Gå til innhold
English A A A

Bachelorstudier i kulturvitenskap


Sko

Sko

Om å studere kulturvitenskap

Kulturvitskap er eit studium som gir teoretiske og metodiske føresetnader for å forstå mennesket som kulturberande og kulturskapande vesen. Innanfor dei ulike kulturvitskaplege fagområda studerer ein korleis individ og grupper forheld seg til den kulturelle tradisjonen og vidarefører denne. Mennesket si livsverd og kvardag dannar utgangspunktet for studiet. Den faglege interessa er hovudsakleg retta mot norske og europeiske kulturformer. Ekskursjonar og studieturar inngår som ein del av undervisninga.

Kulturvitskap ved AHKR består i dag av fagområda etnologi, folkloristikk og kulturvern og kulturformidling. Emna for disse kulturfaga har røter tilbake til den førmoderne folkekulturen. Sentrale tema har vore folkelege førestillingar og forteljetradisjonar, folkekulturens materielle og sosiale sider samt overgangen til det moderne samfunn med sine særskilte kulturformer. I dag er folkekultur berre eitt av fleire emne som kulturforskarar arbeider med. Byen er eit like viktig studieemne som landsbygda, notida er like sentral som fortida og dei moderne media sine bodskapar er like interessante forskingsfelt som den eldre tradisjonen sin bodskap. Etnisitet, kropp og helse er blant dei mange nye tema som blir studert av kulturforskarar i dag. Kulturvitskap er eit studium med brei kontaktflate mot så vel humanistiske som samfunnsvitskaplege fagfelt.

Spesialisering i kulturvitskap skal gi ei generell innføring i kulturvitskapen sine viktigaste emneområde og kunnskap om norsk og europeisk kultur generelt. Studiet skal vidare gi studentane innsikt i moderne kulturteoriar og metodar, og høve for fordjuping innanfor fleire emneområde.
Spesialisering i kulturvitskap skal gi studentane høve for fagleg fordjuping og perspektivutviding. Studiet skal gi djupare innsikt i kulturteori og kunnskap om kulturelle prosessar. Føresetnadene for kulturell endring og kontinuitet står sentralt.

Studiar i kulturvitskap gir nyttig kompetanse for arbeid innan det institusjonaliserte kulturarbeidet. Faget passer godt for studentar som tar sikte på ei yrkeskarriere innan museums- og kultursektoren meir ålment. Faget er relevant for studentar som tar sikte på stillingar som kultursekretær, kulturkonsulent, kultursjef, museumsarbeidar, mediearbeidar o.a. Kulturvitarar er og spesielt godt kvalifiserte for prosjektarbeid, forskings- og utgreiingsverksemd, informasjons- og formidlingsarbeid i både offentleg og privat sektor, media og frilansverksemd.

 

Spesialisering

Ei spesialisering i kulturvitskap er på 90 studiepoeng og normert til tre semester. Du kan spesialisera deg i kulturvitskap innan desse programma:

Bachelorprogram i kulturvitskap

Bachelorprogram i kjønnsstudium

Bachelorgrad med spesialisering i kulturvitskap er opptaksgrunnlag til masterprogram i kulturvitskap.

Utvekslingsavtaler

Danmark   
Aarhus Universitet (Erasmus - humanistiske fag)

Finland  
University of Jyväskyylä (Erasmus - humanistiske fag)
Åbo Akademi (Erasmus - humanistiske fag)
Åbo Akademi (Nordplus - kulturvitenskap)

Frankrike
Université Charles de Gaulle - Lille III (Erasmus - humanistiske fag)
Université de Nice - Sophia Antipolis (Erasmus - humanistiske fag)

Island
University of Iceland (Nordplus - kulturvitenskap)

Italia           
Università degli Studi di Genova (Erasmus - humanistiske fag)
Università degli Studi di Roma Tre (Erasmus - humanistiske fag)
Università degli studi di Trieste (Erasmus - humanistiske fag)
Università degli Studi di Urbino (Erasmus - humanistiske fag)

Polen        
University of Gdansk (Erasmus - humanistiske fag)

Romania   
West University of Timisoara (Erasmus - humanistiske fag)

Spania   
Universidad de la Laguna (Erasmus - humanistiske fag)

Sverige      
Högskolan på Gotland (Nordplus - kulturvitenskap)
Göteborgs universitet (Erasmus - humanistiske fag)
Göteborgs universitet (Nordplus - kulturvitenskap)
Lunds universitet (Nordplus - kulturvitenskap)
Stockholms universitet (Nordplus - kulturvitenskap)
Uppsala universitet  (Nordplus - kulturvitenskap)
Umeå universitet (Nordplus - kulturvitenskap)

Tyskland   
Christian-Albrechts-Universität zu Kiel (Erasmus - humanistiske fag)
European University Viadrina (Erasmus - humanistiske fag)
Johann Wolfgang Goethe Universität Frankfurt am Main  (Erasmus - humanistiske fag)
Justus-Liebig-Universität Giessen (Erasmus - humanistiske fag)
Otto-Friedrich-Universität Bamberg (Erasmus - humanistiske fag)
Universität Bremen (Erasmus - humanistiske fag)

Storbritannia   
University of Wolverhampton (Erasmus - humanistiske fag)

Østerrike   
Universität Wien (Erasmus - humanistiske fag)

Er du student? Les mer om utveksling her.

 

Anbefalte utvekslingsavtaler

Kulturvitenskap anbefaler spesielt utveksling til følgende universitet:

Københavns Universitet

Stockholms Universitet

Humboldt-Universität zu Berlin

Sist endret: 18.11.2011