Hjem

Aktuelt

Nyhet

Imponert av havforskinga ved UiB

– Marin forsking krevjer samarbeid på tvers, det er både UiB og Noreg gode på. Jonas Gahr Støre besøkte UiB og Havlaboratoriet og fekk eit innblikk i den største konsentrasjonen av marine forskingsmiljø i Europa.

Jonas Gahr Støre, Havlaboratoriet 2016

Jonas Gahr Støre
HAVFORSKING I VERDSKLASSE: Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre besøkte Havlaboratoriet. Her ser han på rov-en Ægir.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

– Det er tydeleg at UiB har ein ambisjon om å verta det leiande miljøet på marin forsking, sa Jonas Gahr Støre.

Tirsdag 11.10 besøkte han mellom anna Havlaboratoriet på Marineholmen.

Han påpeikte at han sette pris på den tydelege vektleggjinga av kvalitet i UiB si marine forsking.

– I tillegg trur eg tankane om kunnskapsklynger er svært gode. Det handlar om å kombinera dei bidraga kvar enkelt kan gi, og å samla praksis og kunnskap, sa leiaren av Arbeidarpartiet.

Universitetet i Bergen har ei sentral rolle i Noreg si utvikling av marin kunnskap, og er det største marine universitetet i Noreg. I 2014 påpeikte eit internasjonalt panel at den marine forskinga ved UiB er i verdsklasse, og skildra Bergen som eit kraftsentrum innan  marin forsking internasjonalt, med politisk påverkingskraft både nasjonalt og internasjonalt. 

Marin forsking er eit av UiB sine tre satsingsområde. UiB og Bergensregionen har til saman  den største konsentrasjonen av marine forskningsmiljø i Europa, og er den trettande største marine byen i verda målt i talet på vitskapelege publikasjonar.

Forskarar ved UiB er til dømes leiande på polar forsking, klimaforsking og utforsking av uoppdaga havdjup. Senter for geobiologi har utmerka seg som pionerar innan djuphavsforsking både nasjonal og internasjonalt. Senteret har hatt status som Senter for framifrå forsking (SFF) sidan 2007. Djuphavforskningen som er blitt gjort ved senteret vil verta videreført og utvida gjennom K.G.Jebsen-senter for djuphavforskning frå januar 2017.

Havbyen Bergen

Norsk havlaboratorium, som Gahr Støre besøkte 11. oktober 2016, vart opna i mai 2016 og er ein base for havobservasjon og teknologiutvikling på Marineholmen i Bergen. Laboratoriet skal stimulera til nyskapande forskings- og utviklingssamarbeid og bidra til utvikling av havbyen Bergen som eit marint kraftsentrum både nasjonalt og internasjonalt.

I den store lagerhallen på Marineholmen utviklar og vedlikeheld ein utstyr som fjern- og sjølvstyrte undervatnsfarkostar, forankra riggar og gliderar, bøyer og undersjøiske observasjonsplattformar.

Ny teknologi, ny kunnskap

Denne teknologien skaffar ny kunnskap som gjer at ein mellom anna kan følga klimaendringane i havet tett, overvåka korleis auka temperatur påvirkar marint liv og kalkulera effektar av mogelege oljeutslepp i sårbare område. Ved hjelp av utstyret kan ein  også utforska nye djupvatnsområde med heilt nye artar, som dei undersjøiske vulkanane langs Nord-Atlanterhavsryggen.

Sidan Bergen har store og leiande miljø på marin forsking er det eit viktig mål å samla dei beste kreftene innan maritime, marine og subseamiljø – frå både akademia og industri – til eit kreativt laboratorium for å utvikla kunnskapen og dei teknologiske løysingane vidare.

Laboratoriet er også tenkt som ei drivkraft i etableringa av eit sivilingeniørstudium retta mot marin observasjonsteknologi.