Hjem
Click

Aktuelt

Nyhet

Senter med EU-suksess

Senter for vitskapsteori hankar inn EU-midlar. Senterleiar Matthias Kaiser gir deg suksessoppskrifta.

Matthias Kaiser

Matthias Kaiser
SENTER MED LUKSUSPROBLEM: Senter for vitskapsteori får så mange forespurnadar om forskingssamarbeid at dei i somme tilfelle må takka nei, seier senterleiar Matthias Kaiser.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Senter for vitskapsteori (SVT) har for tida fem prosjekt støtta av EU, ei imponerande bragd med tanke på at senteret kun har åtte fast vitskaplege tilsette.

Senteret har eit luksusproblem, i følgje senterleiar Matthias Kaiser.

– Vi får mange invitasjonar og innspel til prosjekt. Av og til må vi rett og slett seie nei. Vi har for få folk og for lite tid til å vere med på alt. Men eit slikt luksusproblem er eigentleg berre bra. Det viser at vi har eit bra rykte internasjonalt, seier Kaiser.

Er tidleg ute

Eit godt rykte internasjonalt og internasjonale nettverk er ein av ingrediensane i senteret sin EU-suksess. Senteret har fingeren på EU-pulsen og har klart å vere tidleg ute når det gjeld å jobbe med prosjektsøknadar.

– Mange av oss har vore på den andre sida av bordet og evaluert søknadar, så vi veit ein del om kva som skal til, seier Kaiser.

Forskingsprofilen til SVT er ein av dei breiaste på Universitetet i Bergen. Senteret konsentrerer seg særleg om forholdet mellom samfunn og vitskap.

Gode nettverk i Europa og den breie kjennskapen til forsking og disiplinar er eit anna fortrinn i konkurransen om EU-midlar.  

– Mange andre leiter etter prosjekt som er innanfor sitt eige fagfelt, medan vi har eit utgangspunkt som gjer at vi kan sjå på konkrete utfordringar og emne i Horisont 2020. Så finn vi ut kva vi kan tilby av tema, nettverk og kva vi har i verktøyskassa.

Både søknadar og prosjekt må planleggast nøye, meiner Kaiser.

– Vi tenkjer langsiktig – kva kompetansar har vi, kva nettverk har vi for å setje saman eit godt prosjekt? Vi førebur oss og skapar samarbeid. Det har hendt at vi har hive oss inn i prosjekt, men det er ikkje alltid like vellukka.

Sterk delingskultur

Når forskarane ved SVT arbeider med ein søknad, vert alle involverte, også administrativt tilsette. Å søke EU-støtte er også eit praktisk arbeid, med budsjett og tidsplanar.

– Det er eit lagarbeid. At vi arbeider saman med søknadar styrker oss internt.

Delingskulturen er sterk på senteret, seier Kaiser. Forskarane samarbeider om å gjere søknadane best mogeleg, og kjem med konstruktiv kritikk.

– Utan eit godt arbeidsmiljø nyttar det ikkje å søke verken EU-støtte eller anna prosjektstøtte. Vi jobbar systematisk med dette, sjølv om det ikkje alltid er like lett, seier Kaiser.

EU-midlar skapar fornying

For eit lite miljø som SVT er deltaking i større internasjonale prosjekt som Horisont 2020 tilbyr viktig. Senteret har ikkje master- eller bachelorstudentar. Med åtte fast tilsette i vitskaplege stillingar er det naudsynt å vere med i større nettverk.

– Utan slike forskingsprosjekt vert vi forgubba. Å få tilslag på prosjekt gjer at vi kan rekruttere til prosjektstillingar og post-docar. Det gir oss både input og samarbeidspartnerar. Vi vert del av eit større miljø og vert tildelt større intellektuelle ressursar.

Kaiser meiner fleire burde søkja midlar frå Horisont 2020. Det er ei myte at det er mykje papirarbeid og forvalting knytt til det å søkja midlar frå det europeiske forskingsrådet.
– Det tar ikkje lenger tid å skrive ein god EU-søknad enn det tar å skrive ein til Forskingsrådet. Om ein er kreativ og villig til å lytte, er muligheitene mykje større. Horisont 2020 sitt mål er å løyse dei store samfunnsutfordringane , det gjer at det er rom for samfunnsvitskapane og humaniora også, seier han.