Hjem

Aktuelt

Nyheter

- Her blir det kort veg frå forsking til formidling

Statsminister Erna Solberg opna det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. - Senteret gjer at me kan formidle raskt til mange, seier UiB-professor Jostein Bakke.

Opning av Folgefonnsenteret

Opning av Folgefonnsenteret
Statsminister Erna Solberg opna Folgefonnsenteret i Rosendal 2.mai.2017
Foto:
Magnus Ellingsgard Øverli

Det nye senteret skal vere ein stad for forsking, opplevingar og læring. Vatn og vatnet sitt krinsløp er det sentrale i utstillinga, særleg knytta til fjord og Norges tredje største isbre, Folgefonna.

- Senteret gjev oss mange moglegheiter, og er ei unik formidlingsplattform, seier professor ved Institutt for geovitskap Jostein Bakke.

Han sit i prosjektkomiteen for det nye Folgefonnsenteret i Rosendal, som får reiseliv, skular, lokalmiljø, ulike norske og internasjonale forskingsmiljø som viktige samarbeidspartnarar.

Skal formidle ny forsking

Forskingsmiljøa knytta til senteret forskar mellom anna på brear, på korleis breen responderer på globale endringar i klimasystemet, og på korleis vatnet sitt kretsløp blir påverka av klimaendringane.

- Kva skjer når Folgefonna smeltar heilt vekk, no når planeten blir varmare? Kva skjer med elvane som er viktige for kraftproduksjon og jordbruk? Vil det bli farleg å opphalde seg under Folgefonna? Vil me oppleve skadeflaumar eller andre dramatiske hendingar når breen blir mindre? Her kan me formidle raskt til mange, seier Bakke.

Breforskar Jostein Bakke, havforskar Kikke Kleiven og verforskar Ellen Viste fortel om forskinga si i videoar som blir ein del av utstillinga på Folgefonnsenteret.

  • Sjå videoane med Bakke, Kleiven og Viste til høgre i saka

Forskingsbase

På senteret er det kontorplassar for forskarar, auditorium og møtefasilitetar. Utstillinga og opplevelsesdelen finn ein i andre etasje, og i grunnetasjen vil turistkontoret organisere turar opp mot sjølve breen.

- Det er unikt at me har kontorplassar der forskarar kan sitte og jobbe. Mykje av forskinga skjer akkurat her, og dette vil fungere som ein base. Me har også planar om å bruke Folgefonna meir aktivt til kurs og testing av utstyr. Her blir det kort veg frå universitet til breen, og frå forsking til formidling, seier Bakke.

Statsminister Erna Solberg opnar tysdag 2.mai Folgefonnsenteret, som ligg på Skålakaien i Rosendal. Det er venta at senteret vil få mellom 15 000 og 20 000 besøkande kvart år.