Hjem

Aktuelt

Nyheter

Ny teknologi hjelper journalistar finne nye vinklingar

UiB-forskarar har i eit halvt år samarbeida med norske lokalaviser om å videreutvikle søke- og skriveverktøyet INJECT.

Montasje saker INJECT

Montasje saker INJECT
INJECT: Bilda er frå nokre av sakene journalistane har laga ved hjelp frå det nye skriveverktøyet.

- Som oftast kan eg vere litt einspora, eg veit kva eg vil ha. Å få vridd hovudet til å prøve å tenke litt annleis, er lurt, seier fotojournalist i Hallingdølen, Sindre Thoresen Lønnes.

Saman med forskarar frå Institutt for informasjons- og medievitskap, har Lønnes og fleire journalistar i lokalavisene Hordaland, Sunnhordland, og Hallingdølen, i eit halvt år testa og vurdert søke- og skriveverktøyet INJECT.

Verktøyet gir mellom anna forslag til kjelder, illustrasjonar, støtte til å finne idear til oppfølgingsaker og raskare kjeldetilvising.

- INJECT skal gjere deg meir kreativ i å tenke vinklingar. Ein må omstille seg litt, for ein er vanen med søkemotorar som syner dei mest populære treffa. Når ein søker i dette verktøyet forventar ein difor gjerne ein ting, men det er ikkje nødvendigvis det INJECT syner deg, seier Lønnes.

Gir tips til nye kjelder

Søke- og skriveverktøyet er utvikla i eit EU-samarbeid, støtta gjennom EUs Horisont 2020-program. UiB deltek i den norske delen av innovasjonsprosjektet, som er eit samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap, M'Labs Bergen, og dei tre lokalavisene.

Verktøyet bygger på seks søke-algoritmar som tek utgangspunkt i korleis erfarne journalistar jobbar, og syner treff frå nyheitsartiklar og redaksjonane sine eigne arkiv.

I Hallingdølen har Sindre Thoresen Lønnes særleg nytta søket "person", som gir forslag til kjelder.

- Algoritmen syner ikkje berre treff på namnet du søker på, men også personar knytte til namnet. Viss eg søker på ein lokalpolitikar i Hallingdal, vil verktøyet søke i saker som politikaren er nemnt i, men søket vil også gi deg treff på personar politikaren har forbindelsar til. Eit konkret tilfelle var då eg skulle lage sak om rypejakta, som er ei årleg hending for oss. Eg fekk tips frå kollegaer i redaksjonen om eit par personar dei meinte eg burde snakke med, men desse var ikkje tilgjengelege. Eg leita i INJECT og fann ei ny kjelde i nabodalen.

- Ein brukar ofte dei same kjeldene, og det kan vere mange andre i lokalsamfunnet som ikkje kjem til orde. Viss ein finn ein person som ikkje blir brukt så mykje, kan det også gi ei meir interessant lesing, seier Lønnes.

Blir testa av journalistar

Undervegs i prøveperioden, har journalistane i dei tre avisene komme med sine vurderingar opp mot korleis verktøyet bør utviklast vidare.

- Det mest spennande med å teste INJECT er å sjå kva resultat som dukkar opp ved dei ulike søka, i tillegg til å sjå korleis søkjemotoren utviklar seg over tid. Eg synest elles det er veldig interessant å vere ein del av heile EU-prosjektet, verte kjent med nye folk og nye tenkjemåtar, seier journalist i Hordaland, Ingvild Siglen Berger.

Journalistane har mellom anna meldt tilbake om behov for å kunne søke i spesifikke nyheitskjelder.

-  For avisa vår er det relevant å få opp treff frå andre lokale aviser, og det har vore viktig å få programmet integrert som eit tillegg i skriveprogrammet redaksjonen vår brukar, seier Berger.

Ho meiner INJECT eignar seg best til reportasjar, portrett og andre artiklar med litt omfang.

- Gjerne til saker der ein kan bruke litt god tid, der søk med INJECT inngår som ein del av førebuinga. Bruk av INJECT til hjelp for å finne nye vinklingar på saker som går igjen år etter år, som er særleg aktuelt for lokalaviser, kan og vere verdifullt. Ved raske nyhende som ulukker, tykkjer eg ikkje det er rom for å setje seg ned med Inject, noko som seier seg litt sjølv.

Kan gi nye perspektiv på saker

Også journalist og vaktsjef i Sunnhordland, Olav Røli, meiner verktøyet vil vere mest nyttig i bruk på oppfølgingssaker eller til å utarbeide nye vinklingar på saker som gjerne går att i redaksjonane.

- I ein konkurranseutsett journalistisk kvardag kan det vere stor kamp om å vere først ute med stoff. Då er det kanskje ikkje tid til å laga andre kreative vinklingar, og folk vil gjerne ikkje ha noko heilt anna enn konkurrenten. Men når det gjeld å laga oppfølgjarar, eller gode vinklingar på «gamle saker» kan INJECT vere eit godt verktøy.

- Personleg trur eg nok ikkje Inject, slik det er i dag, kan hjelpe journalistar til å skrive fleire saker. Men det kan hjelpe dei til å skrive betre saker, og finne nye vinklingar som ein ikkje hadde komme på innanføre dei tradisjonelle journalistiske rammene, seier Røli.

INJECT er framleis under utvikling, og nokre endringar må til for at det skal vere lettare å ta i bruk, meiner han.

Blant endringane som vil bli gjort fram mot lanseringa av på nyåret, er ei integrering av verktøyet i skriveprogrammet journalistane i Sunnhordland brukar.

Innovasjonsprosjekt

Professor Lars Nyre og forskarane Balder Holm og Aleksander Tonheim, alle ved Institutt informasjons- og medievitenskap, samarbeidar tett med journalistane i utviklinga av INJECT.

- Me lærer vanvettig mykje om medienorge og kvardagen i den norske mediebransjen. Her har me eit reelt samarbeid med avisene, som testar og fortel om sine opplevingar med verktøyet. Det er sjølvsagt kjekt viss dei seier det fungerer bra, men det viktigaste er at dei fortel oss noko me kan lære av, og som gjer at me kan endre prototypen ut frå det, seier Nyre.

INJECT er ikkje fyrst og fremst eit forskningsprosjekt, men eit innovasjonsprosjekt, som er innvilga EU-støtte i ein periode på 18 månader frå 1. januar 2017. Verktøyet skal etter kvart ut på marknaden, der målet er at prosjektet skal tene pengar ved utløpet av prosjektperioden.

På nyåret 2018 blir verktøyet lansert. Mediebedrifter vil kunne kjøpe verktøyet, og ein vil kunne setje i verk nye integrasjonar og koplingar mot arkiv, men ein vil framleis vere i ein prøveperiode, seier Nyre.

- Etter nyttår går me i gang med ei stor evaluering, der me systematisk skal samle inn tilbakemeldingar og vurdere kva me skal endre vidare. Me vil også samanlikne tekstar skrive med og utan INJECT, for å sjå på skilnader, med openheit for at me ikkje ser forskjellar. UiB si rolle i prosjektet er også å undersøke desse tinga, frå forskarar sin ståstad.