Hjem

Aktuelt

Digitalisering

Samla over 1000 besøkande til digital myldredag

UiB viste fram ei rekkje av digitaliseringsprosjekta på UiB i Grieghallen.

Neste

digimylder61.jpg

SLATE sine VR-prosjekter var populære under myldredagen.
SLATE sine VR-prosjekter var populære under myldredagen.
1/11

digimylder03.jpg

Rektor Dag Rune Olsen og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ynskte velkomen til digital myldredag.
Rektor Dag Rune Olsen og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ynskte velkomen til digital myldredag.
2/11

digimylder666.jpg

Profildoktorane til Universitetsbiblioteket stilte opp for å sjekke den digitale pulsen til forskarar, og gjere dei meir synlege på internett.
Profildoktorane til Universitetsbiblioteket stilte opp for å sjekke den digitale pulsen til forskarar, og gjere dei meir synlege på internett.
3/11

digimylder63.jpg

Senioringeniør Idar Hessevik ved Geofysisk institutt sammen med en glider – undersjøiske droner til bruk i datainnsamling.
Senioringeniør Idar Hessevik ved Geofysisk institutt sammen med en glider – undersjøiske droner til bruk i datainnsamling.
4/11

digimylder444.jpg

Dragefjellet lærings- og formidlingssenter (DLF) sat opp eit mini-studio.
Dragefjellet lærings- og formidlingssenter (DLF) sat opp eit mini-studio.
5/11

digimylder300.jpg

Blant foredragshaldarane var Christian Jørgensen ved BioCEED, som snakka om å bruke mobiltelefonen i klasseromssituasjonar.
Blant foredragshaldarane var Christian Jørgensen ved BioCEED, som snakka om å bruke mobiltelefonen i klasseromssituasjonar.
6/11

digimylder077.jpg

Digital myldredag samla mange av digitaliseringsprosjekta til UiB i Grieghallen 4. oktober.
Digital myldredag samla mange av digitaliseringsprosjekta til UiB i Grieghallen 4. oktober.
7/11

digimylder22.jpg

Blant foredragshaldarane var Camilla Ahamath som snakka om universitetsbibliotekets arbeid med #plasthvalen og #vikingskatten.
Blant foredragshaldarane var Camilla Ahamath som snakka om universitetsbibliotekets arbeid med #plasthvalen og #vikingskatten.
8/11

digimylder21.jpg

Studieadministrativ avdeling viste fram korleis dei arbeider digitalt for å gjere studiekvardagen enklare for studentar.
Studieadministrativ avdeling viste fram korleis dei arbeider digitalt for å gjere studiekvardagen enklare for studentar.
9/11

digimylder266.jpg

Den digitale tannlegestolen, ein simulator brukt av studentar til å lære seg teknikkar og verktøy, var særs populær under myldredagen.
Den digitale tannlegestolen, ein simulator brukt av studentar til å lære seg teknikkar og verktøy, var særs populær under myldredagen.
10/11

digimylder055.jpg

I løpet av dagen var over 1000 ansatte, partnarar, og interesserte innom Grieghallen.
I løpet av dagen var over 1000 ansatte, partnarar, og interesserte innom Grieghallen.
11/11
Tilbake

– Vi skal snakke mykje om to tal i dag: 0 og 1. Nettopp 0 og 1 er dei som har størst påverknad på kvardagen vår. Digitalisering er viktig, og dei siste åra har UiB brukt digital kapasitet i første rekke, sa rektor Dag Rune Olsen då han ynskte velkomen til digital myldredag den 4. oktober.

Spennvidda i prosjekta strakk seg frå undersjøiske og utomjordiske droner til effektiviserande system for økonomi, frå nye og spennande undervisningsformer til arkivering av data, språk, og bilete. Gjennom dagen vart over 1000 besøkande samla i Grieghallen for stands, miniforedrag og utprøving av prosjekt og verktøy.

Sjå eit utvalg av bileta i toppen av saken, eller fleire bileter i vårt Flickr-album

UiB sine digitaliseringsprosjekt delast inn under fem faner, alle med sin måte å gripe inn i kvardagen på: Gjennomgåande digitalisert infrastruktur, brukarorienterte digitale tenester, eit digitalet inviterande universitet, eit administrativt sjølvbetjent universitet, og ein kultur for endrings- og gjennomføringsevne.

– Strategien gjer det enklare å opprettehalde entusiasmen, men det er ikkje naturgitt at alle skjøner ordet «digitalisering». Så dette var ein fin måte å få vist det fram på ein visuell måte, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Tilbakemeldingar til digital myldredag kan sendast på e-post til org2022@uib.no.