Hjem

Aktuelt

ERC-støtte

Toppstipend til tre UiB-prosjekt

UiB får tre av fem av landets Consolidator Grants frå det europeiske forskingsrådet (ERC).

erc-kollasj-arnesen-rettberg-sodemann-2.jpg

Thomas Arnesen, Jill Walker Rettberg og Harald Sodemann har motteke ERC Consolidator Grants for sine prosjekt.
Thomas Arnesen, Jill Walker Rettberg og Harald Sodemann har motteke ERC Consolidator Grants for sine prosjekt.

Det europeiske forskningsrådet (ERC) tildeler éin gong i året Consolidator Grants til forskarar med prosjekt som utmerkar seg.

Av fem norske prosjekt totalt, fekk UiB tre tildelingar: Jill Walker Rettberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Thomas Arnesen ved Molekylærbiologisk institutt og Institutt for biomedisin, og Harald Sodemann frå Geofysisk institutt.

Korleis ser vi oss sjølve gjennom maskiner?

Jill Walker Rettberg fekk støtte for prosjektet "Machine Vision in Everyday Life: Playful Interactions with Visual Technologies in Digital Art, Games, Narratives and Social Media" som skal utforske kva som skjer med oss når vi i større grad betraktar verda rundt oss gjennom maskiner. 

– Dette gjer at eg kan byggje opp eit team og verkeleg få arbeidd målretta med forskinga – og at vi får forsking på dei kulturelle effektane av ein type teknologi som er særs viktig for samfunnet, seier ho om prosjektet, og påpeiker at denne typen humanistisk forsking er spesielt viktig når teknologisk utvikling går så raskt som no.

Rettberg har tidlegare gjort seg bemerka for sitt arbeid med sosiale medier, seinast då ho tidlegare i år vann John Lovas-prisen for si Snapchat-forsking.

Første norske tildeling i molekylærbiologi og biokjemi

Thomas Arnesen fekk støtte for prosjektet "Discovery and functional significance of posttranslational N-terminal acetylation", som skal undersøke nye system for cellulær regulering av protein med potensielle effektar mot hormonregulering og kreft.

– Det er fantastisk og uvirkelig å endeleg få gjennomslag her etter mange års kamp, seier Arnesen, som påpeiker at dette er det første norske ERC-støtta prosjektet i kategorien molekylærbiologi og biokjemi (Life Science 1).

– Det er først og fremst laginnsats frå heile forskingsgruppa over tid som har gitt dette resultatet, så stor takk til alle som har bidrege!

Ser på korleis fordampning, skydannelse og nedbør henger sammen

Harald Sodemann fekk støtte for prosjektet "Isotopic links to atmopheric water's sources", som blant anna ser nøyare på vatnet sitt krinsløp, med mål om å lage modellar for betre å forstå kva som påverkar nedbøren. Sentralt i prosjektet er bruken av målefly for å følgje krinsløpet i Norskehavet.

– Dette er helt fantastisk - og samtidig helt utruleg. Det må nok gå nokre dagar før jeg heilt skjøner kva det betyr. No kan dei store tankane som eg utvikla i søknaden faktisk omsetjast på ekte. Eg gledar meg svært!

Sodemann er klar på at det må forskast meir på dei konkrete mekanismane bak dette, som arbeidet gjort på nedbøren i Wales.