Hjem

Aktuelt

Nyheter

Nytt karriereprogram gir drahjelp til unge forskarar

- Om ein vil bygge ei forskerkarriere, er det ikkje nok å vere fagleg dyktig eller ha eit stort talent, seier prorektor ved UiB Margareth Hagen.

Margareth Hagen

Margareth Hagen
Prorektor Margareth Hagen ønsker ei auka satsing på yngre forskarar.
Foto:
Emil Weatherhead Breistein

I september 2017 lanserer UiB karriereprogrammet Momentum for yngre forskarar. Programmet er eit heilt nytt tiltak der postdoktor-kandidatar og førsteamanuensar ved universitetet kan søke om å delta.

- Rektoratet ønsker å ha særleg fokus på yngre forskarar som ønsker å satse på ei vitskapleg karriere. Karriereprogrammet er ein viktig del av denne satsinga, seier prorektor Margareth Hagen.

Deltakarane får mentoroppfølgjing og eigne samlingar. Der lærer ein mellom anna om korleis ein kan handtere utfordringar som balansering av forskingsaktivitetar, stadig fleire prosjekt, samspel mellom forsking og undervisning, samarbeid med administrativ støtte, koplinga til næringslivet, tverrfaglege satsingar, og internasjonalisering.

- Ikkje nok å vere fagleg dyktig

Bakgrunnen for satsinga er eit akademisk landskap i rask utvikling, som stiller høge krav til profesjonell drift og utvikling av forskningsprosjekt. Gjennom programmet får deltakarane tilgang på verdifulle nettverk og kompetanse til å utvikle si eiga vitskaplege karriere.

- Det akademiske landskapet har blitt meir internasjonalt, konkurranseutsett og basert på eksternfinansiert forsking. Om ein vil bygge ei forskerkarriere, er det ikkje nok å vere fagleg dyktig, eller ha eit stort talent, seier Hagen.

- Ein kan ha flaks, men det beste – også for å ha ein god arbeidssituasjon - er å ha ein plan, kunne handverket og vere bevisst på alt som skal til for å lykkast som forskar. Ein må vite korleis ein skapar eit nettverk, korleis ein bygger ein god CV, kvar det er lurt å publisere, og korleis ein skal forholde seg til EUs forskningsprogram. Som arbeidsgivar og institusjon har me eit ansvar for å hjelpe til med dette.

Søknadsfrist til karriereprogrammet er 6. oktober 2017.

Lanserer fleire tiltak for yngre forskarar

I tillegg til karriereprogrammet Momentum, er også eit nytt ERC-program for forskarar under etablering. Formålet med dette programmet er å støtte utvalde forskarar i å utarbeide søknader med konkurransekraft, til ERC i perioden 2018-2020.

- Innan 2022 skal alle fakulteta våre ha fagmiljø av høg internasjonal standard. Ein måte å oppnå dette på, er gjennom systematisk karriereutvikling for yngre forskingstalent, slik at desse mellom anna kan konkurrere om ERC-midlar, seier Hagen.

Fokuset i dette programmet er på Starting Grants. Kandidatane får tilpassa eit skreddarsydd modul-basert program, mot ei bestemt utlysing og år. Viktigte modular i programmet er ei mentorordning, der kandidatane får støtte av senior, framifrå forskarar, og hjelp til evaluering og oppbygging av ein sterk CV. Modulane vil også innehalde kurs i presentasjonsteknikk, etikk, bibliometri og studietur til Brussel.