Nye ph.d.-kandidatar ved AHKR 2012
I løpet av 2012 har det kome fleire nye stipendiatar og ph.d.-kandidatar ved AHKR. Her er dei.
I løpet av sumaren og hausten 2012 har det kome fleire nye stipendiatar og ph.d.-kandidatar ved AHKR. Seks av desse i opne stillingar, ein i øyremerkt stipend «globale studiar», ein på prosjektet om meteorologien si historie i Noreg, ein frå universitetsmuseet og ein gjennom universitetet si kvoteordning.
Henriette Hop er arkeolog og skal skrive om asbestkeramikk frå bronsealderen (1800–500 f. Kr). Ho skal sjå nærmare på korleis materiell kultur blir tatt opp og attskapt i ein lokal kontekst og undersøke korleis dette kan spegle nettverk og samfunnshøve i forhistorisk tid. Henriette har master i arkeologi ved AHKR frå 2011. Hovudrettleiaren til Henriette er Nils Anfinset.
Peter Forrás er kulturvitar og skal skrive om kulturminna til industrisamfunnet. Han skal sjå på dei kulturelle føresetnadane for korleis vi i vår tid erfarer industri som noko som høyrer fortida til og til slutt å skildre og forstå den ein kan kalle «det industrielle blikket» i ein etterindustriell kulturell kontekst. Peter har cand.philol. i filosofi ved UiB frå 2003. Hovudrettleiaren til Peter er Hans-Jakob Ågotnes.
Knut Aukland er religionsvitar og skal skrive om religion og turisme ved pilegrimsdestinasjonar i India. Han skal fokusere på ei «turistifisering» av religion og religiøse bygg i samspel med ny teknologi, som til dømes ein glasheis som tar ein gjennom ulike lag av kosmos til nirvana, og vidare problemstillingar kring organisering og konsumering av religion i samtida vår. Knut har master i religionshistorie ved universitetet i Oslo frå 2010 og master i orientalske studiar ved universitetet i Oxford frå 2012. Hovudrettleiaren til Knut er Michael Stausberg.
Margrethe Løøv er religionsvitar og skal skrive om forholdet mellom ideologi og interaksjon i New Age-rørsla. Ho skal mellom anna gjennomføre ei intervjuundersøking av ulike aktørar i det alternative nettverket i Noreg. Margrethe har master i religionshistorie ved Universitetet i Oslo frå 2010. Hovudrettleiaren til Margrethe er Lisbeth Mikaelsson
Eyvind Urkedal York er historikar og skal skrive om politiske aksjonar i Noreg i perioden 1750–1850, med fokus på utviklinga og endringa av aksjonsformene og krava frå allmugen i denne perioden. Eyvind har master i historie ved AHKR frå 2010. Hovudrettleiaren til Eyvind er Ståle Dyrvik.
Magnus Dølerud er historikar og skriv om forskjellige former for sivil motstand mot borgarkrigen i Libanon 1975–1990. Målet er presentere ei samanhengande framstilling av desse formene for aktivisme, i hovudsak sett på som sosiale rørsler, for å undersøke kva som dreiv dei og kva rolle dei spelte. Magnus har ein master i historie ved AHKR frå 2011. Hovudrettleiaren til Magnus er Knut S. Vikør.
Maurice Mugabowagahunde er arkeolog og skal skrive om etnografisk og arkeologisk materiale som ein kan sjå på som ein del av ein drikkekultur. Fokuset er på korleis etnoarkeologiske undersøkingar kan bli brukt til å tolke arkeologisk materiale frå forskjellige afrikanske regionar og kontekstar. Maurice har master i arkeologi ved AHKR frå 2011 og er tatt opp som ph.d.-kandidat gjennom universitetet si kvoteordning. Hovudrettleiaren til Maurice er Randi Håland.
Thorleif Aass Kristiansen er historikar og skriv om innføringa av numerisk meteorologi til Norge. Thorleif er stipendiat i prosjektet Meteorologien si historie i Noreg. Han skal mellom anna sjå nærmare på korleis denne kunnskapen spreidde seg til Noreg og kva konsekvensar teknologien fekk for det eksisterande vêrmeldingsapparatet. Thorleif har master i idéhistorie ved universitetet i Oslo frå 2011. Hovudrettleiaren hans er Astri Andresen.
Kathrine Stene er arkeolog og skriv om utnytting av ressursar i fjell- og skogområde. Ho skal mellom anna sjå på samfunnsendringar i jarn- og mellomaldersett i lys av beite for husdyr og seterbruk i utmarksområde på Vestlandet og Austlandet. Kathrine har hovudfag i arkeologi frå universitetet i Oslo frå 1998 og master i arkeologi ved universitetet i Cambridge frå 2010. Ho er tatt opp som ph.d.-kandidat ved AHKR og er tilsett ved universitetsmuseet i Bergen, dei kulturhistoriske samlingane. Hovudrettleiaren til Kathrine er Svein Indrelid.
Kjetil Loftsgarden er arkeolog og byrjar januar 2013. Hovudrettleiaren til Kjetil er Randi Barndon.
Det vil òg kome ein stipendiat i arkeologi i samband med prosjektet TRACSYMBOLS.
Frå venstre: Magnus Dølerud, Margrethe Løøv, Peter Forrás, Eyvind York og Maurice Mugabowagahunde. Ikkje til stades: Henriette Hop, Knut Aukland, Kathrine Stene og Thorleif Kristiansen. Foto: Magnus Halsnes
Sist endret: 16.11.2012
Nyheter fra Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
- Det arkeologiske Afrika i Southampton (29.11.2012)
- SAMKUL-tildelinger til AHKR (27.11.2012)
- Bokens folk - jødane si historie i Noreg (26.11.2012)
- Nytt nyheitsbrev for religionsvitskap (20.11.2012)
- Nye ph.d.-kandidatar ved AHKR 2012 (14.11.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Fortsatt plassar på rettleiarseminar (08.10.2012)
- Food and Fury (04.10.2012)
- PhD at Department of Earth Science (01.10.2012)
- Ny doktorgradsrekord (24.08.2012)
- Fullt hus med nye forskarar ved IF (22.08.2012)
- Phd
- Forskerutdanning