Hjem

Aktuelt

Media City Bergen

– Det vi ser her er moglegheitene sin arena!

Universitetet i Bergen og dei andre bedriftene signerte i dag for overtakinga av Media City Bergen.

innflyttere.jpg

Representantar for dei ulike bedriftene som flyttar inn i Media City Bergen

– Dette er dykkar visjon om den unike medieklynga i Bergen. Kjære alle saman, gratulerer, og velkomen til MCB, sa Kristin Haug Lund, direktør for prosjektutvikling i Entra. Dei har vore ansvarleg for oppussinga av det tidlegare DNB-bygget i Lars Hilles gate 30.

UiB, TV 2, NRK, BA, BT, Vizrt og fleire andre bedrifter signerte i dag på overtakinga av Media City Bergen.

– Det var spennande å endeleg fullføre noko som har gått over fem år. Det er ein lang prosess. Dette blir faktisk første gong UiB legg studentaktivitet heilt utanfor campus, så det blir eit spennande eksperiment framover, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, som signerte overtakinga for UiB.

– Det spesielle er jo at ein kjem så tett på dei ulike mediebedriftene, og det er jo den kyngetenkjinga som blir spennande å teste ut her. Dette er den første klynga vi opnar, så konseptet blir viktig å følgje og vidareutvikle undervegs.

45 000 kvadratmeter i stadig utvikling

Allereie i august skal over 200 studentar flytte inn, i tillegg til lærings- og formidlingslaben som skal utvikle tenester knytt til undervisning og formidling. Dette vert første gong studentaktivitet vert flytta fullstendig utanfor UiB sitt campus.

Bygget vart innvia med ein seremoni i det store inngangsatriet, omtala som «hjartet og limet i bygget». 620 000 produksjonstimar har gått for å få alle bestanddelar på plass i Media City Bergen, og sjølv om innflyttinga alt har starta, og den offisielle opninga kjem i november, uttalte eigedomssjef i MCB, Svein Ove Søreide, at dette er eit bygg som aldri skal slutte å utvikle seg.

– For oss i TV 2 er dette ein dag vi har sett fram til lenge. Kanskje i 25 år, sa TV 2-veteran Øyvind Johannessen på vegne av dei ulike leigetakarane, og fortalte historia om korleis det gamle kontoret på Nøstet sjølv då ikkje vart sett på som moderne nok for ein TV-kanal.

Det nye MCB-bygget er han derimot begeistra for:

– Det vi ser her er moglegheitene sin arena!

Dei seks nye UiB-studia er tenkt å samarbeide tett med medieklyngebedriftene dei skal dele hus med.