Utdanning
22.02.2012

Fiska etter karriere

Det er ikkje alltid like lett å velja etter endt utdanning. Dei framtidige biologane inviterte det som kan verta deira framtidige arbeidsgjevarar på besøk.

Karrieredag Biologi

- Dette er eit viktig tiltak. Dei treng folk og me treng jobb, seier Vidar...
- Dette er eit viktig tiltak. Dei treng folk og me treng jobb, seier Vidar Vold Kristiansen (til høgre). Frå venstre står Erik Grung og Johan A. Sandberg
Foto: 
Jens Helleland Ådnanes

- Eg er lei av å ikkje heilt finna ut kva eg skal gjera når eg var ferdig.

Det er svaret Shona Hugøy gir på kvifor studentane ved Institutt for biologi tok initiativet til å arrangera karrieredag i midten av februar. 

Rundt 20 bedrifter, organisasjonar og instituttar med mogeleg jobbar eller råd om framtida for biologar er på plass i kantina i Høyteknologisenteret, som også er full av biologistudentar med mange spørsmål.

 

Det er Linjeforeningen for fiskehelse og havbruksbiologi (LFFH), Biologisk fagutvalg (BFU), Naturviterne og STIM (fagutval for masterstudentane) som har skipa til karrieredagen. Det er første gong dagen innretta mot biologar vert arrangert.

- Mange spør om det er mogeleg å få sommarjobb hjå oss, og ikkje minst om det er jobbutsikter når dei har fått ei grad. Og det er det, me har mange jobbar for biologar, seier Line Sundt-Hansen frå Norsk Institutt for Naturforsking til uib.no. Ho er ein av dei mange som gjerne vil lokka til seg biologane.

 

Ser etter engasjement

Ho fortel at dei ikkje kan lova nokon jobb no, men at dei ser etter studentar med engasjement.

- Dei må visa at dei verkeleg ynskjer å jobba for oss, og at dei ikkje er redde for å ta i eit tak. Erfaring er ein fordel når ein søkjer jobb hjå oss, men det hender også at me tek inn folk rett frå skulebenken. 

Sosiale og dyktige

Det er ikkje berre biologane som får råd om karriere denne dagen. På Institutt for informatikk er Tom Georg Olsen og Pär Wiger frå IT-selskapet Miles IT fortel studentane at dei ikkje berre leitar etter tilsette som utelukkande er teknisk dyktige.

- På jobbintervju hjå oss vil vi ikkje berre vita kva folk kan, men korleis dei er å jobba med, sa dagleg leiar Tom Georg Olsen, som peikte på eit produktivt arbeidsmiljø med fokus på å vera stolt av yrket sitt, blanda med omtanke og audmjukheit for kvarandre.

Sommarjobb med verdi

Vidar Vold Kristiansen studerer fiskehelse og ynskjer seg ei karriere som fiskehelsebiolog. I første omgang håpar han at han kan få ein relevant sommarjobb.

- Eg vil ha relevant erfaring. Mange studentar veit ikkje korleis dei skal få seg ein sommarjobb som betyr noko for framtida deira, og tar til takke med å sitja i kassa på Rimi, seir han til uib.no.

Shona Hugøy satsar ikkje på Rimi denne sommaren.

- Det er på tide å få ein relevant sommarjobb og finna ut kva felt eg vil jobba med, seier ho

Vidar Vold Kristiansen har fått fleire positive beskjedar om mogelege sommarjobbar.

- No skal eg rett heim og skriva jobbsøknadar.