Hjem

Aktuelt

Nyheter

UiB er det mest siterte universitetet i landet

Den prestisjefylte rangeringa Times Higher Education plasserar UiB blant dei 100 mest siterte universiteta i verda.

museplass.jpg

Museplass i retning naturhistorisk museum
NY RANGERING: Universitetet i Bergen blir i 2017 rangert som mellom dei 201 til 250 beste universiteta i verda av Times Higher Education.

– UiB ynskjer å være eit internasjonalt relevant universitet, difor er dette gledelig, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Times Higher Education rangerar årleg dei beste universiteta i verda på ulike indikatorar (sjå faktaboks). Totalt sett ligg UiB som ifjor på ein delt 201.-250. plass på rangeringa.

Blant universiteta i Noreg er UiB rangert øvst på sitering og internasjonal profil, og er i år også inne på topp 100 mest siterte universitet i verda. Rektor Olsen er godt nøgd:

– Dette viser at forskinga som utførast har internasjonal interesse og internasjonalt gjennomslag, noko som ikkje hadde vore tilfelle om den ikkje også heldt høg kvalitet.

Stabilt på dei tre største rangeringane

I år får UiB 90 på siteringsindeksen, mot 86,2 i fjor, og vi ligg stabilt på 74 på indeksen for internasjonal profil – som blant anna baserar seg på antalet utanlandske studentar, ansatte og medforfattarar i forskning. 

– Dette viser også betydningen av å publisere internasjonalt dersom ein ynskjer at ny kunnskap, som følgje av forskinga, skal kome det internasjonale samfunnet til gode.

På dei tre største rangeringane – Times Higher Education, QS-rangeringa, og The Academic Ranking of World Universities, også kalla Shanghai-rangeringa – ligg universitetet nokolunde stabilt. Kvar av desse nyttar litt ulike metodar for rangering, men også i årets QS-rangering vart UiB plassert høgt på siteringsindikatoren:

– Siteringar er så nært vi kjem eit objektivt mål på vitenskapleg kvalitet, sa Olsen då.