Hjem
Click

Aktuelt

UNDERVISNING

Gjorde upopulært fag til studentfavoritt

Juss-forskar Christian Franklin tok over eit fag som studentane frykta ville knekke dei. No gler studentane seg til førelesingane.

franklinstudenter.jpg

Franklin
GLER SEG TIL «SKREKK-FAG»: Kristin Sæbø og Sara Seth Johnsen påpeiker at det er det er delte meiningar i forkant av NIRI-faget. Fjorårets studentundersøkelse viste at nesten 8 av 10 var nøgde med undervisningsopplegget.
Foto:
Solfrid T. Langeland, UiB

Faget «Norske og internasjonale rettslege institusjonar» (NIRI) hadde rykte på seg for å vere eit fag som kunne knekka juss-studentane, ifølge professor Christian Franklin ved det juridiske fakultet.

– Faget er både veldig utfordrande, men også ekstremt vidtrekkande. Ein skal lære seg fire store rettsområder nasjonalt og internasjonalt. Særleg å få oversikt over den internasjonale retten har blitt sett på som ei stor utfordring for mange andreårsstudentar, seier Franklin.

Då Franklin overtok som fagansvarlig for faget NIRI for seks år sidan hadde han allereie vore ein av lærarane i faget i fem år.

– Det har vært mykje snakk om NIRI-frykt. Det var noko eg ville snu, Då eg overtok ansvaret for faget var eg veldig opptatt av å gjere bodskapen tydlegare og fokusere på å terpe ein ny metode for å lære, seier Franklin.

Stemninga har snudd

Ei undersøking blant studentane i fjor viste at nesten 8 av 10 syntes undervisningsopplegget i faget NIRI var bra eller svært bra og at 7 av 10 føretrakk heimeeksamen etter å ha gjennomført dette.

Me er til stades når andreårsstudentane har kick-off-førelesing for NIRI-faget.

– Eg har faktisk gleda meg til NIRI sjølv om eg veit et er eit vanskeleg fag. Dette er ikkje eit fag for puggarar, det krev ei forståing, påpeiker Sara Seth Johnsen.

Franklin stemmer i denne påstanden.

– Studentane må søkje forståing og samanhengar og ikkje henge seg opp i detaljar, og det er absolutt ein treningssak, påpeiker han.

– Men ein må jo framleis lese mange bøker, legg han til.

Dekan ved det juridiske fakultet, Asbjørn Strandbakken, kan skriva under på at stemninga  har snudd etter at Franklin tok grep.

– Me veit at NIRI har vore eit fag mange har grua seg litt til. Det er tre store emne dei skal rekke over og mykje stoff. Me merkar at  det er mindre støy om faget no, og synes det er veldig positivt at faget har fått seg ein oppsving, seier dekan ved det juridiske fakultet, Asbjørn Strandbakken

Nesten ingen strauk

Kvart år tar vel 350 juss-studentar i NIRI. I fjor var det berre ein som strauk. Til samanlikning var det seks og sju åra før.

– Det må bety at me har gjort noko rett. Det er kjekt å høyre at fleire studentar gler seg til dette faget no, seier Franklin.

Lene Bergersen tok faget NIRI i fjor, ho er no tredjeårsstudent og gruppeleder for andreårsstudentane.

– Eg var spent på faget og på heimeeksamen, men det viste seg at heimeeksamen var eit smart val i dette faget – det legg også litt dempar på presset. Elles synes eg faget var godt strukturert med at ein startar med Norge og ser utover. Eg sit igjen med gode tankar om faget, seier Bergersen.

Studentbarometeret gir også god karakter til juss-studiet til UiB.

– Me følgjer studentane opp langt tettare dei første åra og det er kjekt å sjå at det å ta studentane på alvor fører til at ein får eit positivt studiemiljø. For oss er det viktig å vere kritisk til alle fag som me tilbyr og gjere endringar underveis.  NIRI er døme på nettopp dette.

– Visjonen vår er å tilby det beste juss-studiet i landet, trass i små ressursar, seier Strandbakken.