Hjem

Aktuelt

Nyheter

– Kva ville Kenneth ha gjort?

Hjerneforskar Kenneth Hugdahl fyller 70 år i år, og blir heidra med spesialutgåve i Scandinavian Journal of Psychology. - Han er ein stor forskar, mentor og menneske, seier kollega.

Kenneth Hugdahl

Kenneth Hugdahl
I spesialutgåva av Scandinavian Journal of Psychology kan ein lese Kenneth Hugdahls akademiske sjølvbiografi, saman med ei rekke artiklar frå norske og internasjonale hjerneforskarar.
Foto:
Eivind Senneset

Kenneth Hugdahl er ein av verdas fremste hjerneforskarar. Som ein av to norske forskarar har han mottatt eit Advanced Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) ikkje berre ein, men to gonger. Ei utruleg bragd.

Hugdahl har bygd opp og leia eit omfattande forskingsmiljø i fMRI-gruppa. Han står bak over 500 tidsskriftartiklar, høgt siterte i internasjonale tidsskrift, og ei rekke bøker. Han har fått Meltzersfondets ærespris og forskingsrådets pris for framifrå forsking.

I år fyller Hugdahl 70 år, og er no også tileigna ei spesialutgåve av Scandinavian Journal of Psychology: Special issue on Brain, mind and behavior: A tribute to Kenneth Hugdahl

– Ei umetteleg nysgjerrigheit

I ei oppramsing av Hugdahls meritter, må ein trekke pusten med jamne mellomrom, for lista er mildt sagt omfattande. Men fortelje heile historia om Hugdahl, gjer ei slik liste ikkje, fortel forskarkollega ved UiB, Marco Andre Hirnstein.

– Ting kunne ha gått betre for meg våren 2011. Eg jobba som postdoktor i Storbritannia, men kontrakten min var i ferd med å gå ut og det var vanskeleg å finne ei ny stilling i akademia. Så ringte Kenneth. Han tilbydde meg ei stilling i Bergen fMRI-gruppa, og det fyrste argumentet for å komme til Bergen, var at løna var betre enn i Storbritannia. Så eg kom til Bergen. Ikkje på grunn av pengane, sjølv om eg lærte at han hadde rett i det, men fordi eg hadde moglegheita til å jobbe med ein av dei fremste kognitive hjerneforskarane ved eit av dei fremste laboratoria innan feltet.

– I moderne akademia kan det verke som om alt må vere målbart og utrykt med eit tal: "impact-factor", h-indeks, siteringsindeks, summar i stipendløyvingar. For Kenneth, er alle desse tala fantastiske, men nokre gonger fortel ikkje tala heile historia. Dei kan ikkje utrykke korleis han, sjølv på eit tidspunkt i karrieren der han kunne ha lent seg tilbake og nytt alle skulderklappa han velfortent har motteke, framleis har drivkrafta til å lære nye ting, er full av idear og har halde på ei umetteleg nysgjerrigheit og lidenskap for å finne ut av ting, seier Hirnstein.

– Inspirerer deg til å gjere ditt beste

Trua på verdien av ideen og tankeverksemda i forsking, skildrar Hugdahl sjølv i eit portrettintervju i Hubro i 2014. Der fortel han også om drivkrafta til å stadig søke vidare.

– Tala uttrykker ikkje for ein fantastisk mentor og lærar han er, som inspirerer deg til å gjere ditt beste, som støttar når du treng hjelp, som gir deg fridom til å forfølgje eigne idear, men også til å nyte livet utanfor vitskapen. Han er ein stor forskar og mentor, men eit endå større menneske som har føtene fast på bakken, med ein fantastisk humor full av sjølvironi, og han bryr seg verkeleg om folka rundt seg.

Nokre tal betyr likevel noko, for eksempel "70", som vanlegvis betyr at folk forlet universitetet, seier Hirnstein.

– Dette ville ha vore svært dårlege nyheiter for meg, fordi eg nyleg oppdaga at når eg blir konfrontert med vanskelege avgjersler i akademia, har mitt fyrste instinkt blitt "kva ville Kenneth ha gjort?". No kan eg halde fram med å spørje han direkte, nokre år til. Takk for alt du har gjort for meg, Kenneth!

Heidra med spesialutgåve

I spesialutgåva av Scandinavian Journal of Psychology, kan ein lese Hugdahl sin akademiske sjølvbiografi, saman med nyskrivne artiklar frå forskarar over heile verda, som Hugdahl har samarbeida med.

– Det er veldig fint at han deler det han gjer i biografien sin. Her skildrar han ting eg ikkje har kjent til, sjølv om eg har kjent han i 25 år, seier Åsa Hammar, tidlegare Hugdahl-student, psykologiprofessor og leiar for institutt for klinisk psykologi ved UiB.

Hammar blei kjent med Hugdahl då ho kom til Bergen som student, og hadde han som hovudrettleiiar som stipendiat. 

– Eg kunne aldri ha funne på å komme uførebudd til rettleiing hos Kenneth. Det var aldri slik at me hadde kaffeslabberas, det handla alltid om noko viktig. I begynnelsen retta han manusa mine med raud penn. Eg har nokre av desse framleis, dei er nesten uleselege med overstrykingar og kommentarar som "kva er dette for noko????"! Men etter kvart som eg hadde komme meir i gong, bytta han til blå penn, ler Hammar. 

– Han sa ein ting som har vore veldig viktig for meg vidare i mi karriere, og som eg no formidlar vidare til mine studentar og stipendiatar: Keep it simple. Rot ikkje til problemstillinga og metoden din, og fortel ei historie, spesielt når du presenterer resultat. Han er kjempedyktig på å formidle veldig komplekse ting, ved å bygge opp ei historie slik at alle følgjer med. Forelesingane hans er gullstandaren for korleis du skal presentere avansert forsking.

– Har lært meg veldig mykje

Hugdahl var sjefsredaktør for Scandinavian Journal of Psychology i 12 år, mellom 1992 og 2004. I leiarartikkelen i årets spesialutgåve skriv sjefredaktør Jerker Rönnberg om korleis dei årlege møta alltid var ei glede å delta på, fordi Hugdahl stimulerte til ekte diskusjon, og at ein alltid reiste derifrå med nye idear.

– Når ein er i eit rom, lunsj eller møte med Kenneth, så oppstår det ein veldig dynamisk energi i rommet, ei drivkraft og ein forskingsorientering som er utruleg stimulerande. Det har med hans måte å sjå på ting, kor rask han er til å analysere og sjå moglegheiter. Viss han kan teste ei problemstilling empirisk, går han straks i gong med det, seier Hammar.

– Han er framleis ein mentor for meg, ein viktig person som kan gje meg sparring og gode råd og tilbakemelding på mange ulike aspekt. Han har lært meg veldig mykje.

Fredag 16.mars 2018 inviterer Institutt for biologisk og medisinsk psykologi til symposium på Grand Hotel Terminus til ære for Kenneth Hugdahl, som fyller 70 år. Program og påmelding innan 6. februar her.