Hjem

Aktuelt

Nyheter

Dette veit forskarane om plast i havet

Minst åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. 2. juni 2017 opna utstillinga om kvalen som synte ei heil verd kor skadeleg plastforureininga er.

plast hvalmage

plast hvalmage

Då forskarane frå Universitetet i Bergen opna magesekken på kvalen som stranda utanfor Sotra i januar 2017, kunne dei trekke ut rundt 30 plastposar og store plastflak, i tillegg til ein del små plastbitar. Tarmsystemet til kvalen var tømt for næring, feittlaget var tynt, og vekta var relativt låg for ein kval på denne størrelsen.

2. juni 2017 opna Universitetsmuseet i Bergen ei utstilling om plastkvalen, der ein mellom anna kan sjå plasten frå kvalmagen og deler av skjelettet. I tillegg presenterer museet det siste innan forskinga på plastforureining.

Ein av dei som har bidrege til utstillinga er økotoksikolog Marte Haave, som har forska på mikroplast ved Uni Research. Haave er også blant dei som no ønsker å forske på plastkvalen.

- Det er mykje forskinga endå ikkje har svar på. Me treng å utvikle metodar og lære oss korleis ein skal kunne dokumentere kor mykje plast det finst i miljøet, kvar det er mest, og kva skadeeffekter plast har, seier Haave.

Plasten vil aldri forsvinne

Sjølv om det er mykje ein enno ikkje veit, er forskarane einige om at plast i havet er eit stort miljøproblem.

- Konsekvensane av at sjøfugl, fisk og botnlevande dyr et plast, er godt dokumentert. Blant anna er det eit kjent problem at dyr som et plast kan tilstopppe eller skade fordøyelseskanalen eller vikle seg inn i plast og bli deformert ved vekst eller drukne, seier Magnus Svendsen Nerheim. Han utdanna marinbiolog ved UiB og har forska på plast i havet.

- For å få oversikt over omfanget av plastforureininga på verdsbasis er det gjort mange studiar der ein har forsøkt å fastsetje kor mye plast som finst i havet. Med tanke på at havet dekkar over 70% av jorda si overflate, er det svært vanskeleg å finne konkrete tal, men sjølv med svært usikre tal er det snakk om ufattelege mengder. Me veit også at plasten aldri forsvinn, men brytast ned til mindre og mindre bitar. Når plasten blir liten nok, forsvinn den frå havoverflata, og det finst store mengder mikroplast på havbotnen, seier Nerheim.

Om 33 år kan det vere meir plast enn fisk i havet

Sidan 1950 har plastproduksjonen i verda auka drastisk, og me produserer no om lag 320 millionar tonn plast i året. Ifølgje ein rapport frå World Economic Forum hamnar minst 8 millionar tonn av denne plasten i havet kvart år. Det tilsvarar 15 tonn kvart minutt.

Viss me held fram som i dag, vil havet innan 2025 inneholde eitt tonn plast per tre tonn med fisk. Innan 2050, vil det vere meir plast enn fisk i havet, slår den same rapporten fast.

Omlag 90 % av plasten i havet kjem frå land og 10 % frå skipsfart. Mykje kjem frå industrien og mykje frå vanlege forbrukarar. Aller mest kjem det frå dei områda der det bur mykje folk og der ein ikkje har godt utvikla gjenvinningssystem.

I magen på kvalen som blei funnen utanfor Sotra, kunne forskarane trekke fram rundt 30 plastposar. Men i magen på kvalen blei det også funne små bitar mikroplast. Kva veit me om desse bitane? Og kva med bitane som er så små at me berre kan få auge på dei gjennom eit mikroskop?

All plast blir til mikroplast

Mikroplast er plastbitar som er mindre enn 5mm. Desse finn ein mellom anna i hudpleieprodukt, tannkrem, dei blir brukt til å fjerne rust på båtar og maskiner, innan medisin eller industrien. Men det meste av mikroplasten som finst i havet er brutt ned frå større bitar plast.

Sjølv om plastbitane er små, er dei slett ikkje ufarlege, fortel økotoksikolog Marte Haave.

- Desse kan gjere stor skade hos dei minste dyra. Mikroplasten kan lage blokkeringar i tarmane og senke evna til reproduksjon hos små dyr. Ein har også sett at nanoplast har gått inn i sirkulasjonen hos krabbe og blåskjell.

Ein veit endå ikkje om menneske kan ta skade av å ete blåskjell eller krabbe som har tatt opp mikroplast i vevet, eller om den minste plasten kan gå inn i kjøtet på fisk eller andre skalldyr. Her er det eit stort behov for forsking, seier Haave.

- Det eg er mest bekymra for er at plast skal komme ut i heile næringskjeda, at alt me et og drikk skal inneholde mikroplast eller nanoplast. Nanoplastbitane er så små at dei potensielt kan gå inn i cellene til dyra. Det er ikkje dokumentert at dei kan vandre oppover i næringskjeda og hamne på matbordet vårt, men det kan vere ei fare viss plasten blir så liten at den går over celleveggen og inn i kjøtet, at han då vil kunne overførast til rovdyr og menneske.

Plast "suger til seg" miljøgifter

I plast finst det tilsetjingsstoff som kan vere skadelege dersom dei kjem ut av plasten, i tillegg kan plast ta opp miljøgifter som alt finst i miljøet. Forskarane er opptatt av å finne ut om og korleis desse påverkar liv.

Molekylærbiolog Odd Andre Karlsen er leiar for ei gruppe forskarar ved UiB som forskar på miljøgifter i havet, blant anna miljøgifter som også finst på og i plast.

- Me veit at miljøgifter kan forstyrre hormonsystemet i dyr og menneske, og dermed blant anna påverke evna til reproduksjon og utvikling. Miljøgifter hamnar gjerne i feittvev, kan hope seg opp i organismar, og det tek veldig lang tid før organismane får skilt dei ut. På dei høgaste nivåa i næringskjeda finn ein mest miljøgifter, og det er gjerne dei som er på toppen som er mat for menneske. Det er difor me i Norge har kostholdsråd som seier at ein ikkje skal ete skalldyr og fisk frå enkelte område med høg grad av forureining, seier Karlsen.

Det er eit kjent problem for forskarane at organismar i havet kan feste seg til plasten. Slik kan desse organismane bli transporterte på tvers av store havområde inn i økosystem der dei ikkje høyrer heime, og skade organismar og dyr som lever der. Men miljøgifter kan også "haike" på denne måten.

- Plast ser ut til å kunne ta opp miljøgifter som alt finst i havet og frakte dei vidare. På den måten kan det vere eit slags transportmiddel for miljøgifter inn i organismar. Etter kvart som at desse organismane vert etne av større dyr, kan miljøgifter frå plast komme inn i næringskjeda. Der kan det vere at plasten "slepper" desse miljøgiftene, men dette veit me ikkje nok om, seier Karlsen.

Kva no?

Forskarar ved Institutt for biologi har nyleg gjennomført eit prosjekt der dei sette ut bur med torsk i Kollevåg på Askøy i seks veker, for å finne ut om fisken blir påverka av miljøgifter.

- Me har fleire prosjekt framover der me skal sjå på effektar av miljøgifter på torsk og blandingseffektar av desse. Blant anna dei «nye» miljøgiftene som kan lekke frå plastikk, som me ønsker å forske meir på, seier Karlsen.

Ved Uni Research har Marte Haave forska på mikroplast i sediment og bunndyr, mellom anna for å kunne seie noko om kor mykje mikroplast det finst i våre nærområde og kva denne mikroplasten kan føre til hos bunndyra.

- Det står nok av forskarar klare som ønsker å forske på dette, men me får ikkje midlar og utan pengar får me ikkje gjort noko, seier ho.

- Veit nok til at me må handle no

Sjølv om ein endå ikkje veit alt om omfang og følgjer av plasten i havet, meiner Haave det er avgjerande at me ikkje ventar med å ta tak i problemet.

- Det viktigaste no er å redusere utslepp. Me må erstatte plast med andre materiale der me kan. Halvparten av plasten som blir laga i dag, er laga for eingongsbruk. Det er heilt meiningslaust å bruke evigvarande materiale til ting som berre skal brukast ein gong.

Marinbiolog Magnus Svendsen Nerheim etterlyser dei sosiøkonomiske og lovmessige perspektiva i diskusjonen rundt plasten i havet.

- For kvar forskingsartikkel som blir publisert får me eit enda klarare bilde på at me gjennom vår uvettige bruk av plast skapar eit større og større miljøproblem. Det finst meir enn gode nok bevis på at me må tenke annleis om korleis me brukar plast. Me må sikre at plast ikkje endar opp i miljøet ved hjelp av god infrastruktur for resirkulering, insentivordningar og/eller gjenvinningsløysingar som gjer det enkelt å velgje miljøvennleg, samt klare juridiske rammer som ansvarleggjer produsentar og forbrukarar av plastprodukt.

UiB si ekspertliste: Desse kan svare på spørsmål om #plastkvalen