Gå til innhold
English A A A

På tvers av grenser. Internasjonaliserings- og globaliseringsprosessar etter 1945



Kontaktperson: Harm Schröter

Eit karakteristisk trekk ved tida etter 1945 er at globalisering og internasjonalisering har skote fart. Denne utviklinga på tvers av nasjonale grenser heng saman med vitskaplege, teknologiske, økonomiske og politiske prosessar, og påverkar alle aspekt ved den menneskelege eksistensen. Utviklinga har også ført til store endringar i tilhøvet mellom statar og til etablering av internasjonale og til dels overnasjonale institusjonar. Seminaret vil leggja grunnlag for å studera denne prosessen gjennom fire ulike tema:

Transnasjonale økonomiske relasjonar

Få meta-omgrep dominerer samfunnsbiletet i dag på same måte som "globalisering" og "internasjonalisering". Globale og transnasjonale økonomiske nettverk er imidlertid ikkje nye fenomen. Kommunikasjon og handel har gjennom historien ofte lagt grunnlag for utvikling av andre nettverk av politisk, sosial og kulturell karakter. For Norge sin del har dei tradisjonelle eksportnæringane og skipsfarten spela ei framtredande rolle i etableringa av slike nettverk. Det historiske kjeldematerialet for desse næringane er rikhaldig, og gjer det mulig å sjå Norge sin plass i verdsøkonomien i eit lengre perspektiv.
Masterprosjekt kan fokusere på prosessar eller fenomen innan økonomisk historie frå 1850 og fram til vår tid, gjerne med vekt på utviklinga av transnasjonale forbindelsar.

Etablering og utvikling av internasjonale institusjonar som IAEA og EU

Eit viktig trekk ved globaliseringsprosessen har vore utvikling av ulike regime for å regulera statars åtferd. Eit slikt regime er ikkje-spreiingsregimet for atomvåpen. Bærebjelken i dette regimet er ikkje-spreiingstraktaten (NPT), medan Det internas¬jonale atomenergibyrået i Wien (IAEA) har ein heilt sentral rolle i regimet som kontrollorgan. Masterstudentar vil kunna skriva oppgåver om utviklinga av regimet eller eventuelt om IAEAs rolle, spesielt etter 1991. I ein europeisk kontekst står den historiske prosessen som førte fram til EU i ei særstilling. Studentar vil også kunna skriva oppgåve om dette emnet. Forland tar ikkje opp nye studentar dette semesteret.

Migrasjon og utviklinga av flerekulturalisme

I mange europeiske land har migrasjon ført til ei synleg endring i befolknings¬samansetninga. Innvandring av fremmendkulturelle arbeids-migrantar og flyktningar har utfordra nasjonale tradisjonar og identitetar og har ført til utvikling av eit kulturelt meir pluralistisk samfunn. Korleis har dei enkelte europeiske landa møtt desse utfordringane? Kva slags modellar er tatt i bruk for å integrera og kulturelt tilpasse (akkulturera) migrantane, og i kva grad og på kva måte har migrantane utvikla eigne (nasjonale og transnasjonale) identitetar? Kva rolle har innvandrar¬miljø spelt i internasjonaliseringsprosessen (økonomisk, kulturelt, politisk)? Masterprosjekt kan fokusera på immigrasjons- og integreringspolitikk eller på identitetsutvikling blant immigrantane og/eller blant fleirtalssamfunnet i somme europeiske land.

Konkurranse: opprinnelig verdi eller instrument?

Det er samanheng mellom økonomisk og kulturell/verdimessig utvikling. Skilnadane og utviklinga syner seg særleg godt i endra oppfatting av konkurranse. Kor mykje samarbeid og kor mykje konkurranse er best for økonomien og samfunnet? Svara varierer med tid og stad: Norske styresmakter svarte i 1945 heilt annleis enn i dag. Europeiske tankemønster om samarbeid var i strid med amerikanske tankemønster som var retta mot konkurranse. Etterkrigstida sine tilrådingar er forbodne i dag. Endingsprosessen av god og vond er interessant, og kjem til uttrykk gjennom de-regulering og privatisering, tilpassingsprosessar i kartellvesen, representasjon av arbeidstakarar i bedriftsleiinga, rollen av organisert arbeid i samfunn, og ikkje minst gjennom globalisering. Alle spørsmåla kan stillast på norsk, skandinavisk og europeisk nivå for å finne kvifor aktørar i dag forsvarer kva våre foreldre har kjempa imot: trenden mot enno meir konkurranse. Eg har fleire forslag til definerte masteroppgåver som kan gjennomførast på normert tid.

Sist endret: 4.2.2009