Hjem

Aktuelt

Senter for klima- og energiomstilling

Forsking på grøn omstilling er best i hardt vêr

– Det er på Vestlandet vi kjenner mest på dette med flom og ekstremvêr, seier klimaforskar og senterleiar Håvard Haarstad.

haarstad2.jpg

Håvard Haarstad
Håvard Haarstad, forskar ved institutt for geografi, og leiar for det nye Senter for klima- og energiomstilling.
Foto:
Director of CET, Håvard Haarstad.

Klima og energiomstilling er eit av UiB sine tre satsingsområde. Vi veit at klimaendringane skjer, men kva skal vi gjere med dei?

27. oktober opnar senter for klima- og energiomstilling (CET), som skal sjå på endringane som må gjerast frå eit samfunnsperspektiv. Håvard Haarstad ved institutt for geografi skal leie det nye senteret:

– Vi er opptekne av vegval for samfunnet, slik at vi veit kva vi må gjere med dei ambisiøse måla vi har satt oss. Korleis kjem ein seg dit? Kva politikk er effektiv, og kva faktorar kan utløyse rask endring?

Haarstad meiner det er spesielt sentralt at eit slikt senter er plassert på Vestlandet. Både for å dra vekslar frå kompetansa vi alt har her, men også fordi vi er tettare på klimaendringane her. CICERO i Oslo har vore eit sterkt miljø for dette lenge, men her på Vestlandet kjenner vi endringane på kroppen.

– Det er mange stader på Vestlandet vi kjenner meir på dette med flom og ekstremvêr, oljeindustrien førte til ekstra ledigheit på Vestlandet. Store delar av næringslivet her er utsatt for politikk rundt klimaendringar, og er opptekne av å ta tak i det, seier han.

– Vi treng meir forsking på løysingar

Sjølv om kjerna i CET ligg i samfunnsvitskapleg forskning, legg han vekt på at det skal vere eit tverrfagleg senter. Samarbeid med Bjerknessenteret, samt både psykologi og humaniora, vil vere viktig for å finne løysingar. Dette er ein ny tradisjon som blir bragt inn i dette feltet.

– Vår måte å forholde oss til forsking på, er at forsking skal vere problemdrive – vi skal finne ut kva problemet er, og kva slags disiplinar og forskingsfelt vi kan bruke for å løyse det, heller enn å ta utgangspunkt i eit bestemt forskingsfelt, seier Haarstad.

– Vi treng meir forsking på løysingar, og samfunnets handtering av problemet.

Arbeidet med å forholde seg til klimaendringar hender på alle nivå, frå kommunalt til nasjonalt til globalt nivå. Haarstad er oppteken av at ein må kommunisere med mange, inkludert næringslivet, og at det som kjem ut av CET skal vere «actionable research» – forsking ein kan ta avgjerder basert på.

– Når ein publiserar i internasjonale tidsskrift er det ikkje så farleg kvar ein sit. Men det kan ikkje handle om å berre sitje på kontoret og skrive ein briljant artikkel, seier Haarstad og viser til samarbeida også utanfor akademia.

– Vi blir betre av å vere i dialog med samfunnsaktørar. Samproduksjon av kunnskap handlar ikkje berre om å vere snill med samfunnet, men forskninga blir då ein anna prosess. Både forskingsprosessen og det som kjem ut i andre enden blir gjort meir relevant for beslutningstakarar.

Bærekraftig byutvikling er sentralt

Byane har blitt viktige aktørar i omstillinga, spesielt sidan det lenge har gått trått i internasjonale klimaforhandlingar, og arbeid med bærekraftig byutvikling er eit prosjekt Haarstad har teke med seg inn i senteret, som for tida rekrutterar fleire tilsette.

– Vi har ei forskargruppe knytta til Norsk Medborgerpanel og opinionsdanning, og ei strategisk satsing er nullutslipp av transport – korleis få langtransportsystem som ikkje forureinar. Spørsmålsstillinga er korleis ein kjem seg dit?

Samarbeid utanfor Noreg er også sentralt. Denne veka var Haarstad saman med SpaceLab med på å arrangere konferansa «Beyond Oil», med kompetanse frå blant anna Tyskland, Sverige og England. Sjølv om han påpeiker at forsking er ei internasjonal konkurranse, ikkje eit krinsmeisterskap, er tilknytninga til det lokale viktig.

– Difor ser vi for oss senteret som ein slags hub som bringer folk saman og deler kunnskap – innanfor og utanfor universitetetet.