Hjem

Aktuelt

FORSKING I FRONT

Vart filosof ved ein tilfeldigheit

Michael Baumgartner er opphavsmannen til Coincidence Analysis-metoden. Passande nok spelte tilfeldigheiter ei stor rolle då han valde å verte filosof.

Michael Baumgartner

Michael Baumgartner
TILFELDIGHEITENS METODE: Michael Baumgartner har utvikla ein metode som finn svar på komplekse spørsmål på alle felt. Gjennom regjeringa og Bergens Forskingsstiftelse si ordning Toppforsk kjem han til Universitetet i Bergen.
Foto:
Jan von Holleben, UiB

– ”Coincidence Analysis” (CA) eller Tilfeldigheitsanalyse er ein metode som målar samspelet mellom forskjellige årsaker og som identifiserer rolla dei speler i komplekse kausale strukturar. Det er sjeldan berre ei årsak, men komplekse strukturar med fleire alternative stiar som kan vere ansvarlige for kva som skjer i verda vi lever i, seier Michael Baumgartner, professor i filosofi.

Han forskar på vitskapsfilosofi og logikk, særskilt på kausalitet og logisk formalisering.

Minaretar og kausale metodar

Ideen som førte til CA-metoden utvikla seg medan Baumgartner arbeidde med doktorgraden sin. Etter ph.d.-en og etter arbeid i Geneve har han vidareutvikla metoden, og arbeider no med å utvikle programvare for teorien.

Baumgartner trur metoden kan brukast på fleire område.

– Me har til dømes utført studier på røysteresultat, seier Baumgartner og viser til eit sveitsisk døme.

I ei folkerøysting i 2009, røysta fleirtalet i Sveits for eit forslag om å forby bygging av nye minaretar i landet. Ei grunnlovsendring vart vedteken av 57,5 prosent av dei som røysta. Resultatet overraska den politiske eliten, særleg med tanke på at det berre var fire minaretar i landet i 2009.

– Dei fleste politikarar såg på det som ein spøk, men fleirtalet gjekk inn for eit forbod. Me nytta metoden for å finne ut årsakene til det overraskande resultatet, seier Baumgartner.

Ved å måle fleire mogelege årsaker og å kategorisere dei, fann Baumgartner at ein interaksjon mellom svake venstreparti, den tradisjonelle økonomiske sektoren og ein andel av den muslimske folkesetnaden var med på å skape aksept for minaretforbodet i Sveits.

– Sjølv om folk i dei store byane var mot forbodet, var det stor støtte i partia utanfor venstresida og folk i jordbruksdelane av landet. Dei fleste metodar som vert brukte for å forstå slike politiske problemstillingar er laga for å setja tal på kva enkeltståande årsaker speler. CA, på den andre sida, fokuserer ikkje på isolerte årsak-og-verknad-samahengar, men viser interaksjon og alternative årsaker som kan vera kausale, forklarer Baumgartner.

Han trur metoden kan verta nyttig på fleire felt, til dømes samfunnsfag, biologi og medisin.

Fascinert av logikk

Tilfeldigheiter gjorde at Baumgartner fann vegen fram til filosofi og logikk.

– Eg prøvde meg innan fleire forskjellige felt: musikkvitskap, litteraturvitskap og lingvistikk. Det passa meg ikkje heilt. Det var då eg deltok på eit logikkseminar eg fann noko som verkeleg fascinerte meg. Dei andre faga hadde tydelege subjektive element ved seg, basert på personleg smak, i det minste verka det slik på meg. Innan logikk tek ein utgangspunkt i eksplisitte påstandar, og via faste logiske slutningar når ein ein konklusjon. Det var noko objektivt med dette som fascinerte meg, seier filosofen.

Sjølv om han sette pris på å studere filosofi fann ikkje Baumgartner retninga si heilt, før han møtte ein professor i vitskapsfilosofi.

– Det var tilfeldig at han vart min professor, sidan han var vikar. På ei forelesingsrekkje om kausalitet sa han “Det er dette du skal gjere”, fortel Baumgartner.

Utvidar spelerommet

Han ser fram til å kome til Bergen.

– Eg veit at Institutt for filosofi og førstemesterstudier er ganske stort. På grunn av Examen Philosophicum er det mange undervisarar i filosofi der. Eg har søkt forskjellige stillingar, men Bergen fanga merksemda mi.

Han planlegg å utvide spelerommet for forskinga si, med særleg fokus på Tilfeldigheitsanalyse.

– Eg treng samarbeidspartnerar frå eit av fagfelta eg vil arbeide med, til dømes biologi eller medisin, seier han.

UiB sine styrker innan tverrfagleg forsking og samarbeid engasjerer Baumgartner.

Metoden hans treng i tillegg programvare med nye funksjonalitetar for å utvikle seg.

– Dette kan eg ikkje utvikle sjølv. Eit av problema er å redusere dobbelttydingar i modellen: dess meir modellar passar til data, dess mindre informative vert konklusjonane, forklarer han.

Ut av lenestolen

Baumgartner jobbar for at metoden hans skal verte nytta breitt og på mange felt. Han er oppteken av å overtyde potensielle sluttbrukarar om at metoden kan hjelpe dei med å finne svar på spørsmåla deira.

– Eg vil ikkje verte ein lenestols-filosof. Eg vil bidra med forskinga mi, over eit stort spekter. Om ein vitskapleg metode ikkje vert nytta er han ikkje interessant for meg, konkluderer Baumgartner.