Hjem
Click

Aktuelt

Nyheter

Ny forsking på berekraftig lakseoppdrett

Tre nye doktorgrader ved UiB presenterer forsking som kan bidra til å løyse utfordringar i oppdrettsnæringa.

Lakseoppdrett Norge

Lakseoppdrett Norge
OPPDRETT: Mathias Stølen Ugelvik, Sara Calabrese og Frida Solstorm har forska på lakselus, lukka oppdrettsanlegg og vasstrøm i oppdrettsanlegg.

Norske oppdrettsanlegg produserer over 1,3 millionar tonn laks kvart år, men næringa slit med miljøutfordringar som rømming av laks og lakselus.

Tre forskarar knytta til Universitetet i Bergen har nyleg disputert med doktorgradsprosjekt som kan bidra til eit berekraftig lakseoppdrett. Blant dei er Mathias Stølen Ugelvik, som har forska på lakselus.

- I oppdrettsanlegg lever lakselusa under andre forhold enn ute i naturen. Her har lusa stor tilgang på laks ho kan feste seg på, og ho lever kortare på grunn av bruk av kjemikaliar og slakting av laksen. Me ville finne ut om dette fører til evolusjonære endringar hos lakselusa, mellom anna til varige endringar i korleis lakselus reproduserer seg, seier Ugelvik.

Gjorde meir skade på laksen

Ved å samanlikne lus frå område med og utan oppdrett, såg forskarane at lus frå område med oppdrett førte til meir skade på laksen dei hadde festa seg på, som hudskade og redusert vekst.

I tillegg reproduserte lus frå område med oppdrett seg tidlegare, festa seg til og utvikla seg lettare på laksen, men hadde lågare reproduksjon og levde kortare som vaksen lus. Det kan tyde på at forhold i oppdrettsanlegg kan ha ført til evolusjonære endringar hos lakselusa.

- Dette kan ha stor praktisk betydning for oppdrettsnæringa. Det syner kor viktig det er å ikkje berre finne kortsiktige løysingar, som bruk av kjemikalier, for å redusere problemet med parasittar, men at ein også må vurdere kva konsekvensar desse løysingane kan ha i det lange løpet.

- Evolusjonære endringar hos lakselus og andre parasittar, kan gjere problemet større i framtida. Me må difor i mykje større grad vurdere dei langsiktige konsekvensane av måten me driv anlegga på, og finne metodar som reduserer førekomsten av parasittar, utan at det fører til parasittar som gjer meir skade på verten, seier Ugelvik.

Doktorgradsprosjektet “Salmon lice as models for understanding life history evolution of parasites under intensive farming” er gjort ved Universitetet i Bergen, og er del av prosjektet Salmon lice as models for understanding life history evolution of parasites.

Forska på lukka anlegg

I dag foregår det meste av lakseoppdrettet i Norge i opne merder i sjøen, men fleire og fleire tek i bruk lukka anlegg på land. Ein forskar også på korleis lukka anlegg i sjøen kan bidra til å løyse utfordringar relaterte til opne anlegg.

- Det er viktig å korte ned tida som fisken er i opne merder, for det er der utfordringane finst. Det handlar om fisk som rømmer, lakselus, og tap av oppdrettsfisk fyrste tida i dei opne anlegga, seier Sara Calabrese.

Ho har forska på kva som gjev godt miljø og god fiskevelferd i lukka oppdrettsanlegg, der fisken er skjerma frå det naturlege miljøet av ei fysisk barriere. 

I avhandlinga "Environmental and biological requirements of post-smolt Atlantic salmon (Salmo salar L.) in closed-containment aquaculture systems" har Calabrese mellom anna kartlagt kor mykje fisk ein kan ha i dei lukka anlegga. Resultata syner at ein kan ha 75 kilo fisk per kubikkmeter vatn, utan at dette går ut over velferda hos post-smolt laks (sjøvatn-tilvendt laks, opptil 1 kg.).

Forskinga hennar syner også at laksen føretrekker brakkvatn framfor sjøvatn i lukka anlegg på land med resirkulering av oppdrettsvatnet, og at auka hastigheit på vatnet er bra for veksten til laksen.

- Dette er viktig fordi det syner korleis ein kan lage betre levekår for laksen i lukka anlegg, og gjere drifta meir lønnsom, slik at oppdrettsnæringa i større grad kan ta i bruk lukka anlegg. Når ein veit at ein kan ha meir fisk i dei lukka anlegga i sjøen, utan at det går utover velferda og vekst hos fisken, kan det fungere bra med lukka anlegg, sier Calabrese.

Doktorgradsprosjektet inngår i forskinga til CtrlAQUA, senter for forskningsdrevet innovasjon. Calabrese har vore Nærings-ph.d ved Universitetet i Bergen i samarbeid med oppdrettsselskapet Marine Harvest.

Korleis blir laksen påverka av vasstraum?

Frida Solstorm disputerer med ei avhandling der ho har forska på korleis vasstraum (hastigheita på vatnet) påverkar fisk i oppdrettsanlegg.

- Dette er viktig å vite fordi ein vurderer å plassere oppdrettsanlegg på stader der hastigheita på vasstraumen er høgare. Der vil vatnet fisken svømmer i, i større grad bli skifta ut. Det gjer at avfall frå fisken forsvinner, og vatn med «nytt» oksygen kjem inn. Dette er bra for fisken, og konsekvensar av belastninga på miljøet kan også vere mindre på stader med høgare vasstraum, seier Solstorm.

Tidlegare forsking har synt at hastigheita på vatnet er noko ein må ta omsyn til i oppdrett, men ein har ikkje visst nok om korleis høge vasstraumar påverkar den enkelte laksen.

I forsøka sine såg Solstorm negative effektar som redusert vekst, fleire finneskader og ei monoton åtferd hos fisken, alt ved ein vasstraum på 1,5 fiskelengder, eller 36 cm per sekund.

- Å flytte oppdrett til stader med høgare hastigheit på vatnet, kan bidra til godt vassmiljø for fisken og ein meir berekraftig produksjon. Men ein må ta omsyn til vasstraumen, som heilt tydeleg påverkar laksen.

- Viss ein skal plassere anlegg der det er høg vasstraum, bør ein vurdere avbøtande tiltak som sikrar akseptabel vasstraum for laksen. I lukka anlegg kan ein sette opp den rette vasstraumen, seier ho.

Doktorgradsprosjektet «The effect of water currents on post-smolt Atlantic salmon, Salmo salar (L.). A welfare approach to exposed aquaculture» blei gjennomført ved Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Matre, og er knytt til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.