Hjem
Click

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Nyhet

Vann pris på verdskongressen i historie

Olga Medvedeva, stipendiat i historie, fekk pris for beste poster.

olga.png

Stipendiat framfor prisvinnande poster
Olga Medvedeva med posteren no fekk pris for under verdskongressen i historie i Kina.
Foto:
privat

Olga Medvedeva, stipendiat på NFR-prosjektet Merchants and Missionaries: Norwegian Encounters with China in a transnational perspective, 1890–1937 vann nyleg pris for beste poster på verdskongressen i historie.

Posteren var basert på avhandlingsprosjektet hennar, Connections and Mobility in transnational perspective: prosopographical study on Norwegians in China’s customs service in the late 19th – early 20th centuries.

Verdskongressen i historie blir arrangert kvart femte år, og i år vart kongressen arrangert i Jinan, Kina, og hadde over 2700 deltakarar. Arrangøren er den største organisasjonen i verda av og for historikarar, International Committee of Historical Sciences (ICHS), som vart grunnlagt i 1926.

ICHS har lagt særleg vekt på å oppmuntre yngre historikarar til å presentere forskinga si. I år vart det difor introdusert ein eigen postersesjon for yngre talentfulle forskarar, der ein konkurrerte om 100 ledige plassar. Seks av desse fekk pris som vart delt ut på sluttseremonien. Prisvinnarane fekk heider og ære saman med diplom og 5000 CNY, som tilsvarar om lag 6600 kroner.

I tillegg til Medvedeva, vann Torsten Weber (German Institute for Japanese Studies, Tokyo), Yu Yusen (Heidelberg University), Concepcion Lagos (University of Asia and the Pacific, the Philippines), Liu Shanshan (Tsinghua University) og Shen Lingyin (University of Toronto) òg prisar for sine posterar.

Medvedeva vart i etterkant av kongressen tildelt eit Nordic Supra Scholarship ved Nordic Institute for Asian Studies i København.

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) gratulerer Medvedeva med prisen!