Hjem

Aktuelt

#SDGbergen

Bærekraftskonferansen blir eit årleg arrangement

Rektor Dag Rune Olsen lova å gjere UiB klimanøytralt innan 2030.

Neste

image008.jpg

Rektor Dag Rune Olsen på Bærekraftskonferansen i Bergen SDGbergen
1/18

image009.jpg

Professor John Hearn er leiar i Worldwide Universities Network.
2/18

sdg_1600_01.jpg

Minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø i samtale med UiB-rektor Dag Rune Olsen
3/18

sdg_1600_07.jpg

Katherine Richardson ved Universitetet i København haldt eit engasjert innlegg.
4/18

sdg_1600_11.jpg

Professor i matematikk, Inga Berre, var ein av UiB sine moderatorar.
5/18

sdg_1600_19.jpg

Mukhisa Kituyi, generalsekretær i UNCTAD – FN-konferansen for handel og utvikling – tok sin doktorgrad ved Universitetet i Bergen i 1989.
6/18

sdg_1600_20.jpg

Dr. David C. Smith, koordinator ved Institute for Sustainable Development, University of the West Indies, i paneldebatt med andre engasjerte deltakarar.
7/18

sdg_1600_23.jpg

Studentleiar Jonas Thorsen frå NMBU var blant studentgjestane i salen.
8/18

sdg_1600_24.jpg

Katja Hujo ved United Nations Research Institute For Social Development var blant foredragshaldarane på Bærekraftskonferansen i Bergen.
9/18

sdg_1600_28.jpg

Statsminister Erna Solberg møtte masterstudentane Anja Myrtveit og Johanne Vaagland, samt UiB-rektor Dag Rune Olsen etter opningstalen på Bærekraftskonferansen i Bergen
10/18

sdg_1600_30.jpg

Statminister Erna Solberg framheva viktigheita av universitet og akademia i arbeidet med FN sine bærekraftsmål.
11/18

sdg_1600_32.jpg

Samuel Malinga, kåra til ein av Forbes' 30 Most Promising Young Entrepreneurs in Africa for sitt sanitærarbeid med vatn i Uganda.
12/18

sdg_1600_34.jpg

Internasjonal representant i Studentparlamentet, Stian Skarheim Magelssen fekk rektor Dag Rune Olsen til å love å skjerpe UiB sin eigen klimanøytralitetslovnad.
13/18

sdg_1600_37.jpg

Utviklingsminister Nikolai Astrup var den tredje av statsrådane som haldt innlegg på Bærekraftskonferansen.
14/18

sdg_1600_39.jpg

Peter Thomson, FN sitt Special Envoy for the Ocean, deltok med ei videohelsing.
15/18

sdg_1600_42.jpg

Det avsluttande panelet med UiB-rektor Dag Rune Olsen, Åse Gornitzka, John-Arne Røttingen, Jon Lomøy, Borghild Tønnessen-Krokan, Kai Grieg, Johanne Vaagland og moderator Edvard Hviding.
16/18

sdg_1600_44.jpg

Viserektor for globale relasjonar, Annelin Eriksen, avslutta Bærekraftskonferansen i Bergen 2018.
17/18

sdg_1600_43.jpg

Bærekraftskonferansen i Bergen blir ei årleg foreteelse, UiB ynskjer velkomen i 2019 også.
18/18
Tilbake

8. og 9. februar var Universitetsaulaen åstad for Bærekraftskonferansen i Bergen. UiB har teke initiativet til å samla universitets- og høgskulesektoren i Noreg, i tillegg til politikarar, embetsmenn, frivillige organisasjonar og næringsliv for å diskutere si rolle i implementeringa av FN sine berekraftsmål – Sustainable Development Goals.

– Konferansen er eit arrangement som vi no lover å gjere til ei årleg hending. Ein arena for diskusjonar om bærekraftsmåla, og for å fremje krysninga der politikk møter vitskap, seier rektor Dag Rune Olsen.

I sin avslutningstale la viserektor for globale relasjonar Annelin Eriksen fram grunngjevinga til UiB. Ambisjonen er å halde diskusjonen igang, og for å få institusjonar for høgare utdanning og forsking til å i endå større grad sjå på dei ulike måtane dei kan påverke dette på. Dette er eit fokus universitetet vil halde gåande.

Blant gjestane var også tre statsrådar, statsminister Erna Solberg, minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø og utviklingsminister Nikolai Astrup.

– Vi når ikkje bærekraftsmåla utan betydelege bidrag frå høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar. Her i Bergen følgjer handling ord, sa Iselin Nybø i sin opningstale.

– Vi kan ikkje koma vidare utan å sjå på korleis vi kan gjera ting på ein ny måte. Til dette treng me universiteta og akademia, sa Erna Solberg på konferansens andre dag.