Hjem

Aktuelt

Nyhet

Ny digitaliseringsstrategi for UiB

Universitetet i Bergen skal digitaliserast. Det inneber eit meir opent og effektivt universitet.

Media City Bergen

Media City Bergen
DET DIGITALE UiB: UiB har vedtatt ein ny digitaliseringsstrategi. Medieklynga Media City Bergen kan verte ein av pillarane i digitaliseringsprosjektet.
Foto:
ntra OPF Utvikling / MAD Arkitekter / Placebo Effects

Universitetsstyret vedtok 20. oktober 2016 ein ny digitaliseringsstrategi for Universitetet i Bergen (UiB). Knut Helland, dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet har vore ein av leiarane i prosjektgruppa som har jobba fram forslaget.

Han er nøgd med at planane om digitalisering følgjer opp UiB sin strategi, med kunnskap som kjerna i alt universitetet driv med.

– Verktøy, metodar og kunnskap for å utvikle og formidle forskingsbasert kunnskap er viktig for universitetet. Digitalisering og moderne kommunikasjonsteknologi endrar verktøya og metodane. Det gir ny kunnskap, ny forståing, ny læring og innovasjon, seier dekanen.

UiB tilbyr alt ei rekkje nye digitale løysingar for studentar, forskarar og andre, mellom anna digital eksamen, to opne nettkurs og den nye læringsplattformen Mitt UiB.   

Digitaliseringsprosjektet DigUiB skal etablere ein lærings- og formidlingslab i medieklynga Media City Bergen, som opnar i 2017.

– Å samle dei ulike digitale ressursane i klynga vil gjere oss meir skikka til å vere i den digitale fronten, seier Helland.

Sky-teknologi og brukarvenlegheit

Strategien vil bruke desse strategiane for at UiB skal nå måla sine:

  • Digitalisering av infrastrukturen: Dette inneber mellom anna tilgang på digitale tenester til alle tilsette, studentar og gjestar, utvikling av sky-teknologi og å vidareutvikla undervisingsrom og utdanning digitalt.
  • Brukarorienterte digitale tjenester: dei digitale tenestene er lite verdt om dei ikkje vert brukt. Digitale tenester skal vera sjølvforklarande for dei som brukar dei.  
  • Eit digitalt inviterande universitet: digitalisering skal vere eit virkemiddel for å opne UiB for samfunnet og tilrettelegge for forskings- og utdanningssamarbeid.

Papirlaust innan 2020

I tillegg vil strategien gjere UiB meir sjølvbetjent og automatisert. Det er mellom anna eit mål å gjere alt administrasjons-arbeid papirlaust innan 2020.

Digitaliseringa vil skapa endringar i arbeidsmetodar og korleis universitetet er organisert. Det stiller krav til både tilsette og organisasjonen.

–  Vi må fange opp og bruke innovativ bruk av teknologi, organisering og metodar på tvers av heile UiB. Skal UiB nå måla for digitalisering må vi øke kor fort vi reagerer og gjennomfører endringar, seier Knut Helland.