Bokens folk - jødane si historie i Noreg
I dag opna utstillinga «Bokens folk – Jødisk-skandinavisk skriftkultur 1742-1842-1942», nøyaktig sytti år etter jødedeportasjonane frå Noreg.
Utstillinga om bokens folk fokuserer spesielt på tre årstal og hundreår: 1742 om opplysingstida og Ludvig Holberg sine skrifter, 1842 om Henrik Wergeland og kampanjen mot jødeparagrafen og 1942 om antisemittisme, deportasjon og folkemord.
Under opninga vart alle ynskte velkomne før ein fekk ei omvising i utstillinga av Torgeir Skorgen, som står bak det heile. Han gjekk gjennom dei forskjellige periodane og greia ut fordomar og idear ein hadde om jødane før, i tillegg til dei forskjellige bileta, bøkene og publikasjonane som var på utstilling, mellom anna Ludvig Holberg si bok om historia til jødane og kva syn han hadde på dei. Medan Skorgen tok føre seg 1742 og 1842, gjekk Christhard Hoffmann gjennom perioden opp til 1942.
For nøyaktig sytti år sidan, den 26. november 1942, vart 532 norske jødar deportert frå Oslo til Auschwitz. Desse utgjorde størsteparten av dei i alt 771 norske jødane som vart deportert under andre verdskrig. Det var berre 34 som kom attende. Ingen av dei 23 jødane frå Bergen og Hordaland overlevde.
I tillegg til Holberg sine verk inneheldt utstillinga òg alt frå Henrik Wergeland sine bøker til propagandaleiaren i Nasjonal Samling, Halldis Neegaard Østbye, sine antisemittiske bøker og pamflettar. Eit brev sistnemnde skreiv til Vidkun Quisling datert 7. oktober 1942 er tilgjengeleg i sin heilskap. Hoffmann viste elles til to hovudfagsoppgåver om jødisk historie i Noreg og Bergen, båe frå UiB og av Bjarte Bruland og Per Kristian Sebak, som òg er med i utstillinga.
Griegakademiet baud på musikalske innslag og det vart spelt nokre kjende jødiske folketonar og opninga vart avslutta med kjenningsmelodien til filmen Schindlers liste.
Utstillinga varer heilt til mars 2013 og det er tilgjengeleg ein grundig og utdjupande utstillingskatalog for dei som ynskjer å vite meir. I På Høyden i dag kan du lese meir om utstillinga og det som er stilt ut.
Torgeir Skorgen fortel om utstillinga Foto: Magnus Halsnes
Sist endret: 26.11.2012
Nyheter fra Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
- Det arkeologiske Afrika i Southampton (29.11.2012)
- SAMKUL-tildelinger til AHKR (27.11.2012)
- Bokens folk - jødane si historie i Noreg (26.11.2012)
- Nytt nyheitsbrev for religionsvitskap (20.11.2012)
- Nye ph.d.-kandidatar ved AHKR 2012 (14.11.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Øst møter vest (16.11.2012)
- Litterær salong: Nilen - Historiens elv (01.11.2012)
- Food and Fury (04.10.2012)
- Mellom bønder og embetsmenn i Vågå (25.09.2012)
- Mangfald og utvikling (24.09.2012)