Gå til innhold
English A A A

Tidlig moderne tid


Kontaktperson: Professor Ståle Dyrvik

Perioden tidleg moderne tid, 1500-1800, spenner frå store oppdagingar og kolonisering, reformasjon og statsbygging, folkevekst og nye næringar, til sterke einevaldsregime, verdshandel og sosial polarisering, og vidare til opplysnings- og revolusjonstid med begynnande liberalisering, demokratiutvikling og allmenne menneskerettar.


Alle som vil henta emne til masteroppgåva i denne perioden, er velkomne til seminaret. Seminaret har ei viss tyngd på felta Demokrati og menneskerettar, Ekteskapet i det gamle bondesamfunnet, Byhistoriske tema (prosjektet Urbane landskap) og Historisk demografi, men dersom det høver, er det òg rom for større emnemessig spreiing.

Hovudverksemda på seminaret er konsentrert om manuskriptdiskusjonar. Det overordna føremålet med seminaret er at kvar student skal få innspel til arbeidet sitt både frå medstudentar og lærarar. Mykje læring skjer òg gjennom diskusjon av manuskript som andre legg fram. Det er difor ein føresetnad at deltakarane møter fast på seminaret og tek aktivt del i dei faglege diskusjonane der.

Til deltakarane på seminaret
Felles epost-adresse for seminaret er seminartmt@hi.uib.no. Med denne epost-adressa kan du sende epost til alle deltakarar på masterseminaret i tidleg moderne tid.

Sist endret: 4.2.2009