Hjem

Aktuelt

Nyheter

May-Britt Moser blir æresdoktor ved UiB

- Eg har aldri vorte utnemnd til æresdoktor før, så dette er veldig spesielt, seier professor May-Britt Moser.

May-Britt Moser

May-Britt Moser
ÆRESDOKTOR: Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen har nominert May-Britt Moser til æresdoktor. 5.mai tek Moser imot æresdoktoratet.
Foto:
Geir Mogen / NTNU

Psykolog og hjerneforskar May-Britt Moser er kjent for dei fleste, etter at ho i 2014 fekk Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med Edvard Moser og John O’Keefe. 5.mai kjem ho til Bergen for å ta imot æresdoktorgraden ved Universitetet i Bergen.

- Eg er stolt og rørt. Me har mange venner på UiB som har støtta oss sidan me var studentar, og eg har aldri vorte utnemnd til æresdoktor før, så dette er veldig spesielt,  seier Moser.

- Bolek Srebro er jo i ei særklasse, han er som eit familiemedlem for oss. Han lærte oss kronisk registrering og han har hjulpe oss med undervisning og i disputasar. Me har også hatt god hjelp frå Bob Murison til undervisning, og samarbeida med Espen Hartveit, Meg Veruki, Kenneth Hugdahl og mange fleire, seier Moser.

- Til stor inspirasjon

Det psykologiske fakultet ved UiB står bak nominasjonen av May-Britt Moser til æresdoktor.

- Forskinga ho har gjort og står for er i verdsklasse, seier professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Kenneth Hugdahl.

- Tilnærminga ho har til forsking handlar om å sjå verdien av grunnforsking, og om å tenke langsiktig: Dei store gjennombrota kjem ikkje alltid umiddelbart, og ein må stå for ideane ein har utan å nødvendigvis ha avkastning på kort sikt. Mosers arbeid er eit veldig godt eksempel på ei slik tilnærming, der dei fekk eit stort gjennombrot fordi dei var tolmodige og ikkje gav opp.

Samarbeid med UiB

Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen har hatt ei rekke samarbeid med May-Britt Moser og Edvard Moser si forskingsgruppe ved NTNU.

Tilsette ved UiB har hatt felles vitskaplege publikasjonar med Mosers. Tilsette ved Det psykologiske fakultet og Institutt for biologisk medisinsk psykologi, har tatt imot master- og phd-studentar som vil ta spesialiseringa si ved UiB, etter å ha gjennomført grunnutdanninga i nevrovitskap ved masterprogrammet som Mosers starta opp ved NTNU.

- Arbeidet hennar er til inspirasjon for alle som driv med hjerneforsking, ikkje minst for oss her i Bergen, seier Hugdahl.

- May-Britt Moser er utdanna psykolog, men verkar like mykje i forskinga si innan det biomedisinske fagfeltet. Arbeidet hennar syner kor viktig psykologisk forsking er i ei tverrfagleg samanheng, og forskinga hennar har vore ein vegvisar for oss som har den type samarbeid med det biomedisinske feltet.

Leiiande hjerneforskar

May-Britt Moser er ein leiiande hjerneforskar i Europa og Norge. Ho har utdanning i psykologi frå Universitetet i Oslo og tok doktorgraden under rettleiing av professor emeritus Per Andersen ved dåverande Fysiologisk institutt.

Etter fleire år som postdoktor i USA og Storbritannia, etablerte May-Britt Moser ei aktiv forskargruppe ved NTNU saman med Edvard Moser. Forskinga deira blei fokusert mot hippocampus sin funksjon, ein hjernestruktur som er involvert i romleg gjenkjenning og ulike former av hukommelse relatert til bevisste livshendingar.

Eit viktig gjennombrot i forskinga deira var oppdaginga av «grid celler» i hjernen i 2005, i ein struktur nært knytta til hippocampus. May-Britt Moser og Edvard Moser blei i 2014 tildelt Nobelprisen i Fysiologi eller Medisin for denne oppdaginga.

Under doktorpromosjonen 5.mai vil det bli utnevnt åtte nye æresdoktorer.