Hjem

Aktuelt

Nyheter

Styrka internasjonalt fokus

30. august var det offisiell opning av Internasjonalt senter UiB. Det er eit viktig ledd i arbeidet med å styrke universitetet sitt internasjonale fokus.

intsenter.jpg

Opning av Internasjonalt senter UiB
Avdelingsdirektørane Sonja Irene Dyrkorn (HR), Christen Soleim (SA) og Heidi A. Espedal (FA) klipte snora under opninga av Internasjonalt senter UiB.
Foto:
Emil Weatherhead Breistein

- Internasjonalisering kjem ikkje av seg sjølv. Internasjonalt senter skal vere ein pådrivar og legge til rette for dette viktige arbeidet, sa prorektor Margareth Hagen under opninga, og peika på at det internasjonale fokuset er noko som pregar både forsking og studiar ved UiB.

Tverrfagleg

Det er to år sidan universitetsdirektøren sette i gang arbeidet med å etablere eit senter på tvers av sentraladministrative avdelingar. Målet var å styrke den administrative innsatsen i universitetet sitt internasjonale virke, og at senteret skal vere ein pådrivar for internasjonalt samarbeid på UiB.

I nye og flotte lokale i andre etasje på Studentsenteret, er no UiB-tilsette med internasjonal kompetanse frå HR-avdelinga, Forskingsadministrativ avdeling og Studieadministrativ avdeling på plass.

Grunna semesterstart har det sidan 7. august vore mogleg for studentar og andre å henvende seg til senteret, men dei tilsette er no glade for at snora endeleg kunne klippast. Den offisielle opninga var det dei tre avdelingsdirektørane ved senteret, Sonja Irene Dyrkorn (HR), Christen Soleim (SA) og Heidi A. Espedal (FA) som stod for.  

Råd og støtte

Senteret skal mellom anna gi råd og støtte til fakulteta og institutta, vere eit Euraxess-kontaktpunkt, ta imot internasjonale nye tilsette, gi råd til forskarar som skal på forskingsopphald i andre land, og hjelpe internasjonale studentar ved semesterstart. I samarbeid med fagmiljøa skal senteret og vere ein ressurs for UiB-studentar som reiser utanlands.

- Det nye er at ein har samla den internasjonale kompetansen, og skal jobbe på tvers av avdelingar. Det er noko vi trur og håpar vil gje gode synergieffektar, seier senterleiar Nina Gry Stein og Elin Berge Flo i Studieadministrativ avdeling (SA).

Auke i utveksling

I sin tale under opninga sa leiar av Studentparlamentet, Håkon Randgaard Mikalsen, at god utdanning krev internasjonalt samarbeid.

Han viste mellom anna til at 28 prosent av studentane ved UiB dreg på utveksling, og at målet for universitetet er at talet skal vere 40 prosent innan 2022. I tillegg peika han på dei mange internasjonale studentane som kjem til Bergen, og den styrken dette er for UiB.

- Det er behov for å samle den internasjonale kompetansen, og eg har store forventningar til senteret, sa han på vegner av studentane.

Internasjonal erfaring

Også Stein og Flo meiner det er ein stor fordel å skaffe seg internasjonale erfaringar.

- Å lære eit nytt språk, oppleve andre kulturar, og bygge internasjonale nettverk. Dette er nyttige og gode opplevingar, og også kvalitetar som framtidige arbeidsgjevarar vil sette pris på, seier dei.

Dei oppmodar difor UiB-studentar til å reise på utvekslingsopphald, og er glade for at så mange internasjonale studentar kjem til Universitetet i Bergen.

- Internasjonale studentar skaper eit rikare studentmiljø på UiB.

Møtestad

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm er overtydd om at det nye senteret vil løfte universitetet sitt arbeid med internasjonalisering.

- Vi har no tre administrative avdelingar med internasjonal kompetanse som ikkje berre samarbeider, men som sit samla. Slik tilpassar vi administrasjonen til brukarane sitt behov, og det er ein tankegang vi vil sjå meir av på Universitetet i Bergen, også på andre felt i tida framover, sa han.

Bernstrøm la i tillegg vekt på at det nye senteret vil styrke Studentsenteret som ein møtestad for alle.

Internasjonale studentar

Juss-student Francesco Schmidt frå Italia og marin biologi-student Cian Kelly frå Irland er begge nye studentar i Bergen. Dei har begge vore innom Internasjonalt senter i samband med studiestarten. Schmidt skal vere på UiB i seks månader, for å ta deler av ein grad frå Toronto University, medan Kelly skal studere i Bergen dei komande to åra.

Begge har eit godt fyrsteinntrykk av Bergen og UiB. Dei nemner spesielt naturen og studentmiljøet som positive opplevingar så langt.

- Vi likar at ein i studentmiljøet er så tett på menneske frå heile verda. Men vi ønsker også å bli kjent med lokalbefolkninga og kulturen her i løpet av opphaldet, seier dei.