Det arkeologiske Afrika i Southampton
AHKR stilte med ein stor delegasjon på forskarkonferansen for afrikansk arkeologi ved Universitetet i Southampton i byrjinga av november.
Konferansen African Archaeological Research Days (AARD) vert arrangert kvart år, men kvar gong på forskjellige institusjonar som har eit fagmiljø for afrikansk arkeologi. Sjølv om konferansen i hovudsak er for arkeologi, er andre relaterte fagmiljø representerte og velkomne. I år var til dømes biologisk antropologi, der mellom anna skjelettfunn spelar ei stor rolle, representert gjennom Robert Foley, ein kjend forskar innanfor sitt felt.
Stor og variert delegasjon frå Bergen
Det var heile fem deltakarar frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap – Randi Håland, Gedef Firew, Maurice Mugabowagahunde, Henriette Hafsaas Tsakos og Alexandros Tsakos (som har ei prosjektstilling knytt til Sean O’Fahey sitt arkiv). Turen ned var ifølgje Håland svært vellukka.
– Bergensmiljøet markerte seg bra, og det var spesielt lagt merke til at vi stilte med so mange deltakararar, fortel Håland.
Alle fem heldt kvart sitt føredrag, og det med stor variasjon i tema og geografi: Mugabowagahunde om korleis etnografisk og arkeologisk materiale kan vere ein del av ein drikkekultur i Sudan, Rwanda og Uganda; Firew om eit innsyn i førhistorisk utveksling kring Tanasjøen i Etiopia; Håland om kulturkonsekvensar av spreiing av afrikansk hirse i Nepal, og Tsakos om lese- og skrivedugleik på to øyer i Nilen i den kristne mellomalderen. Hafsaas Tsakos heldt føredrag om Nilen, Sudan og demningsbygging, noko som føregår i samtida. Dette føredraget tok opp eit tema som rørte ved mange og skapte mest diskusjon under konferansen.
I år var det fleire unge enn etablerte forskarar ved konferansen, og mange av desse var ph.d.-kandidatar. Til saman var det over hundre deltakarar i år, litt mindre enn i fjor, men det er ganske passe for ein konferanse ifølgje Håland.
– Det er enklare å få kontakt med dei forskjellige fagmiljøa og forskarane enn under folkerike konferanse med mange hundre personar.
To frå delegasjonen fekk òg høve til å besøke viktige institusjonar i London. Stipendiatane Firew og Mugabowagahunde fekk mellom anna omvising på University College London (UCL) og besøkte British Museum, der dei fekk høve til å sjå på materiale som var relevante for ph.d.-prosjekta deira.
Nyttig trass vanskar med visum
Det å reise på konferanse til Storbritannia viste seg å vere vanskeleg for dei to afrikanarane. Visum til Storbritannia var komplisert å skaffe og båe måtte mellom anna heilt til den britiske ambassaden i Stockholm for å ordne det.
– Sjølv om dei brukte mykje tid på å kome seg over Nordsjøen, so var det verdt det. Utbytet var stort når dei først kom til Storbritannia. Dei møtte, som dei fleste ph.d.-kandidatar, fagfeller under konferansen og fekk dimed eit nettverk ein kan bygge vidare på, i tillegg til tilbakemeldingar på dei respektive prosjekta sine, fortel Håland.
Det at Firew og Mugabowagahunde var frå høvesvis Etiopia og Rwanda, vart godt lagt merke til under konferansen. Trass i at det var ein konferanse for afrikansk arkeologi var det svært få afrikanske deltakarar, noko som òg vart påpeika.
African Archaeological Research Days (AARD) vart starta for 15 år sidan av unge forskarar frå Cambridge, Oxford, UCL og Manchester. I fjor vart konferansen heldt ved UCL, medan den til neste år, i 2013, skal haldast ved University of East Anglia.
Konferansedeltakarar. Frå venstre Maurice Mugabowagahunde, Robert Foley (Cambridge), Gedef Firew, Mathew Davies (British Institute Nairobi), Randi Håland, Henriette Hafsaas Tsakos, Alexandros Tsakos, Michael Rowland (UCL, London).
Sist endret: 30.11.2012
Nyheter fra Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
- Det arkeologiske Afrika i Southampton (29.11.2012)
- SAMKUL-tildelinger til AHKR (27.11.2012)
- Bokens folk - jødane si historie i Noreg (26.11.2012)
- Nytt nyheitsbrev for religionsvitskap (20.11.2012)
- Nye ph.d.-kandidatar ved AHKR 2012 (14.11.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Frokostforum: Somalia - Nytt håp? (20.11.2012)
- Breakfast forum: Somalia - new hope? (20.11.2012)
- Resiliens gjennom deltagelse: Hva kan vi lære fra barn påvirket av HIV i Afrika? (08.11.2012)
- Litterær salong: Nilen - Historiens elv (01.11.2012)
- Literary saloon: The Nile - History's River (01.11.2012)