Hjem

Aktuelt

Nyheter

Opnar seg mot byen

Onsdag 11. oktober var det offisiell opning av det nye bygget til Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved UiB.

snohetta_bergen_university_faculty_of_fine_art_music_and_design_chufton.jpg

KMD
Det nye bygget til Fakultet for kunst, musikk og design opnar 11. oktober.

I det nye KMD-bygget blir kunst- og designutdanningane i Bergen for første gang samla under samme tak. Det blir det første bygget i Bergen som er teikna av det renommerte arkitektselskapet Snøhetta, og det største kulturbygget i Bergen på 40 år.

Programmet under den offisielle opninga onsdag tok til klokka 10:00. Her kan du sjå nøkkelseremonien i opptak.

- Bygget er eit godt tilskudd til kulturbyen Bergen. Gjennom bygget styrkar vi denne delen av vår institusjon ytterlegare som ein attraktiv samarbeidspartnar, både for aktørar i Bergen og internasjonalt. Det er også viktig for å trekke til oss internasjonale studentar, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

- For ein fantastisk dag, sa rektor Olsen under opninga onsdag, og berømma Snøhetta for løysingane som er valt og Statsbygg for oppføringa.

Spydspiss

Med sin funksjon og arkitektur blir bygget og fakultetet ein spydspiss og generator i den pågåande utviklinga av bydelen. I bygget blir publikum invitert til varierte tilbod som kafé, bibliotek, prosjekthall, visningsrom og auditorium. Slik koblar ein institusjonen til dagens og framtida sitt bysentrum.

Den nye prodekanen for forsking, Anne Helen Mydland, meiner det nye KMD-bygget er som skapt for kontakt mellom fakultetet og byen.

- Vi har fått ein stor megafon å rope ut i samfunnet frå, seier ho.

Stor entusiasme

Også forsking og utdanning på UiB får eit stort løft med den nye satsinga.

- Kunst- og designmiljøet har til no vore spreidd rundt i byen i mange bygg, og kvaliteten på lokala har ikkje vore tilfredstillende for studentar og tilsette. Med det nye bygget blir fagmiljøa samla, og får lokale og utstyr som gjer at det kunstnariske utviklingsarbeidet og utdanningane vil få eit løft. Tilsette og studentar vil få gode forutsetningar for å lukkast med sitt arbeid, seier rektor Olsen.

Han håpar no at Griegakademiet vil få midlar til nytt bygg på nabotomta gjennom statsbudsjettet.

- Ein vil då lukkast i å samle alle miljøa og slik realisere ambisjonen fullt ut om å slå saman kunst, design og musikkmiljøa ved KHiB og UiB, legg han til.

Dekan Frode Thorsen er også av dei som er optimistisk med tanke på framtida for kunstutdanningane i Bergen.

- Vi opplever stor entusiasme både internt på KMD og frå universitetsleiinga. Eg føler fakultetet er på ein veldig god veg. At vi blir samlokalisert trur eg er avgjerande for at vi skal lukkast på lengre sikt, seier han, og legg til at fakultetet no har fasilitetar på høgt internasjonalt nivå.

Moderne

UiB har med satsinga fått Nordens mest moderne kunst- og designutdanning - med 32 verkstadar for mellom anna tre, keramikk, metall, papir, 3D-modellering, grafikk, fotolaboratorium og støyperi.

Bygget har allerede fått internasjonal merksemd, og ei rekke anerkjente kunst-, design- og arkitekturmedier har meldt sin ankomst til Bergen til opninga onsdag.

På programmet står ei rekke arrangement, utstillingar, kunstnarsamtalar, seminar, debatt, og boklanseringar.

Tirsdag 10. oktober vart hendinga også markert. Denne dagen var det ope hus for studentar og tilsette ved UiB og andre høgare utdanningsinstitusjonar i bergensområdet.

Les meir om alle arrangementa på nettsidene til KMD.