Hjem

Aktuelt

MEDISIN | INNOVASJON

Utviklar VR-trening mot kroniske ryggsmerter

Ny teknologi kan hjelpe pasientar med ryggsmerter, meinar studentar som utviklar eit virtuelt treningsprogram. Prosjektet er ein av finalistane i innovasjonskonkurransen StudentIdé.

VR-briller

VR-briller
ILLUSTRASJONSBILDE: VR blir i dag brukt i medisinsk behandling som stressavlastning for kreftpasientar, mot fobiar eller som smertelindring ved brannskader, der pasientar speler i VR under smertefull behandling, som ved skifte av bandasje.

Det nye masterprosjektet undersøker korleis virtual reality(VR)-trening kan hjelpe pasientar med kroniske smerter i nedre del av ryggen.

Bak står to studentar frå ulike fagfelt, masterstudent i fysioterapivitenskap ved UiB, Maja Sigerseth, og masterstudent i programutvikling ved HVL og UiB, Thomas Larsen.

Ideen har nådd finalen i Bergen Teknologioverføring sin innovasjonskonkurranse StudentIdé, og kappast no med ti andre om å vinne 50.000 kroner.

- Det er veldig gøy! Det er utruleg kjekt å jobbe med dette, og forhåpentlegvis få bidra med noko som vil vere nyttig for mange. Me vidareutviklar no ideen fram mot konkurransen, og håpet er å kunne halde fram med å teste dette vidare, seier Sigerseth og Larsen.

Motiverer til bevegelse

VR blir i dag brukt i medisinsk behandling, som stressavlastning for kreftpasientar, mot fobiar eller som smertelindring ved brannskader, der pasientar speler i VR under smertefull behandling, som ved skifte av bandasje.

Dei to studentane ønsker no å utforske korleis VR kan brukast til å behandle kroniske smerter. Tanken er å kunne tilby ulike spel i VR, der pasientane gjer øvingar og bevegelsar som del av ei fysioterapi-behandling i primærhelsetenesta.

Under ei utfordrande og ofte langvarig rehabilitering kan VR vere til god hjelp for pasientar, mellom anna fordi denne type trening kan motivere til meir og anna type bevegelse, seier Sigerseth.

- Som fysioterapeut møter eg mange ryggpasientar kvar dag. Dei fleste kjem seg att, men for nokon blir smertene kroniske. Dei blir gjerne redde for bevegelse som i utgangspunktet er bra for ryggen, noko som bidreg til at behandlinga tek lengre tid. I behandling stoppar også mange av desse pasientane før dei bør, fordi dei er redde, og kompenserer på ein måte som ikkje er hensiktsmessig.

- Her kan VR vere veldig effektivt, ved å motivere desse pasientane til å gå ut av komfortsona og ta bort noko av denne frykta.

Gir smertelindring

For mange pasientar kan også VR gi ein pause frå ein kvardag der ein tenkjer mykje på smerte.

- Smerte handlar mykje om kva me opplever og korleis me evaluerer ein situasjon. Viss me tråkkar over, ser me etter kor mykje skade som har skjedd, noko som kan forsterke kjensla av smerte. Dette kan ein potensielt endre ved VR, fordi me endrar persepsjonen. Slik kan VR distrahere deg frå smerta, og kanskje kan det få ryggpasientar til å kjenne seg tryggare på bevegelse, seier Sigerseth.

Til no har VR blitt brukt mest på akutt smerte. Utfordringa når studentane utforskar effekten på kronisk smerte, er mellom anna å gjere det relevant nok og halde på merksemda til pasientane.

- Ved å styre kva dei ser, høyrer og kva oppleving dei skal gjennom, kan me gjere det om til ein leik - noko dei blir oppslukte av. Pasientane kan få ei skreddarsydd behandling, der dei kan løyse oppgåver, spele mot venner eller mot datamaskina, og dei kan dele speltreninga med ein terapeut som kan evaluere bevegelsane deira, og støtte dei vidare, seier Larsen.

Kan ha store konsekvensar

Ryggplager er den vanlegaste årsaka til at folk blir sjukmelde, og heile 80 prosent av oss får slike plager i løpet av livet. For den enkelte, kan dette verte sterkt hemmande, seier Sigerseth.

- Nokon brukar 45 minutt på å stå opp om morgonen, fordi det er så stivt i ryggen. Ein kan falle ut av jobb eller skule, fordi ein slit med å for eksempel sitte eller stå lenge av gongen. Det kan vere vanskeleg å drive med idrett eller fritidsaktivitetar, og tærer mykje på livskvaliteten ved å gi fysiske, psykiske eller sosiale plager. 

Ryggplager har også store samfunnsøkonomiske konsekvensar, som VR kanskje kan vere med på å redusere, seier Sigerseth.

- Slike plager kostar samfunnet ein stad mellom 13 og 15 milliardar kroner kvart år. Her kan VR frigjere ressursar for fysioterapeutar, som kan følgje pasientane online. Dette skal på ingen måte erstatte vanleg fysioterapi, men vere eit supplement. Fleire kan komme ut i jobb, drive med det dei elskar og få betre livskvalitet. Men då må produktet vere intuitivt, lett å bruke, og noko ein har lyst til å bruke.

10 pasientar med kroniske leddsmerter i alderen 18 - 65 år, og ei høg sjølvrapportert frykt for bevegelse/skade, deltek i pilotprosjektet. Pasientane blir testa ved SimArena på Høgskulen på Vestlandet, ein innovativ og moderne rehabiliteringslab. Utfallet av desse undersøkingane skal føre fram til utviklinga av ein større prototype som skal tilby ulike spelopplevingar.

- Store fordelar ved tverrfagleg samarbeid

Dei to deltek i Studentgruppa Helsecampus Årstadvollen, som har som mål å kople studentar saman på tvers av fagfelt.

- Me lærer mykje av kvarandre ved å jobbe på denne måten. Ein får ei heilt anna forståing av problemet, og kan finne ut kva som er muleg å gjere for å hjelpe desse pasientane. Det skjer så mykje på den digitale fronten no, og samfunnet er i rask endring. For å løyse problem innan for eksempel helse, må tverrfagleg samarbeid til, seier Sigerseth, og legg til at dei er svært takknemlege for all hjelpa dei har fått frå rettleiarar ved UiB og HVL.

Å ha perspektiv frå både fysioterapi og programutvikling inne i utviklinga av ideen, har allereie synt seg å vere verdifullt. 

- Me har jobba mykje med å undersøke kva val me bør ta for å takle barnesjukdomar me har støtt på. No veit me for eksempel meir om kva me kan gjere for at enkelte brukarar ikkje skal bli uvel når dei brukar VR, kva me kan gjere for å lure hjernen til å tru at dei er i ein normal situasjon, slik at kroppen ikkje blir forvirra av bevegelsane. Det handlar både om val av design og val av bevegelsar, seier Larsen.

- Per no kan brukarane sjå sine eigne hender i programmet. Me håpar å kunne utvide dette, slik at programmet etter kvart kan fange opp bevegelsar frå heile kroppen, slik at pasienten kan sjå seg sjølv som ein avatar, seier han.

- Frå min ståstad handlar det mykje om kva pasientane vil tilbake til?, seier Sigerseth. Kva likar dei å drive med? Me må basere oss på dette, for å gjere rehabiliteringa relevant. Dei må få tilbakemeldingar på om dei gjer øvingane rett, og rettleiing.

- Har de tips til andre studentar som går rundt med ein idé dei ønsker å vidareutvikle?

- Snakk med folk. Du treng nokon som trur på deg, men som kan gi deg konstruktiv tilbakemelding. Det kan vere fornuftig å sjå utanfor eige fagmiljø. Prøv å sjå på korleis dei driv innan næringslivet og trekk parallellar. Sjå på kva som er det faktiske behovet eller problemet, heller enn å vere så opphengt i din eigen briljante ide. Kanskje er det verken marknad eller behov for det. Viss du fokuserer på problemet, er det ofte større enn eigne interesser eller eigen agenda. Då vil du veldig fort finne ut kvar det er behov for å legge inn ein innsats, seier Sigerseth.