Hjem
Click

Aktuelt

Nyhet

UiB tar eit nasjonalt språkansvar

Universitetet i Bergen har teke over språksamlingane, og sikra at alle som treng språkhjelp kan fortsetja å bruka dei populære ordbøkene.

Ordboken har flyttet

Produsent:
Frode Ims, Camilla Ahamath

– Med dette tek Universitetet i Bergen (UiB) på seg ei nasjonal oppgåve og held ved like ein ressurs som er viktig for mange, seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB.

I 2014 sa Universitetet i Oslo frå seg ansvaret for Språksamlingane på grunn av ressursmangel, og ville legga ned tenesta frå 2017. Mellom anna ville dei mykje brukte ordbøkene på nett verta lagt ned.  I november 2015 vart det derimot klart at UiB tok på seg ansvaret i samarbeid med Høgskulen i Volda.

70 tonn språk

No er 70 tonn materiale flytta frå Oslo til Bergen, og plassert og arkivert på UiB. Ordbøkene har no fått UiB-adresse på nett.

– Dette er grunnlaget for forsking som er unikt i landet. Samlingane inneheld mellom anna eit stort historisk materiale, som legg grunnlaget for empirisk forsking på språkendringar over tid. seier Myking.

Materialet skal verta tilgjengeleg for alle som vil bruka det, både nasjonale og internasjonale forskarar og norske brukarar.

– Kven som helst skal kunna bruka materialet, men det er ein lang prosess, seier Myking.

2016 og -17 vert ein prosjektperiode, der ein skal legga til rette og  oppretta ei dagleg leiing og stab for prosjektet.

Myking meiner noko av det aller viktigaste er dei daglege brukarane av ordbøkene på nett.

– Om ikkje UiB hadde teke dette ansvaret hadde dei kan hende ikkje fått noko tilbod i det heile. Her sikrar vi ein ressurs, seier han.  

Språksamlingane er "kommet hem"

Mandag 10. oktober vart Språksamlingane si nye plassering markert i Universitetsaulaen. Fleire både takka og gratulerte UiB med det store språkansvaret ein har tatt på seg. Rektor Dag Rune Olsen fortalde at UiB er stolte over å ta over prosjektet saman med Høgskulen i Volda.

– Takk til alle som har dratt dette store lasset, på vegner av språket og kulturen, sa rektor.

– UiB har tatt over ein topp moderne humanioraressurs, og var både motige og smarte, sa Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Svein Harberg, leiar i familie- og kulturkomitéen var glad for at språksamlingane var komne "heim" til Bergen.

– Det er ikkje første gongen UiB tar på seg eit nasjonalt viktig oppdrag og lukkast med det, sa han til forsamlinga.