Hjem

Aktuelt

Nyheter

UiB og TV2 inngår studio-samarbeid

7.desember underteikna partane avtale om bruken av eit nytt studio i MCB. Avtalen sikrar UiB-studentar tilgang til topp-moderne fasilitetar for TV-produksjon.

Per Aadland og Kjell Bernstrøm

Per Aadland og Kjell Bernstrøm
Teknologidirektør i TV2 Per Aadland og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm underteikna 7.desember driftsavtalen for Studio MCB.
Foto:
Britt Kristin Ese

- Denne type samarbeid er heile tanken bak etableringa av medieklynga. Her kjem læringslaben og instituttet med medieutdanninga i direkte kontakt med mediebedriftene. Dette vil styrke arbeidet med å lage framtidas undervisning, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

TV2 skal drifte fleirbruksstudioet og ha ansvar for teknisk oppfølgjing og vedlikehald. Vizrt og andre aktørar i medieklynga vil bidra med utstyr og løysingar.

- Dette er eit konkret døme på at klyngesamarbeidet i MCB begynner å ta form. Ved å tilrettelegge for undervisninga, håpar me å komme tettare på UiB, og få tilgang til dei kloke hovuda og studentar som kan tenke nytt. Me håpar også dette vil styrke rekrutteringa til oss og dei andre mediebedriftene i Bergen, seier teknologidirektør i TV2 Per Aadland.

Verdifullt for studentane

UiB vil som leigetakar disponere studioet 100 dagar i året. Avtalen er teikna for 10 år.

Her vil studentar og fagmiljø ved universitetet ha tilgang til det siste av utstyr og grafikk, til å lage medieproduksjonar i undervisning og formidling.

- Det viktigaste for studentane er at dei no får ein øvingsarena å jobbe i som minner mest mogleg om omgivelsane i mediebedriftene. Det er vanskeleg for UiB å halde denne type studio oppdatert åleine, men dette bidreg til å sikre at dei får mest mogleg relevant og oppdatert kompetanse, seier leiar ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Leif Ove Larsen.

Produsere undervisnings-filmar

Studioet skal etter planen ha fire fjernstyrte kamera, og vil i stor grad ha ei automatisert avvikling i regirommet. Det vil kunne brukast til å lage enkle virtuelle produksjonar og tradisjonelle studioproduksjonar med skjermar og nøytrale bakgrunnar. 

UiB Læringslab ser no etter undervisning- og formildlingsprosjekt ved universitetet som kan eigne seg for innspeling i det nye studioet.

- Kombinert med øvingsstudioa våre vil dette auke moglegheitene våre til å lage denne type medieproduksjonar. Her kan me mellom anna kople på grafikk som TV2 kan bidra med gjennom driftsmodellen sin. Dette vil vere ein effektiv måte å fornye undervisninga på, seier prosjektleiar for DigUiB, Kjell Øvre Helland.

Studioet står klart 1.mars 2018.