Hjem

Aktuelt

Nyheter

- Snap Map kan vere ei artig greie, men kan også misbrukast

Robotar som etterliknar empati, digital overvaking og hevnporno er tema under ViSmedia-konferansen, som samlar internasjonale toppforskarar i Bergen. Ein av dei involverte UiB-studentane tek publikum med inn i Snap Map.

Snapchat ikon

Bilde av mobilskjerm med snapchat-ikon
ViSmedia 2018: Snap Map, hevnporno, robotar som lagar medieinnhald og VR-journalistikk er tema på årets konferanse 20.mars.
Foto:
Larsen, Håkon Mosvold

- Ulempa med Snap Map er at ein gir frå seg si eksakte plassering, viss ein gløymer å ha på spøkelsesmodus. Dette vil sjølvsagt berre bli synleg for dei du har på vennelista di, men så er det jo dei som godkjenner alle venneførespurnadar dei får. Mange av desse er nok yngre menneske som ikkje tenker gjennom eventuelle konsekvensar. Det kan vere ei artig greie mellom venner, men det kan også vere eit verktøy som kan misbrukast av "feil" folk, seier journalistikkstudent ved UiB Maren Myrseth.

Ho er ein av mange mediestudentar som bidreg inn mot Vismedia-konferansen 2018 med tema "Watching in the Media".

Tysdag 20.mars står Myrseth på scena i Universitetsaulaen saman med ei rekke internasjonalt anerkjente medieforskarar, der ho vil ta deltakarane med inn i det elektroniske kartet Snap Map, og fortelje om korleis det er å leve med å heile tida sjå og bli sett av andre.

- Eg trur mange er medvitne om dette, men eg trur også me med sosiale medium har fått ei slags bekymringslaus haldning til det å vere ein del av denne offentlegheita. Eg trur ikkje me tenker, i like stor grad som me kanskje burde, på kor lett det faktisk er å tileigne seg detaljert informasjon om oss sjølve og andre. Noko som seier seg sjølv, kan vere farleg. Eg trur at sidan det å ha så mykje informasjon om seg sjølv ute på nettet er blitt så normalisert, så er det lett å tenke "alle gjer det, så då kan det ikkje vere så ille", seier Myrseth. 

Vil la folk oppleve effektane av teknologien

Til konferansen, som er eit samarbeid mellom ViSmedia og NCE Media, kjem medieforskarar og journalistar for å snakke om ulike problemstillingar knytta til ny visuell teknologi: Kva konsekvensar har det når robotar set saman medieinnhald? Kva skjer når robotar blir programmerte til å etterlikne empati, i kommunikasjon med menneske? Og kva er dei skjulte implikasjonane av Snap-mapping og digital overvaking?

- Me løftar opp til dels svært kontroversielle tema og viktige samfunnsspørsmål, der me ikkje berre skal fortelje om, men la folk oppleve effektane av denne teknologien. Dette er ein viktig del av ViSmedia-prosjektet. Me må undersøke kva som skjer i møte med teknologien, for å synleggjere korleis me som samfunn har ulike val, seier Astrid Gynnild, professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap.

Gynnild leiar ViSmedia-prosjektet, som utforskar moglegheiter og dilemma ved visuell teknologi i nyheitsmedium, og som kvart år sidan 2016 har arrangert konferansen i Bergen. Gynnild er opptatt av at mediestudentane ved UiB skal vere involverte.

- Det er viktig at studentar er med i planlegginga og presentasjonar, og som deltakarar, på slike konferansar. Me ser dette som ein del av undervisninga, å vere med her er ein veldig god læringssituasjon.

- Det er inspirerande med studentar som er så dyktige på å bruke sosiale medium og nye teknologiar. Fleire av ideane til konferansen har studentane vore med på å utvikle. Det handlar om ansvarleggjering og å gjere deira kompetanse synleg for eit større publikum. Slik kan ein erfare at utdanninga ein held på med er viktig, og at den har betyding for samfunnet, seier Gynnild.

VR og 360 i journalistikk

Stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Joakim Vindenes, deltok på fjorårets konferanse som masterstudent og skal i år halde innlegget VR-Experiments in Journalism Education. 

Her skal han snakke om eit kurs han underviser i for studentar i Nye Medier ved UiB, som handlar om programmering for virtual reality (VR) og filming av 360-videoar. Studentane lagar historier ved bruk av VR og 360, og Vindenes vil mellom anna syne fram nokre av ideane som er under arbeid.

- Ei gruppe jobbar med eit prosjekt om korleis det er å vere narkoman. Fyrstepersonsperspektivet ein får gjennom VR-briller er interessant, då ein kan bruke det til å setje publikum inn i ein svært vanskeleg situasjon, for eksempel gjennom å oppleve korleis ein blir uglesett når ein går gjennom byen. Ei anna gruppe vil utforske korleis ein som lever med schizofreni opplever røynda, der ein kan simulere dette ved hjelp av VR-teknologi, fortel Vindenes.

- VR-journalistikk kan tilby ein meir nøyaktig og verkelegheitsnær presentasjon av verda i journalistikken. Samtidig meiner kritikarar at ein må vere forsiktig med kva innhald ein presenterer i dette mediet, då det kan vere eit svært sterkt verkemiddel når brukaren føler seg til stades i miljøet som blir synt fram.

- Får verdifull erfaring

Ei anna av mediestudentane som har bidrege inn mot konferansen er Sara Pedersen Stene, masterstudent i medie- og interaksjonsdesign ved UiB.

- Eg har vore publikum på dei tidlegare konferansane, så det er veldig artig og lærerikt å no vere med bak kulissane og sjå kva som skal til for å lage ein så bra konferanse, seier Stene.

Ho har laga nettsidene til konferansen, gjort mykje grafisk arbeid til mellom anna videoar og plakatar, i tillegg til kommunikasjons- og organiseringsarbeid.

- Me får vere med på alt. Det er utruleg bra at me blir inkluderte som studentar, og at dei syner at dei set pris på kompetansen vår. Det er eit stort ansvar og ganske tidkrevjande, for ein vil verkeleg gjere sitt beste og så blir eg så engasjert. Me får utfalda kreativiteten vår og får mykje verdifull erfaring, seier Stene.

Det er framleis mogleg å få plass på konferansen som er gratis og open for alle som er interesserte i medieteknologi, overvakning, journalistikk og nyheiter. Meir informasjon om programmet og påmelding her