet i Bergen, og eg meiner at (u)dannet her dekker eit hol i universitetet si formidlingsverd. Det er ikkje nok å berre snakke om det, ein er faktisk nøydd til å setje i gang og faktisk gjere noko med det. På den måten har eg eit håp om at (u)dannet kan vere eit lite håp for podcastframtida til UiB. 


Til no har det vore to episodar av (u)dannet, der Melvær har vore i samtale med stipendiat Pål Berg Svenungsen ved AHKR om krosstog, og Reier Møll Schoder om Den arabisk halvøya.