Gå til innhold
English A A A

Hva er historie?


"Kollasj og foto (Kheops, Acropolis, 17. maj, Sverd i fjell Hafrsfjord): J.C Meyer. Moske i Samarkand, Annette Alstadsætter"

"Kollasj og foto (Kheops, Acropolis, 17. maj, Sverd i fjell Hafrsfjord): J.C Meyer. Moske i Samarkand, Annette Alstadsætter"

 

Historie er faget om fortida til menneska: Om samhandling og konflikt i menneskelege samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt og globalt. Faget handlar om kulturell og sosial, politisk og økonomisk utvikling, og om kva kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder har å seia for samfunnsutviklinga. Føremålet med historiestudiet er å fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnet, både i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid.

Historie skal gi innsikt i utviklinga av faget og auka forståinga av at ikkje berre dei menneskelege samfunna har endra seg, men også historievitskapen. I tillegg vil studiet gi innsikt i korleis ulike metodiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida. Historiestudiet inneheld både oversikts- og fordjuping, slik at studentane kan kombinera innsikt i dei store linjene i historia med nærstudium av spesielle felt.

Historie opnar for arbeid i skuleverket, kultursektoren, ulike media, i tillegg til offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Kong Bele, Balestrand

Kong Bele, Balestrand. Foto: J.C. Meyer Foto: J.C. Meyer

Sist endret: 18.11.2011