Hjem

Aktuelt

Nyheter

Forskarar frå heile verda er samla i Bergen

- Eg trur dette vil gje nye og viktige innfallsvinklar til mi eiga forsking, seier phd-stipendiat frå Ghana, Evans Manu. Han er ein av 97 forskarar som deltek på Bergen sommer-forskerskole 2017.

Evans Manu, Portia Adade Williams, Mark Stevenson, Prudence Atukanda

Evans Manu, Portia Adade Williams, Mark Stevenson, Prudence Atukanda
Evans Manu, University of Ghana; Portia Adade Williams, University of Cape Town; Mark Stevenson, NUI Galway og Prudence Atukanda, Universitetet i Oslo.
Foto:
Paul S. Amundsen

Ved eit kantinebord på Studentsenteret i Bergen har fire forskarar funne tonen, berre halvveges inn i fyrste dag av Bergen sommer-forskerskole.

Evans Manu, Portia Adade Williams, Mark Stevenson og Prudence Atukanda er blant ph.d.-stipendiatane som i to veker frå 12. - 22.juni skal utveksle kunnskap og idear om felles globale utfordringar rundt migrasjon, klima- og miljø, demokrati, global helse, vannforvaltning, fattigdom og språk. 

- Eg skal delta på Terje Tvedt sitt kurs om vannforvaltning i den moderne verda, og ser veldig fram til det. I Ghana er nesten alle vannressursane forureina av illegal gruveaktivitet. Det er viktig å lære om korleis me kan leve i lag i ei verd der klimaet endrar seg og befolkinga aukar, slik at me ikkje øydelegg ressursane til den neste generasjonen. Eg trur dette vil gje nye og viktige innfallsvinklar til mi eiga forsking, seier Evans Manu som forskar på vannforvaltning ved Universitetet i Ghana.

- Viktig for UiB si satsing på globale utfordringar

Bergen sommer-forskerskole er eit tverrfagleg tilbod til ph.d.-stipendiatar som er opptatt av globale utfordringar, og vert leia av UiB, i samarbeid med NHH, CMI, VHL og Uni Research.

Årets tema, globale utfordringar, er eit av Universitetet i Bergen sine tre satsingsområde, og del av strategien for 2016 - 2022: Hav, liv, samfunn. 

- Bergen sommer-forskerskole er svært viktig for eit universitet som vårt, men også for det akademiske samfunnet i sin heilskap. Me treng å engasjere oss i eit globalt forskingssamfunn. Eg er glad for at så mange er her for å dukke ned i desse viktige spørsmåla, og sjå på dei frå eit internasjonalt perspektiv, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen under opninga 12.juni.

Han framheva også det tverrfaglege fokuset Bergen sommer-forskerskole har.

- Årets sommarskule vil adressere nesten alle måla FN har definert for ei bærekraftig utvikling, og knytter seg til alle fakulteta ved universitetet. Globale utfordringar kan ikkje bli løyst eller forstått av eit fag åleine, sa Olsen.

10 år med Bergen sommer-forskerskole

Professor Kjersti Fløttum ved Institutt for fremmedspråk er ein av initiativtakarane til forskarskulen, som no har blitt arrangert i Bergen i ti år. Som Olsen, framhever ho også det tverrfaglege fokuset.

- Me ønsker å skape ein arena for møte mellom forskarar frå ulike bakgrunnar. Det skal ikkje gå på kostnad av fagkunnskapane som må ligge i botn, men dette er ein sjanse til å få innblikk i andre måtar å gjere ting på enn dei ein har med seg frå eige fag. Det trur me vil vere verdifullt for kvar enkelt forskar.

- Det unike med denne forskarskulen er at me får samla folk frå heile verda, frå land der folk har mange ressursar og land der ein ikkje har den same velstanden. Me deler ut stipend, fordi mange ikkje har moglegheita til å betale for ei slik reise og opphald. Dette er heilt nødvendig når me skal ha ein dialog om globale utfordringar. Me må møte dei som har andre perspektiv og utfordringar enn det me har, seier Fløttum.

Ein sosial arena for forskarar

I tillegg til den faglege biten, trekker fleire av deltakarane fram moglegheita for å bygge nettverk og samarbeid som ein viktig grunn til at dei søkte på årets forskarskule.

Portia Adade Williams er stipendiat ved University of Cape Town i Sør-Afrika, og er i Bergen for å delta på kurset Agenda 2030: Poverty, Climate change and sustainability som er nært knytta opp mot forskinga hennar. Ho trekker også fram forskarskulen som ein sosial arena.

- Me forskar på mange ulike ting, men har ei felles interesse. Det skapar moglegheiter for gode forskingssamarbeid. I framtida vil me kanskje få behov for nokon som kan komme og halde forelesingar på vårt eige universitet, eller me kan sjå moglegheita til å gjere studiar saman. Så det handlar ikkje berre om forskingsbiten, det sosiale er veldig viktig. Dette strekker seg langt ut over det som skjer i Bergen desse vekene, seier Williams.