Hjem
Click

Aktuelt

Nyheter

UiB mest sitert

UiB er igjen landets mest siterte universitet. Det viser resultata frå ny stor, kartlegging. Også på verdsbasis klatrar UiB på rangeringa på grunn av godt siterte og internasjonale forskarar.

museet.jpg

The University Museum with Cafe Christie

Universitetet i Bergen er også i år inne blant topp 200 blant universiteta i verda på den prestisjetunge QS-rankinga. UiB har klart å holde stand i denne gruppa sidan 2009, og klatrar i år fleire plassar på tabellen. Totalt går UiB fram 13 plassar frå i fjor og ligg dermed på 164 plass i årets rangering. Medan UiB går fram, fell til samanlikning Universitetet i Oslo fra 113 til 142. NTNU ligg stabilt på 259. plass.

Skårar på siteringar og internasjonalt tilsette

QS-rangeringa nyttar seks indikatorar for å rangere universiteta (Sjå faktaboks).

Det er spesielt på dei to punkta som omhandlar siteringar og internasjonale forskarar at UiB kjem godt ut. Det gledar rektor Dag Rune Olsen.

– Siteringar er så nært vi kjem eit objektivt mål på vitenskapleg kvalitet. At vi viser godt igjen på dette feltet, er noko som er viktig for oss. Vi er også eit universitet med klare internasjonale ambisjonar, og er glade for å ha internasjonale forskarar og forskningsmiljø. Det viser også igjen i desse resultat fra QS, seier Olsen.    

Marint miljø i verdseliten

QS World University Rankings publiserte tidlegare i vår resultat basert på fagområder. Her utmerka det marine miljøet ved UiB seg og vart kåra til det 37. beste i verda.

Les saka: Det marine forskningsmiljøet ved UiB blant verdens beste

– Heilt ærleg er eg ikkje direkte overraska over at vi gjer det godt. Eg trur dette handlar om at vi har eit unikt maritimt miljø her i Bergen, seier professor Dag Aksnes ved UiB. Biologen blei sjølv nyleg publisert i Science Advances med ein aktikkel som avdekker korleis lys styrer verdas største migrasjonar i havet.

– Vi har ein sterk tradisjon for marin forsking og sterke fagmiljø ved UiB. I tillegg og samarbeider vi godt med dei andre institusjonane her. Eg trur også gode kontaktar internasjonalt hjelper oss å vise igjen der ute med forskinga vår.

Må ha noko å fare med

Sjølv seier han at han nok tenker lite på å vere strategisk når det kjem til sitering, men at han samtidig ser på det som viktig at han og andre når ut med forskingsresultata sine.

Ein skal ikkje sjå seg blind på sitering, men det er viktig at folk og andre forskarar blir klar over nye funn. Eg trur det aller viktigaste i denne sammenheng er robuste og interessante resultat. Å levere forskningsresultat av høg kvalitet, er tross alt det viktigaste grunnlaget for å bli sitert. Eg jobbar sjølvsagt aktivt for å få forskinga mi publisert, men det aller viktigaste er å ha noko å fare med, seier Aksnes.    

Marin forskning er eitt av UiBs tre satsingsområder for perioden 2016-2022. Universitetet i Bergen er Norges største marine universitet, med høg internasjonal kvalitet på forskning og utdanning og med fleire forskningsmiljø i verdensklasse.

I tillegg til Earth & Marine Sciences, er UiB inne på topp 100 på to andre fagområder. Både arkeologi og antropologi blir plassert mellom 51 og 100, som er ein svært god plassering i dette selskapet.

Knytter kontaktar i New York

Marin direktør Amund Måge er denne veka på FNs store havkonferanse i New York

– Dette understrekar berre kor viktig det er å bygge nettverk internasjonalt. Her i New York bruker vi anledninga til å inngå nye partnerskap med universitet og forskningsinstitusjoner frå heile verda, seier Måge og legg til:

– Ikkje minst ser vi kor viktig det er å arbeide aktivt for å posisjonere oss på våre satsingsområder: marin, klima og energiomstilling og globale samfunnsutfordringar. På havkonferansen inngår vi fleire samarbeid på desse områda.

Anerkjennelse

QS World University Rankings vert av mange rekna som ein av dei tre store universitetsrangeringane saman med Shanghai og Times Higher Education. 

Heilt på toppen av årets rangering ligg tre amerikanske universitet - Massachusetts Institute of Technology, Stanford og Harvard. Beste europeiske er University of Cambridge på ein femte plass.

- Sjølv om det heilt sikkert kan diskuterast kor viktige desse rangeringane er, bidreg det til å gje anerkjennelse til dei mange dyktige tilsette ved UiB, seier Olsen som er stolt over at UiB i denne generelle rangeringa frå QS, skil seg positivt ut og klatrar mest av dei norske.

Sjå heile rangeringa her: QS World University Rankings