Gå til innhold
English A A A
20.11.2012 Nyhet

Nytt nyheitsbrev for religionsvitskap

Religionsvitskap har nyleg lansert Communitas, eit heilt nytt nyheitsbrev for alumni, og første nummer er allereie ute.

Aller fyrste utgåve av Communitas

Aller fyrste utgåva av Communitas

Det var fleire alumni frå religionsvitskap som meldte frå om at dei ynskte seg oppdateringar frå fagmiljøet i Bergen. No annonserer fagmiljøet at religionsvitskap har fått eit eige nyheitsbrev for alumni, Communitas, som har ein ambisjon om å kome ut to gongar i semesteret.

I det første nummeret kan ein mellom anna lese som kva som har hendt på religionsvitskap her i Bergen i haust, i tillegg til eit lengre intervju med stipendiaten Knut Aukland og masterstudenten Siri Margrete Kleppe. Kontakt mellom fagmiljø, og då spesielt mellom fagmiljø for religionsvitskap og religionshistorie i Noreg, er ein gjengangar i dette nummeret.

Ein finn òg informasjon om nye publikasjonar og kommande relevante seminar, konferansar og disputasar.

Communitas er skrive av alumna Jane Skjoldli, og neste nummer kjem allereie i desember. Dersom ein ynskjer å halde følgje med fagmiljøet, og samstundes skaffe seg siste nummer av Communitas, kan ein registrere seg på UiB sin alumnusportal og bli med i religionsvitskap si gruppe der.

Sist endret: 20.11.2012

Nyheter fra Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Nyhetsarkiv

Last ned filer