Hjem

Aktuelt

Ph.d.-intervjuet

Problem er til for å løysast

Håkon Otneim bestemte seg for å ta doktorgrad for å stille kunnskapstørsten. Hans metode kan løyse problemstillingar innan dei fleste fagfelt.

Håkon Otneim.

Håkon Otneim.
KUNNSKAPSTØRST: Etter endt mastergrad kjente Håkon Otneim at han framleis trengte meir kunnskap. Doktorgraden gav nye utfordringar.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Kva er eigentleg matematisk statistikk?

– Statistikk i praksis handlar om å henta ut informasjon frå data. Alt du kan observere kan gjerast om til statistikk, som igjen kan brukast til å  leite etter samanhengar, årsakar og verknadar. Det er statistikk. 

Kva handlar avhandlinga di om?

– Eg er først og fremst matematikar, og er mest oppteken av metodane, korleis ein kan gjere dei best mogleg. Eg brukar matematikk for å laga statistiske metodar. I avhandlinga mi har eg laga ein bestemt metode for eit bestemt statistisk problem og sett på bruken av han, testa kor god metoden er.

Kva er det som gjer ein statistisk metode god?

– Enkelt sagt er ein metode god dersom han løyser problemet vårt og vi kan formulere dette ved hjelp av matematikken, slik at vi kan kvantifisere omgrep som presisjon, variasjon, robustheit og så vidare. Ved å samanlikne forskjellige metodar etter korleis dei skårar på desse kriteria, kan vi seie noko om kven av dei som er best og dårlegast.

Kva var det som gjorde at du valde matematisk statistikk?

– Å studere matematikk på lågare nivå var ikkje tilfeldig, det var det eg var best i på skulen. At det vart statistikk var meir tilfeldig. Eg gjekk på nokre førelesningar, og så balla det berre på seg, det var så interessant.

Kvifor det?

– Det er så utruleg mange forskjellige problem ein kan formulere og løyse ved hjelp av statistikk. Gong etter gong er det statistikken som kan gi oss svaret. Ta klimaspørsmålet: aukar temperaturen på jorda? Gjennomsnittstemperaturen på jorda går opp og ned, den er ikkje konstant og varierer med lengde- og breiddegrader, men trenden visar at temperaturen går opp. Er dette reelt, eller er det berre eit resultat av tilfeldig variasjon?? Statistikken gir oss eit klart svar – Det er ein sterk og signifikant auke. Men kva er årsaka? Også her kan statistikken gi svar. Det mest sannsynlege er at det er menneskeleg grunnar til dette.

Kvifor ville du ta ei doktorgrad?

– Mastergraden var frustrerande, på den måten at eg lærte kor lite eg eigentleg kunne. Eg fekk nett så vidt kikka bak sceneteppet, der det var ei heil verd av spørsmål som trengte svar. Eg kjente eit behov for å lære meir. Heldigvis var det ei ledig stipendiatstilling til meg.

Korleis var det å jobbe med avhandlinga?

– Eg var heldig, og fekk fortsetje i same sporet som på mastergraden, med same rettleiar. Eg har hatt det rolig og fint som stipendiat, og ikkje stressa særleg mykje. Eg har familie, og det var uansett ikkje aktuelt å sitje utover kvelden for å jobbe for meg. Mot slutten vart det litt meir strevsamt, sjølve disputasen er jo eit stressmoment. Eg var letta då eg var ferdig, samstundes som det nesten kjendest som eit antiklimaks. Det har vore ei positiv oppleving, og det har gått greitt, med god rettleiing og god progresjon heile vegen.

Kva trur du forskingsresultata dine kan brukast til?

– Det vil vise seg. Eg trur metoden eg har laga kan brukast av mange fagdisiplinar. Til dømes har vi kontakt med firma som lagar programvare til oljeindustrien. I oljeleiting kan metoden brukast til å analysere observasjonar, og finne ut kvar det er mest sannsynleg å finne olje. Eg trur ikkje det ligg nokon avgrensingar i kva fagområde som kan ha nytte av metoden.

Du fekk rask jobb etter doktorgraden?

– Ja, det var avklart i god tid før eg var ferdig med han. For statistikarar er det ikkje vanskelig å få jobb, dei kan brukast overalt. Det er ein veldig anvendeleg kunnskap å ha, både innan forsking og det private næringslivet.

Kva er planane dine? Kva gjer du om ti år?

– Eg tenkjer svært lite på det, eg er ikkje særlig driven av karriere. Eg er meir motivert av å ha interessante oppgåver her og no enn i eit planlagt karriereløp. Eg anar ikkje kva eg gjer om ti år, og eg vil ikkje vite det heller. Men eg er sikker på at eg vil jobbe med statistikk. Det kan godt vere gjennom undervising, eller gjennom forsking om eg får ferten av noko spanande, men det vil tida vise.