Hjem

Aktuelt

Nyheter

Frank Aarebrot vinn Christieprisen 2017

- Å formidle kunnskap og forsking er viktigare enn nokon gong, seier professor Frank Aarebrot. I dag tek han imot Christieprisen for å vere ein brubyggar mellom forsking, utdanning og omverda.

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot
CHRISTIEPRISEN 2017: Professor emeritus Frank Aarebrot blir tildelt Christieprisen for å ha bidrege til å fremme forsking av høg kvalitet, og medverka til at forsking blir akseptert som ei kulturell og verdiskapande kraft i utviklinga av samfunnet.
Foto:
Britt Kristin Ese

- Det kjennes veldig ærefullt. Ekstra stas er det at prisen både blir gitt til folk og institusjonar som er knytte til universitetet og til byen, og at komiteen består av representantar både frå universitet og frå bysamfunnet. Ein er universitetsmann, men ein er jo også bergensar, seier professor emeritus Frank Aarebrot.

Han er professor i statsvitenskap, og har sidan 1970-talet formidla kunnskap og forsking i media, som foredragsholdar, som forelesar og som forfattar. Han har lenge vore den mest siterte akademikaren i Norge.

- Utgangspunktet for formidlinga mi er ei enorm glede og stoltheit over det me driv med på Institutt for samanliknande politikk. Me har ei tilnærming til fenomenet politikk som har visse unike trekk, mellom anna den sterke vektlegginga av historisk bakgrunn for å forstå vår eiga samtid og framtid, seier Aarebrot.

- Viktigare enn nokon gong

I samband med den årlege Christiekonferansen blir Christieprisen delt ut til nokon som har bidrege til god samhandling mellom forsking, utdanning og omverda. I det nye informasjonssamfunnet er det å formidle kunnskap og forsking viktigare enn nokon gong, meiner Aarebrot.

Han syner til hendinga i Paris der ein politibetjent blei drepen i det ein går ut frå var ei terrorhandling. Ei slik hending får langt større merksemd i media enn for eksempel talet på drepne i trafikken det same døgnet, sjølv om det talet er høgare. Det er ikkje tragedien i seg sjølv som gjer at me blir merksame, men at hendinga i Paris er knytta til ei veldig informasjonsmerksemd retta mot islamsk terrorisme, seier Aarebrot.

- Med andre ord er informasjonskonteksten i samfunnet vårt blitt viktigare enn handlinga, og folk reagerer vel så mykje på informasjon som på handlingar. For eit universitet som er opptatt av å handle til gode for menneska, betyr det at handlingane ein gjer er av relativt liten verdi, viss ein ikkje samtidig klarar å vinne ein plass i informasjonssamfunnet. Viss du trekker deg ut av ein offentleg arena, ut frå gatene og folket, så vil nokon andre med ein gong fylle rommet, og det er nokon andre som vil noko heilt anna enn deg. I det øyeblikket ein institusjon blir seg sjølv nok, så vil andre få fritt spelerom.

Får pris for brubygging

Det Aarebrot får til vekker stor beundring, seier juryleiar for Christieprisen Knut Helland.

- Han medverkar til at forsking blir forstått, akseptert og brukt som verdiskapande kraft i samfunnet. Han deler raust kunnskap på ein tilgjengelig, opplysande, underholdande, engasjerende og til tider spissa måte.

Men noko oppskrift på korleis ein gjer dette, er vanskeleg å komme med, seier årets Christieprisvinnar.

- Å skifte naturleg med konteksten, fell veldig naturleg for meg. Eg meiner det er fullt mogleg å framstille dei mest kompliserte teoriar på eit vanleg språk. Det tek litt lenger tid, ein må legge forholda til rette, forklare ein del omgrep, men ein treng ikkje å formidle all fagkunnskap innan eit fagområde for å greie ut om eitt konkret tema.

Siste forelesing

Aarebrot heldt si siste formelle forelesing ved UiB måndag 24. april, men har ingen planar om å trekke seg tilbake.

- Du er jo den du er, og draumen om å mate duer i parken er ganske fjern for meg. Me universitetsfolk har ein fordel som folk som jobbar på andre forskingsinstitusjonar ikkje har: Me har heile tida tilgang til ungdom og blir slik utfordra til å følgje med i tida. Det er ein veldig viktig ressurs, og eg er avhengig av ha den kontakten med dei unge. Gleda over å forelese er ein viktig føresetnad for å ha glede over å formidle.