Hjem

Aktuelt

Nyhet

Diabetesforskar i verdsklasse til Universitetet i Bergen

Diabetesforskar Valeriya Lyssenko er tilsett ved Universitetet i Bergen. Målet hennar er å skapa nye behandlingar av diabetes.

Valeriya Lyssenko

Valeriya Lyssenko
ELITEFORSKAR TIL UiB: Valeriya Lyssenko vil behandla diabetes på nye måtar.
Foto:
Eivind Senneset/UiB

– Å forske ved UiB gir meg unike mogelegheiter, med gode ressursar, til dømes Mor- og barn-undersøkjinga, seier Valeriya Lyssenko.

Lyssenko har vore ein del av eit av verdas beste forskarmiljø innan diabetesforsking. Ho har fleire sterke publikasjonar bak seg, både som medforfattar og på prosjekt ho har tatt initiativ til sjølv. Ho er ekspert på genetikk og polygenetisk forsking.

Det vil seia at medan dei fleste ser etter mutasjonar i eitt gen, er Lyssenko oppteken av å finna feil i fleire gen. Ho er oppteken av tidleg intervensjon i behandling av diabetes og forskar på diabetes i eit familieperspektiv.

– Eg ynskjer å finna nye behandlingar mot diabetes, hjå pasientar i alle aldrar. Det er viktig å setja seg store mål, seier ho.

Vert tilknytta diabetes-senter

– Lyssenko si tilnærming er noko vi gjerne vil bruka i vårt forskingssenter også, seier Pål Rasmus Njølstad, professor ved Klinisk institutt 2 og leiar ved KG Jebsen senter for Diabetesforskning.

I 2011 fekk han midler frå Det Europeiske Forskingsrådet til å etablera eit større forskingssenter på diabetes og fedme. Pengane kom gjennom eit Advanced Grant, som støttar etablerte forskarar i verdseliten.

– Lyssenko passar perfekt hjå oss. Full klaff, seier Njølstad.          

Får viktig rolle

KG Jebsen Senter for diabetesforsking skal flytta til det nye Barnesenteret ved Haukeland sjukehus. Lyssenko vil få ei viktig rolle i senteret, og er med i planleggjinga av laboratoriefasilitetar ho vil trenga i si forsking.          

Njølstad har møtt Lyssenko ved Universitetet i Lund. Der har Lyssenko vore ein del av Lund University Diabetes Centre, som Njølstad skildrar som eit av dei beste i verda i sitt slag.

– Eg håpar samarbeidet vårt med Lund kan styrkast, seier Njølstad.

Lyssenko er for tida med i prosjekt i både Danmark og Sverige, og ho vil også delta i KG Jebsen Senter sine prosjekt.

Målet KG Jebsen Senteret arbeider for å nå er ein kur for diabetes.

– Som klinikar vil eg gjerne gi noko tilbake til pasientane mine. Eg håpar at alle i framtida skal få ei behandling som passer for dei, seier Njølstad.