Hjem

Aktuelt

Nyheter

Startskot for «Globale samfunnsutfordringar»

Måndag vart UiB si nye satsing «Globale samfunnsutfordringar» lansert i Universitetsaulaen.

img_0004.jpg

Opning av Globale samfunnsutfordringar
Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen og dekan på Det medisinsk-odontologiske fakultet, Nina Langeland, stod for den offisielle opninga.
Foto:
Ole Marius Kvamme

– Med denne satsinga skal vi jobbe samla og på tvers av fakultet, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Globale spørsmål og forsking har lenge vore viktige områder ved Universitetet i Bergen, men eit hovudmål med den nye satsinga «Globale samfunnsutfordringar – migrasjon, helse og ulikskap», er at den får eit overordna tverrfagleg fokus. Det administrative ansvaret for satsingsområdet er lagt til Det medisinsk-odontologiske fakultet, ved Senter for internasjonal helse.

Måndag var det offisiell lansering. Programmet for dagen gav innblikk i arbeidet som har leia fram til satsinga, tida framover, samt eksempel på eksisterande forskingsprosjekt og utdanningsprogram relatert til satsingsområdet, som allereie finn stad på Universitetet.

Fagleg breidde gjer UiB spesielt eigna

UiB-rektor Dag Rune Olsen og dekan på Det medisinsk-odontologiske fakultet, Nina Langeland, stod for den offisielle opninga. Olsen sa i sin opningstale at det er viktig å sjå breitt når det gjeld så omfattande tema, og meinte at den faglege breidda gjer Universitetet i Bergen spesielt godt eigna til å gje viktig innsikt til storsamfunnet i slike spørsmål.

– Globale samfunnsutfordringar er eit av kjerneområda vi skal prioritere på Universitetet i Bergen framover, sa han, og peika også på det tette samarbeidet UiB har med internasjonale samarbeidspartnarar.

Dekan Langeland understreka at sjølv om Det medisinsk-odontologiske fakultet er administrativt ansvarleg for satsinga, er dette eit tverrfagleg arbeid, der fakulteta er likestilte partnarar. Ho sa dei tre underpunkta; migrasjon, helse og ulikskap, er valde fordi dette er viktige og aktuelle tema der alle fakulteta har god kompetanse.

Ottar Mæstad er direktør for Chr. Michelsens Institutt. Han gratulerte UiB med satsinga, og meinte dette er viktig også for alle partar utanfor Universitetet, som jobbar med globale utfordringar. Masterstudent Sondre J.C. Kvamme fokuserte i sitt innlegg på moglegheitene som ligg i samarbeid mellom fakultet og disiplinar, med spesielt fokus på studiar.

Nye tverrfaglege studieprogram

Til lanseringa var professorar og forskarar frå dei sju fakulteta ved UiB inviterte til å halde innlegg om internasjonal forsking på deira fakultet. Kvart innlegg vart så kommentert av ein dekan på eitt av dei andre fakulteta. Dette førte til ei lang rekke tankevekkande innspel, til dømes om tema som politikk, barnehelse, menneskerettar, tiltak for å redusere dødelege sjukdomar som HIV og malaria, og kva biologiske studiar av torskebestanden kan seie om menneskeleg påverknad av krinsløpet.

Det nyaste fakultetet på UiB - som starta opp i januar - er Fakultet for kunst, musikk og design. Her viste professor Frans Jacobi filmen Dignity, regissert av Michelle Teran, som tok for seg ei spesiell form for krise-aktivisme som omhandlar okkupasjon av tomme bygningar i Madrid; og dei sosiale mønstera som oppstår. Det er eitt av fleire prosjekt der fakultetet tek for seg store politiske spørsmål, og representerer desse med særeigne vinklingar og perspektiv som skil seg ut frå dei fleste andre fagfelt.

Dekan Jarle Eid ved Det psykologiske fakultet tok i sin kommentar opp tråden rundt verdigheit, og kva det betyr, sett frå eit psykologisk ståstad. Det psykologiske fakultet kan tilby ny kunnskap om til dømes følelsar og menneskelege handlemønster. Eid argumenterte for at ein kan trekke linjene frå store samfunnsspørsmål til det individuelle planet, og meinte dette kan gje kunnskap om korleis ein kan utforske og identifisere element av verdigheit, til dømes når det gjeld migrasjon eller helsevesenet.

Eid sa vidare at dette er noko dei fleste fakultet på Universitetet vil kunne gje nye perspektiv på, og at dette er eit døme som lovar godt for framtida til satsingsområdet.

I den siste delen av konferansen sa professor ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Astrid Blystad og professor ved Det samfunnsvitskaplige fakultet, Ståle Knutsen, at dei er med i ei arbeidsgruppe ved Universitetet som er i ein tidleg fase i arbeidet med å få på plass eit nytt tverrfagleg studieprogram, som omhandlar globale samfunnsutfordringar.

Skal bygge vidare på eksisterande samarbeid

Direktør for Senter for internasjonal helse, Bente E. Moen, understreka også at eit slikt prosjekt treng eit godt samarbeid med administrasjonen, og at å bygge opp den administrative eininga, saman med den vitskaplege eininga, vert avgjerande for å lukkast.

Dekan Nina Langeland konkluderte med at ho hadde fått mykje inspirasjon av det ho hadde sett denne dagen.

– Vi har sett at ein på mange prosjekt ved UiB allereie samarbeidar på tvers av fagfelt, og det er noko vi skal bygge vidare på i denne satsinga, sa ho.