Hjem

Aktuelt

BIFF

Let there be light kåra til beste forskningsdokumentar på BIFF

Fekk Gulluglen 2017 for å presentere utfordringane og fascinasjonane rundt fusjonsenergi – korleis håpet om den kunstige sola kan redde energibehovet vårt.

let_there_be_light.jpg

Let there be light

Sidan 2014 har Bergen Internasjonale Filmfestival og UiB årleg gitt Gulluglen til beste formidling til den beste forskingsdokumentaren på festivalen. I år gjekk prisen til Let there be light, regissert av Mila Aung-Thwin og Van Royko.

– Eg har mange spørsmål, spesielt: Kor stor er ugla, og korleis får eg tak i den? Men tusen takk til festivalen og juryen!, sa regissør Aung-Thwin i ei videohelsing under prisseremonien på Røkeriet USF den 3. oktober.

Korleis lage ei kunstig sol? Let there be light omhandlar fusjonsreaktoren ITER, eit samarbeidsprosjekt mellom 35 land som har som mål å skape ei billeg og bærekraftig energikjelde til alle. Filmen gir ei omvisning i dei gigantiske konstruksjonane i Frankrike, og snakkar med vitskapsfolka som har via liva sine til prosjektet.

Dokumentaren blir vist éin gong til på festivalen, klokka 16.35 torsdag 4. oktober.

Visar fascinasjonen for fusjonsenergi

– Dokumentaren er i stand til å presentere utfordringane og fascinasjonane rundt grunnforsking, verkelegheita rundt forskningsfinansiering, og det viktige i globalt samarbeid for å takle nokre av dei mest presserande utfordringane for menneskeleg liv på planeten, skriv juryen i sin begrunnelse.

– Vi lærer korleis forsking på fusjonsenergi har vore ein lang og saktegåande prosess driven fram av kreative sinn, som utviklar seg frå unge entusiastar til idealistiske – og nokre gongar eksentriske – forskarar.

Formålet med Gulluglen er å vise verdien av film som formidlar innsikt i vitskapleg tenkjing, metodar og resultat, og slik bidrar til å styrke eit fritt, kritisk og opent offentleg ordskifte og ein kunnskapsbasert samfunnsutvikling. 

Juryens fulle begrunnelse

This year the jury evaluated a number of films that present some of the big challenges that humanity is facing. 

The winner is a film that demonstrates both high quality cinematography as well as excellent research communication. 

The documentary is able to present the challenges and fascinations of basic research, the realities of research management and funding, and the importance of global collaboration to tackle some of the most urgent challenges of human life on this planet. 

The development from dreams to innovative research is shown through a combination of animated sequences and live footage. We learn how research into fusion energy has been a long and slow process fueled by creative minds who develop from young enthusiasts into idealist, and sometimes eccentric, researchers. Idealism collides with realism, when international partners struggle to bring a multi-billion dollar project back on track, while outsiders and garage-projects compete to win the race.  

The winner is Let There Be Light!

Juryen er samansett av fem representantar frå ulike fagfelt og fakultet ved Universitetet i Bergen, i år Kjell Øvre Helland, prosjektleder ved kommunikasjonsavdelingen, Christian Jørgensen, førsteamanuensis ved Institutt for biologi, Kristine Jørgensen, professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Sigrun Åsebø, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, og Øystein Hauge, universitetslektor ved Institutt for kunst.