Hjem

Studerer tett på bransjen i nye Media City Bergen

I medieklynga skal studentane få kompetansen dei treng for å hevde seg i eit medielandskap i sterk endring.

– Lys av, på – raskt. Kvar er baklyset? Kva tykkjer de? Litt flatt? Treng me justere? Slik ja, bra gjort, der har me den!

Studentane på det nye bachelorprogrammmet i TV-produksjon er på lyskurs i eit av studioa i Media City Bergen med faglærar Zulfikar Fahmy.

Midt i rommet sit ein student framfor ein stor TV-skjerm, rundt står medstudentar og styrer kamera, hovudlys, baklys, fyllys. Fahmy gjev raske instruksar, ber studentane legge på filter, sette inn bakgrunnsplate. Kvar minste justering gjev eit anna uttrykk hos studenten som blir projisert på den store skjermen.

– Prøv no med eit oransjefilter, har du eit mindre? Klype der, ja, bravo! Opne linsa, blende ned – no snakkar me.

Lyskurs TV-produksjon MCB

Lyskurs TV-produksjon MCB
Foto:
Eivind Senneset

LYSKURS: TV-produksjonstudentane lærer korleis dei skal sette lys til ulike stemningar og situasjonar.

Praktisk tilnærming i utdanningane

Frå dei nye lokala i Media City Bergen tilbyr Universitetet i Bergen no seks nye studium – tre bachelorprogram og tre masterprogram – i journalistikk, TV-produksjon og medie- og interaksjonsdesign. Her studerer omlag 200 studentar vegg i vegg med bransjebedrifter som NRK, BA, TV2, BT, og Vizrt.

Samlokaliseringa av mediebedrifter, teknologiselskap, forsking og utdanning gjer medieklynga unik i sitt slag.

Her får studentane tilgang til det siste av teknisk utstyr, og lærer å bruke verktøya bransjen sjølv nyttar i dag. Dei skal også bidra til å utvikle nye verktøy og løysingar for mediebransjen. Alle studieprogramma er praktisk orienterte med samarbeid og praksis hos klyngebedriftene.

Marie Therese Norekvål Hayes

Marie Therese Norekvål Hayes
Foto:
Eivind Senneset

LYSKURS: Marie Therese Norekvål Hayes studerer TV-produksjon ved UiB i Media City Bergen

Denne tilnærminga pregar heile studieprogrammet, fortel ei av studentane på lyskurset, Marie Therese Norekvål Hayes.

– Det er eit veldig teknisk fokusert studium, der me brukar det nyaste utstyret som blir brukt av bransjen. Frå dag éin har me hatt det i hendene og lærer korleis me brukar det i detalj.

Fiksjonsfilmen under laga studentane kort tid etter semesterstart:

Studentane i TV-produksjon har laga sin første fiksjonsfilm. Sjekk den ut her:


STUDENT-PRODUKSJON: Marie Norekvål Hayes (regi), Cathrine Olsen (foto), Henning Good (produsent) og Ole Helge Førde Tvedt (lyd).

Studentane skal ha hendene på kamera, ta i lyset, kanskje brenne seg lett, få det i fingrane. Kvart enkelt får også erfaring med å gå inn i alle rollar i ein TV-produksjon: stå bak kamera, styre lys, lyd, regissere og produsere.

– Dette er ein av grunnane til at eg valde UiB over andre stader. Studiet gir oss fleksibilitet på kva område me kan gå inn i. Det er eit heilheitleg program, der du skal vere klar for yrkeslivet etterpå. Du skal kunne jobbe på filmsett, med dokumentarar, nyheitsreportasjar. Du skal kunne brukast til alt og vere allsidig, uansett kor du hamnar, seier Hayes.

- UiB er unik med variasjonen i det me får lage og lære om.

Marie Therese Norekvål Hayes, bachelorprogram i TV-produksjon

I studioet blir eit blått filter blir lagt på den eine lyskastaren, og studenten på skjermen får eit omriss som minner om måneskin. Dei andre plystrar Rue’s whistle frå The Hunger Games og ler. Faglærar Zulfikar Fahmy styrer stødig vidare.

– Dette er Halloween-lys, ikkje vaflar og kos. Blender litt opp, takk – meir, litt meir. Der har me den. Lovely! Nokon vil seie det ikkje ser heilt realistisk ut, men kven i Hollywood kan gjere dette heilt naturleg? La oss dimme lyset litt. Sånn, kva tykkjer de?

Lyskurs TV-produksjon

Lyskurs TV-produksjon MCB
Foto:
Eivind Senneset

TV-PRODUKSJON: Studentane får praktisk erfaring med alle rollane i ein TV-produksjon.

Studerer og jobbar i same bygg

Ein av studentane som godt kan merke fordelane av at seks av UiBs medieutdanningar no er lokaliserte i medieklynga, er Ole Martin Eide Røssland. Han studerer siste året på bachelorprogammet i journalistikk ved UiB, og jobbar som tilkallingsvikar i BA. 

Medan redigeringsromma, datalabane og lydstudioa til studentane er plasserte i andre etasje, ligg BA i tredje etasje - ei trapp opp. 

– Det gjer det lett å gå mellom studiet og jobb, og å kombinere desse, seier Røssland.

Ole Martin Eide Røssland

Ole Martin Eide Røssland
Foto:
Eivind Senneset

I REDAKSJONEN: Ole Martin Eide Røssland jobbar som tilkallingsvikar i BA ved sidan av journalistikkstudiet.

Røssland peikar på undervisninga i etikk, som noko av det han har fått mest nytte av i jobben som journalist.

– Alle reknar med at du kan dei grunnleggjande køyrereglane når du kjem inn i ein redaksjon. Ta for eksempel berre dei heile enkle tinga, som retten til samtidig imøtegåing. På studiet snakkar me mykje om desse spørsmåla: når oppstår etiske dilemma, når må varsellampene blinke? Desse diskusjonane har gjort meg meir bevisst på det eg gjer i jobben.

– Det er også ei veldig praktisk utdanning med mykje oppgåver, workshops og praksis. Under etikkurset følgde me for eksempel eit PFU-møte og hadde diskusjonar parallelt. Forelesingane me har er i så små grupper at det i stor grad blir ein tovegs dialog, ein blir veldig involvert og terskelen for å stille spørsmål og diskutere ting under forelesingane er låg, seier Røssland.

UiB-studentane samarbeider også tverrfagleg om større prosjekt. Dokumentaren under er laga av studentar frå ulike mediefag:

Dokumentar om Turøy-ulykka


DOKUMENTAR: Dokumentaren om helikopterulykka ved Turøy i 2016, er laga av UiB-studentane Ole Martin Eide Røssland, Lisa Turøy Christiansen og Christer Steffensen.

    Tett på mediebransjen

    Dei nye utdanningane i Media City Bergen skal gi studentane kompetansen dei treng for å kunne hevde seg i eit radikalt endra medielandskap.

    Den raske omstillinga og den pressa arbeidsmarknaden er sjølvsagt noko ein som mediestudent tenker på, seier Ellen Eriksen som studerer første året på bachelorprogrammet i journalistikk i MCB.

    – Dette snakkar me mykje om, det er jo ein vanskeleg arbeidsmarknad. Men eg trur utdanninga gir oss eit veldig godt utgangspunkt, og at me nok stiller sterkare med ei utdanning som er plassert her i medieklynga. Samtidig trur eg det er avgjerande å ta eige ansvar, vere nysjerrig og engasjere seg, for eksempel i studentradioen eller studentaviser for å få endå meir praktisk erfaring.

    – Måten studiet er lagt opp i MCB gir oss ein kompetanse ingen journalistikkstudentar før oss har hatt.

    Ellen Eriksen, bachelorstudent i journalistikk

    Studentane i MCB kan dra fleire fordeler frå samlokaliseringa. Fleire gonger i løpet av studiet blir dei utplasserte i praksis hos klyngepartnerane, og folk som jobbar i bransjen blir jamnleg henta inn til workshops og seminar.

    Ellen Eriksen

    Ellen Eriksen
    Foto:
    Eivind Senneset

    MEDIA CITY: Ellen Eriksen studerer første året på bachelorprogrammet i journalistikk ved UiB.

    Samlokaliseringa har også gjort det lett å få til prosjektsamarbeid med redaksjonelle medium og teknologibransjen. Ein sentral del av UiB si satsing i Media City Bergen er å lage gode digitale verktøy og løysingar for mediebransjen. Mellom anna vil medie- og interaksjonsdesignstudentane utvikle forslag til løysingar på teknologiutfordringar dei opplever i løpet av praksisopphald hos klyngebedriftene.

    Dei uformelle møtestadane gir sjølvsagt også gode moglegheiter for studentane til å komme i kontakt med medie- og teknologibedriftene.

    – Plasseringa i Media City Bergen var viktig då eg søkte UiB. Me er jo omringa av journalistar her på huset, og det gir ein veldig motivasjon. Eg kan gå forbi og sjå inn i radiostudioet til NRK, det er i seg sjølv veldig inspirerande, seier Eriksen.

    – Måten studiet er lagt opp i MCB gir oss ein kompetanse ingen journalistikkstudentar før oss har hatt. Det blir veldig spennande å sjå korleis den blir tatt imot ute i arbeidslivet.