Hjem

Aktuelt

Nyheter

Så stor er sjansen for kvit jul i framtida

– Viss me ikkje reduserer dei globale utsleppa av CO₂, kan me nå + 2°C i 2030. Då vil sjansen for at Bergen får låge nok temperaturar til å gi kvit jul vere halvert, seier klimaforskar Camille Li.

Snø på trær

Snø på trær
Kor stor er sjansen for at me får kvite juler i Norge i åra som kjem? Klima-forskar Camille Li forklarar her kva me kan vente oss.

I 2015 blei Parisavtalen vedteken på klimatoppmøtet i Paris. 195 statar har forplikta seg til å jobbe for å avgrense auken i den globale gjennomsnittstemperaturen til godt under 2 grader, men helst 1,5 grader, samanlikna med førindustriell tid.

Sidan ein veit lite om kva som skiller 1,5 og 2 graders oppvarming, har FNs klimapanel bedt forskarar om å undersøke dette. Forskarar frå heile verda jobbar no opp mot det internasjonale forskingsprosjektet HAPPI, med mål om å kunne svare på kva desse to scenarioa vil ha å seie for klimaet på jorda.

Desse dataa kan også seie oss noko om kva endringar me kan vente oss i våre område: For eksempel, kor stor er sjansen for at me får kvit jul i Norge i framtida?

– Komplisert å forutsjå

– Når det gjeld klima, må me ta eit steg tilbake og sjå mindre på detaljar og meir på generelle trendar og kva som er sannsynleg, fordi me ikkje kan varsle vêret meir enn 5-10 dagar i førevegen, seier førsteamanuensis ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret, Camille Li.

Ho er ein av dei som har bidrege inn mot HappiEVA, som er den norske delen av det internasjonale prosjektet HAPPI. Li har henta ut data frå HAPPI-prosjektet, basert på the Norwegian Earth System Model (NorESM), og nokre observasjonar frå Bergen vêrstasjon.

– Å ha ei kvit jul avhenger så klart av å ha 1. snø, og 2. låge nok temperaturar, så det er ein ganske komplisert ting å føresjå. Viss me får mykje snø i dagane før jul, så kan den bli liggande sjølv om temperaturane er over 0 grader. Sjansane no for å ha under 0 grader celsius den 25. desember i Bergen, er omtrent 1 til 5, mens sjansane for ei kvit jul er 1 til 2, seier Li.

– I Bergen er faktoren som begrensar kor sannsynleg det er at me får kvit jul temperatur, ikkje nedbør. Me får meir enn nok nedbør, og med global oppvarming vil me faktisk få meir. Så det me treng å vite er: Kor sannsynleg er det at det vil bli kald nok til at desember-nedbør fell som snø og ikkje regn? Altså kald jul, heller enn kvit jul.

50 prosent mindre sjanse for kald jul ved +2 grader

Ideelt sett treng ein å vite kor raskt jorda blir varma opp. Det er stor usikkerheit knytt til dette, fordi det er avhengig av kor mykje CO2 me slepp ut, seier Li.

For å kunne seie noko om regionale konsekvensar av klimaendringar, må ein difor køyre eit stort antal eksperiment, mykje større enn om ein berre vil vite den globale gjennomsnittlege temperaturauken.

– Dette skuldast at det vil vere ein stor variasjon i det som skjer, viss ein ser på bestemte område. For eksempel har jorda blitt 1 grad varmare dei siste 50 åra, men variasjonen i juletemperaturen i Bergen er på cirka 15 grader. I HAPPI har me køyrt dette store antalet eksperiment, og det betyr at me kan gjere anslag for korleis sannsynet for visse ting kan endrast.

Forskarane har simulert 1000 moglege juletemperaturar i ei verd som er 2 grader varmare enn førindustrielt klima, ved å bruke NorESM.

– Frå desse kan me anslå at når jorda har blitt 2 grader varmare, vil sjansane for temperaturar under 0 grader på første juledag i Bergen, vere halvparten av det det er i dag. Altså 1 av 10, samanlikna med 1 av 5 i dag, seier Li.

Kva med resten av Norge?

Li har også undersøkt sjansane for kald nok jul til at ein får snø, ved 2 graders auke i den globale temperaturen, i område i nærleiken av andre norske byar. (Sjå figur 1)

– Sjansane for ei kald jul fell då i Osloområdet med over 10 prosent, for Trondheimsområdet med over 20 prosent, for Tromsøområdet 5 prosent og rundt Longyearbyen fell sjansen med nesten 80 prosent.  

Område i innlandet vil framleis ha gode sjansar for ei kald jul, medan område som blir rørte av effektane frå havet og den minkande sjøisen, som Svalbard, vil bli mest rørt, ved ei auke på 2 grader.

Når vil jorda nå + 2 grader?

Kor lang tid det vil ta før den globale gjennomsnittstemperaturen aukar med 2 grader samanlikna med førindustriell tid, veit me endå ikkje sikkert. Ulike klimamodellar gir gjerne litt ulike resultat. Difor må ein sjekke resultata opp mot andre modellar for å sjekke at resultata frå den enkelte modellen er robuste. I HAPPI-prosjektet er 6-7 klimamodellar involverte, og resultata vert difor robuste.

– Dette er avhengig av globale utslepp av CO2, men IPCC (FNs klimapanel) har gjort estimat basert på simuleringar ved hjelp av mange forskjellige klimamodellar, og fleire forskjellige "utslepps-scenario", seier Li.

Måten prosjektet blei utført på kom til etter mykje diskusjon mellom alle dei involverte partnerane. På den vedlagte figuren, Figur 2 "Global surface air temperature", kan ein sjå når jorda vil nå +2°C grader, gitt desse ulike scenarioa. 

– Viss me ikkje kuttar ned på utsleppa, går me langs dei rosa linjene, noko som betyr at me kan nå +2°C så tidleg som i 2030. Viss me gjer ein alvorleg innsats for å avgrense utsleppa, følgjer me dei oransje og grøne linjene, og det kan vere så seint som i 2080, men heilt klart før utgangen av dette århundre. Scenarioet som er representert ved dei blå linjene, er altfor optimistisk, det kjem ikkje til å skje.