Hjem

Aktuelt

Nyheter

Universitetet har fått åtte nye æresdoktorar

Fredag 5.mai blei dei nye æresdoktorane ved UiB markert under ein seremoni i Universitetsaulaen.

professor Katherine Jane Willis

professor Katherine Jane Willis
Rektor Dag Rune Olsen og Professor Katherine Jane Willis under seremonien 5.mai.2017.
Foto:
Thor Brødreskift

Fredag 5.mai blei pianist Leif Ove Andsnes, dosent Jostein Fet, professor Han Dayuan, professor Edvard Moser, professor May-Britt Moser, designer Peter Opsvik, professor Arthur L. Stinchcombe og professor Katherine Jane Willis utnemnd til æresdoktorar ved Universitetet i Bergen.

– Me er stolte av å kunne halde denne seremonien i vår eigen universitetsaula, og over å markere desse nye doktorata og æresdoktorata. Meir enn nokon gong er det behov for å synleggjere og hegne om vitskapen, og rolla den har i samfunnet, sa rektor Dag Rune Olsen i innledningstalen sin.

Promosjon i Universitetsaulaen

Æresdoktorat blir gitt til personar som er viktige for universitetet, for viktig vitskapleg innsats eller framifrå arbeid til gode for vitskapen. Det er den høgste æra universitetet kan gje til ein person som ikkje er tilsett ved UiB. 

    Tre av æresdoktorane var forhindra frå å delta på seremonien. Leif Ove Andsnes blei representert ved manager Kjell Wernøe, Artur Stinchcombe ved Gudmund Hernes og Jostein Fet ved sonen Jørund Fet. Sistnemnde bringa vidare takk frå ny æresdoktor, Jostein Fet:

    – For meg betyr det å bli utnemnd som æresdoktor ved UiB ei avgjerande godkjenning av over 30 år forskingsstrev. Eg vil takke alle som har støtta meg i forskinga mi, og tusen takk til Universitetet i Bergen.

    – Kunst og forsking deler kvalitetar

    Årets æresdoktorar er alle forskarar, kunstnarar eller designerar. Knut Olav Åmås, direktør for Fritt Ord, trakk i sin tale parallellar mellom forsking og design.

    – Ein av dei nye æresdoktorane, May Britt Moser, sa ein gong: Ein god designer har mykje til felles med ein god forskar. Begge jaktar på det ekstraordinære og på perfeksjon. Du må fokusere på detaljane, og du veit ikkje kva det endelege resultatet vil bli før du har det. Det slår meg at dette sitatet i dag kan vere til ære for ein av dei andre æresdoktorane, Peter Opsvik. Kunst og forsking deler mange kvalitetar. Dei lukkast ikkje alltid i å endre verda, men begge hjelper oss til å sjå verda på nye og meir relevante måtar, og då kan også forandringar komme, sa Åmås.

      Under seremonien var det også promosjon for 53 kandidatar som har disputert for doktorgrad i perioden januar til 7. april 2017. I tillegg til dei 53 som har oppnådd doktorgrad, er det ein kandidat som har bestått det treårige nasjonale Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid.