Gå til innhold
English A A A

Midtøstenseminar


Kontaktperson: Professor Knut S. Vikør

Midtaustenseminaret skal samle masterstudentar som ønskjer å skrive masteroppgåve om eit tema knytta til Midtausten og den muslimske verda. Geografisk dekker dette området frå Marokko i vest til Iran i aust, frå Tyrkia i nord til det muslimske Afrika og Indiahavet i sør.

Innanfor dette området vil det vere mogeleg å arbeide med politisk, økonomisk og sosial historie, eller islamsk historie allmennt. Kva tema det kan skrivas oppgåve om vil vere avgrensa av kva rettleiarane er kompetente til å rettleie i, kva som fins av tilgjengeleg litteratur og kjelder, og kva den enkelte student har av språklege kvalifikasjonar. Studentane kan velge oppgåver frå moderne eller tidligare historie, men kjeldesituasjonen gjer at moderne historie ofte er mest relevant som oppgåvetema. Mange studentar reiser på kortare felt- eller innsamlingsreiser til Midtausten, men det er ikkje krav om dette.

Ved instituttet er det særlig rettleiingskompetanse på Sudans historie frå 1800 og fram til i dag, på den austafrikanske kysten og kontaktane over Indiahavet til sør-Arabia; og på islamske lovstudiar i eldre og nyare tid. Vi samarbeider i internasjonale prosjekt rundt alle desse emna, men også rundt Levantens historie, islam i Afrika, misjonshistorie, og anna. Studentar blir særlig oppmoda om å skrive oppgåver innanfor desse områda som det blir forska på ved UiB, men det er også mulig å skrive om andre emner i nyare eller eldre tid, når det er tilstrekkelig kjeldemateriale på tilgjengelige språk for det. Seminaret har kvart år eit hovudtema, som det blir gitt undervisning i. Studentane kan velge oppgåver innanfor eller utanfor dette temaet.

 

Sist endret: 25.3.2011